Lanserer nettavis for teknologi og realfag ved UiO

Nettavisa Titan.uio.no skal spreia ny kunnskap om realfag og teknologi ved UiO. Det er ambisjonen til redaktør Gunhild M. Haugnes og Mat.nat.-dekan Morten Dæhlen.

NY NETTAVIS: Dekan Morten Dæhlen og redaktør Gunhild M. Haugnes står bak nettavisa titan.uio.no ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Torsdag 10. desember blir den nye nettavisa offisielt lansert på Universitetet i Oslo. Både dekan Morten Dæhlen og redaktør Gunhild M. Haugnes håpar sakene i nettavisa kan fylla ein del kunnskapshol i media.

– Mediebransjen er i endring. Journalistar får mindre tid til å setja seg godt nok inn i forskingssaker. Hos oss kan dei henta saker som me har publisert og kvalitetssikra. Målet vårt er ikkje å konkurrera med andre media, men gi dei gode tilbod, seier Haugnes.

– God dialog med Apollon

– Men vil de ikkje konkurrera med UiOs eige forskingsmagasin Apollon?

– Me har god dialog med Apollon-redaksjonen, og me vil utveksla saker med kvarandre. Nettutgåva av Apollon kan få publisera saker frå Titan.uio.no og vice versa, seier dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Nettavisa vil ikkje bli redigert etter Redaktørplakaten, difor vil Morten Dæhlen også vera ansvarleg redaktør for innhaldet.

– I praksis vil det vera redaktør Gunhild M. Haugnes som gjer alt arbeidet. Eg lovar ikkje å blanda meg inn i det redaksjonelle.

– Vil det bli mogleg å lesa om kontroversielle forskingssaker eller universitetspolitiske saker i titan.uio.no?

– Nei! Målet er å publisera saker om kjerneområda våre forsking, formidling, utdanning og innovasjon. Hovudsida til fakultetet har hatt masse viktig informasjon til både studentar og tilsette, men no får me sortert ut alle forskingsnyhenda og anna nytt om utdanning og innovasjon i denne nettavisa, svarar Dæhlen.

Nettavisa satsar også på seks faste bloggarar, mellom dei dekan Morten Dæhlen og prodekan Svein Stølen.

– Om dei klarer å skriva tre innlegg i veka, slik eg gjer, vil det bli om lag 20 faste bidrag i veka til nettavisa. Målet er at mellom 20 og 30 bloggarar etter kvart skal bidra. Det kan godt henda at nokre av oss vil ha meiningar om viktige forskingspolitiske og utdanningspolitiske spørsmål også.

Nettnestoren Gisle Hannemyr er med på laget

Det blir også to journalistar på engasjement som vil skriva for nettavisa. Både Bjarne Røsjø og Espen Haakstad er ein del av redaksjonen.

Nettløysinga Drupal som titan.uio. brukar, er open tilgjengeleg. Internettnestoren Gisle Hannemyr ved Institutt for informatikk utviklar og driftar nettavisa i samarbeid med Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT).

– No satsar me på å publisera ein artikkel for dagen. Det er meir enn nok stofftilgang for oss. Alt som blir publisert skal vera både korrekt og forståeleg, understrekar Haugnes.

– Håpar å vera ein ressurs

 Morten Dæhlen peikar på at det viktigaste for eit universitet er å utvikla ny kunnskap og spreia den vidare.

– Gjennom titan.uio.no vil me gjera vårt for å bidra til eit klokare samfunn. Folk med kunnskap tar betre avgjerder, seier Dæhlen.

Gunhild Haugnes håpar titan.uio.no kan brukast av mange.

– Me håpar både å vera ein ressurs for media, styresmakter og andre som er interesserte i ny kunnskap, seier ho.

Her finn du titan.uio.no

 

 

Emneord: Realfag, Forskningsformidling, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 10. des. 2015 05:00 - Sist endra 10. des. 2015 08:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere