UiO vil ha hovudsjukehus på Gaustad med lokalsjukehus på Aker

Oslo universitetssykehus bør ha ei delvis samling på Gaustad, kombinert med lokalsjukehus på Aker. – Det meiner eg er det  beste alternativet både for Universitetet i Oslo og for OUS, seier rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.

REVIDERT MODELL: Dette er ein av dei reviderte modellane av det nye storsjukehuset som Oslo universitetssykehus ynskjer å byggja på Gaustad. 

Foto: Modell frå Oslo universitetssykehus

Det var sommaren 2014 direktør Bjørn Erikstein ved Oslo universitetssykehus (OUS) la fram planane om eit gigantsjukehus på Gaustad. Planane fekk arbeidstittelen «Idéfase

Dette er dei tre alternativa som Oslo universitetssykehus presenterte i februar 2015:

  1. 0-alternativet, altså å oppretthalda dagens lokalisering. Alternativet er greidd ut tilstrekkeleg på idéfasenivå, men skal vera med vidare til konseptfase.
  2. Delt løysing Gaustad sør, der Ringveien blir lagt under lokk, kombinert med vidare drift på Ullevål.
  3. Delvis samling på Gaustad sør, der Ringveien blir lagt under lokk, kombinert med etablering av lokalsjukehusfunksjonar utanfor hovudsjukehuset.

(Kjelde: Oslo universitetssykehus)

OUS- Campus Oslo.» Sjukehuset ville ha slukt store delar av områda som Universitetet i Oslo hadde tenkt som tomter for framtidige universitetsbygningar.  

Etter mykje motbør frå både politikarar, tilsette i helsevesenet og helsebyråkratiet blei utbyggingsplanane litt mindre gigantiske.

Det blei presentert tre mindre omfattande alternativ, der det eine alternativet er å oppretthalda dagens lokalisering. Den andre løysinga inneber delt løysing Gaustad sør, der Ringveien blir lagt under lokk. Det blir kombinert med vidare drift på Ullevål. Det tredje og siste alternativet er delvis samling på Gaustad sør, der Ringveien blir lagt under lokk, men der det blir kombinert med lokalsjukehusfunksjonar utanfor hovudsjukehuset.

Styret tar stilling etter nyttår

Den 17. desember skal styret for Oslo universitetssykehus få presentert dei ulike alternativa for korleis det framtidige sjukehuset bør sjå ut. Ut på nyåret vil styret ta endeleg stilling til kva alternativ dei skal gå inn for. Regjeringa og Stortinget vil få det siste ordet i denne saka.

– Det er viktig at både medisinarutdanninga og forskarutdanninga får god plass. Dessutan må det vera eit godt grensesnitt mellom vår infrastruktur og infrastrukturen til det framtidige sjukehuset, understrekar Ole Petter Ottersen, som også sit i styret for Oslo universitetssykehus.

Best mogleg nærlokalisering av fag innanfor livsvitskap

Han er heilt klar på kva som då vil vera den beste løysinga for Universitetet i Oslo.

– Alternativ 3 med delvis samling på Gaustad og med lokalsjukehus på Aker, er det som best opnar for nærlokalisering av dei sterkaste delane av aktivitetane innanfor livsvitskap ved dei to institusjonane. Det vil innebera eit nært samarbeid mellom basalfag, basale livsvitskapsfag og støttefunksjonar som bioinformatikk og systembiologi i Livsvitskapsbygningen, medisinske basalfag ved dei Prekliniske institutta og dei parakliniske og kliniske faga på Rikshospitalet, seier Ottersen.

Universitetsbygningar må rivast

Ei utbygging på Gaustad vil føra til at delar av dei prekliniske bygningane  må rivast. UiO krev i sitt høyringsinnspel at eit permanent erstatningsbygg må vera på plass før det skjer.

– Me trur at den beste løysinga er at det blir lokalisert på tomta der dagens parkeringshus ligg, understrekar Ottersen.

Då vil det vera mogleg å plassera heile PKI på den tomta, eller så kan ein lata den siste påbygginga av den prekliniske bygningen, med dyreavdelinga, bli ståande og lata den bli kopla til den nye bygningen via ein kulvert, går det fram av høyringsteksten frå UiO.

Det siste forslaget universitetet kjem med, er at det blir greidd ut om det vil vera mogleg å byggja ut eit underjordisk parkeringsanlegg med innkjøring om lag der dagens rundkjøring nedanfor parkeringshuset ligg.

– Det er viktig at planane til Oslo universitetssykehus og planane til Universitetet i Oslo blir tilpassa kvarandre på ein god måte, slik at begge institusjonane sine visjonar for forsking og utdanning kan bli oppfylte, seier Ole Petter Ottersen. Han ser føre seg at ei god felles utvikling av desse utbyggingsplanane kan gi store fordelar.

– I styret for Oslo universitetssykehus tar eg vare på OUS sine interesser, men eg meiner desse er godt samanfallande med UiO sine interesser. Me må også ta godt vare på Montebello, med alle dei sterke fagmiljøa der, i dei vidare planane, seier UiO-rektoren.

Ein svær bioregion

– Då vil heile dette området av Oslo ikkje berre bli ein stor livsvitskapsregion, men også ein svær bioregion, slår han fast. – Byggjeplanane til UiO og  OUS må integrerast slik at forsking og utdanning får best moglege forhold i tida framover, meiner Ole Petter Ottersen.

I høyringsinnspelet peikar Universitetet i Oslo på korleis utbygginga av storsjukehuset St. Olavs hospital i Trondheim er eit godt døme på ein vellukka modell for samhandling både i planleggings- og gjennomføringsfasen mellom sjukehuset i Trondheim og NTNU.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Helse, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2015 14:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere