UiO-forskar Erlend Nagelhus får milliongåve frå Thon

Medisinprofessor Erlend Nagelhus frå UiO får saman med professorkollega Maiken Nedergaard frå Københavns Universitet 10 millionar kroner til Alzheimer-forsking frå Olav Thon Stiftelsen.

DELER TI MILLIONAR KRONER: - Dette er ei fin anerkjenning av arbeidet som er gjort av både Maiken Nedergaard og meg sidan me begynte samarbeidet på laboratoriet hennar i Rochester i New York i 2007, fortel Erlend Nagelhus til Uniforum. Dei får til saman 10 millionar kroner til Alzheimerforsking frå Olav Thon Stiftelsen.

Foto: Ola Sæther

Dei to forskarane får tildelt summen på 10 millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målet er å finna ut kven av oss som vil ha størst risiko til å utvikla Alzheimers sjukdom. Kjenneteiknet ved sjukdomen er ei opphoping av proteinhaldige avfallsprodukt som fører til ein betennelse som gjennom mange år fører til tap av hjerneceller.

Kan gi ny behandling av Alzheimer

Maiken Nedergaard og Erlend A. Nagelhus har vist at hjernen kan kvitta seg med avfallsprodukt gjennom eit transportsystem som er drive av vasskanalen AQP4. Dei kallar dette reinsesystemet for «det glymfatiske system».  Planen deira er no å laga dyremodellar for å utforska ein ny metode for å finna ut korleis det glymfatiske systemet verkar. Meininga er at det skal bli eit første steg mot ein biletdiagnostisk test for pasientar. Håpet er at testen kan utvikla behandlingsmetodar som gjer at sjukdomsutviklinga kan bremsa opp.

– Grunnforsking bak gjennombrotet

Då Uniforum i går ettermiddag kunne fortelja Erlend Nagelhus om millionløyvinga frå Olav Thon Stiftelsen, blei han både overraska og svært glad.

– Det er eit flott nyhende og ei fin anerkjenning av arbeidet som er gjort av både Maiken Nedergaard og meg sidan me begynte samarbeidet på laboratoriet hennar i Rochester i New York i 2007, fortel Erlend Nagelhus til Uniforum. Han viser til at gjennombrotet i forskinga deira kom i 2012. 

– Det var då me oppdaga at hjernen kan fjerna avfallsprodukt gjennom transportvegen som er driven av vasskanalen AQP4. Dette viser at grunnforsking kan endra forståinga vår av ting som har relevans til sjukdom, forklarar han. 

Pengane frå Olav Thon Stiftelse vil gi både han og Needergård og forskargruppene deira i Oslo og København større armslag. – No kan me rekruttera nye forskarar og me kan sjå på nye ting som me ikkje ville ha råd til å sjå nærare på utan desse pengane. Difor er me svært takksame for denne pengegåva, som fører til ei endå større satsing på forskinga vår på vasskanalane i hjernen, seier Erlend Nagelhus.

Meir pengar til Alzheimer-forsking

Også medisinprofessor Tone Tønjum ved UiO får ei støtte på 10 millionar kroner over ein fireårsperiode. Saman med professorane Lene Juel Rasmussen og Vilhelm Bohr frå Københavns Universitet og Joakim Lundberg frå Kungliga Tekniska Høgskolan/Karolinska Institutet, skal dei finna ut om endringar i energitilførsla fører til Alzheimers sjukdom. Forskingsprosjektet vil utføra analysar på celler frå pattedyr og rundormar (nematodar), på intakte organismar (mus) og på prøvar av hjernevev frå pasientar som har døydd med Alzheimers sjukdom. 

Fransk hjerneforskar får den gjevaste prisen

Den store internasjonale forskingsprisen tildeler Olav Thon Stiftelsen til franskmannen Jean-Pierre Changeux frå Pasteur-instituttet i Paris. Han får fem millionar kroner for den banebrytande forskinga si innanfor molekylærbiologi og hjerneforsking. Med utgangspunkt i Changeux’ forsking blir det i dag utført klinisk testing av nikotinbaserte medikament mot Alzheimers sjukdom, Parkinsons sjukdom, depresjon, schizofreni, ADHD, smerter og tobakksavhengigheit.

Medisinprofessor Ole A. Andreassen ved  UiO får 1,5 millionar kroner i støtte over tre år til eit undervisningsrelatert forskingsprosjekt om psykiske lidingar og hjarte-kar- sjukdom.  

Både informatikkprofessor Hans Petter Langtangen og medisinprofessor Per Grøttum frå UiO får fagprisen på 500 000 kroner kvar for framifrå undervisning.

Til saman deler Olav Thon Stiftelsen i år ut 44 millionar kroner til internasjonal, nordisk og norsk forsking.

Klokka 10 i formiddag vil Olav Thon saman med UiO-rektor Ole Petter Ottersen kunngjera namna på alle prisvinnarane.

Emneord: Priser, Forskning, Medisin, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2016 02:00 - Sist endra 18. jan. 2016 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere