Kvinner vil - men slepp dei til?

Kvinnelege professorar rapporterer at dei er sosialt isolerte og fagleg marginaliserte.

KVINNER I AKADEMIA: Gry Brandser  (t.v.)og Sevil Sümer står bak undersøkinga. Den ferdige rapporten vert presentert i februar.

Foto: Hilde Kristin Strand/På Høyden

– Det finst eit komplekst samspel av institusjonelle og kulturelle forhold som gjer at kvinner får dårlegare vilkår til vidare avansement enn menn.

Det sa Sevil Sümer då ho saman med Gry Brandser la fram resultat frå undersøkinga «Farefull ferd mot toppen – muligheter og begrensninger for kjønnsbalanse i akademiske toppstillinger» under likestillingskonferansen før helga.

Dei to forskarane frå Uni Research Rokkansenteret har gjennomført intervju med representantar frå leiinga ved Høgskolen i Bergen, Havforskingsinstituttet og UiB, gjort dokumentanalyse og hatt fokusgruppeintervju og intervju med enkeltforskarar frå dei tre institusjonane.

Ung og søt og ufarleg
Nokre av funna overraska forskarane.

– Fast tilsette kvinner peika på manglande støtte, på det dei karakteriserte som direkte eller subtile former for ekskludering, som igjen var til hinder for eigen framgang. Kvinnelege postdoktorar er meir optimistiske enn kvinner i fast stilling. Kanskje ser dei endringar blant menn på eigen alder, lurer forskarane.

Nokre av kvinnene som vart intervjua sa at dei føler seg sosialt isolerte og fagleg marginaliserte. Dei snakka om ei intern rivalisering i fagmiljøa, ei frykt for sjølvstendige kvinner og om «guteklubben grei».  Ei anna sa at ph.d.-stipendiatane hennar ser korleis ho som kvinne vert handsama, og at dei ikkje orkar eit arbeidsliv som skal vera slik.

– Ei av kvinnene sa det direkte: Når ein er ung og søt er ein ikkje sett på som farleg. Men så får ein fast stilling. Då opplever mange at grepet vert stramma, seier Sümer til På Høyden.

– Ein vert eldre, meir etablert, og har lyst til å gjera eigne ting. Ein seier gjerne nei, supplerer Brandser.

Barn og/eller karriere
Per i dag er det fleire kvinner enn menn som tek doktorgrad. Men ein eller annan stad skjer det noko. Postdok-perioden har vore peika på som viktig for val av akademia som vidare arbeidsstad. Sümer og Brandser har ikkje intervjua kvinnene som har valt vekk akademia. Men dei trur problemstillinga med bruken av mellombelse stillingar gjer at mange kvinner vel noko anna, og helst fast. Samstundes viser undersøkinga deira at mange kvinner verkeleg vil ha ein karriere som forskar.

– Kvinnene ønskjer å bringa opparbeidd kunnskap og røynsler vidare. Men dei møter hindringar, sa forskarane under foredraget.

Ho peika på karrieresystemet, nettverk, fagkultur og forskarrolle, familiesituasjon og omsorgsarbeid og leiing som faktorar som påverkar kvinner si karriereutvikling.

For mange vitskapeleg tilsette fell tida der ein stiftar familie og tida der ein skal kvalifisera seg for fast, vitskapeleg stilling saman. Det kan by på nokre utfordringar. Brandser og Sümer peikar på at fleire kandidatar til dei faste stillingane enn før gir kø og meir konkurranse. Talet på like gode kandidatar aukar. Då handlar det om korleis ein kan skilja seg ut.

– Kvinnene snakkar om å vera synlege og om å skilja seg frå mengda. Dei meiner ein må posisjonera seg. Dette kan vera slitsomt, særleg for småbarnsmødre, sa Sümer.

 

Uformelle kontaktar
Tidlegare forsking viser at det framleis er kvinner som tek størst ansvar for omsorgsoppgåver i heimen. Kvinnene i undersøkinga fortel om korleis tid til forsking og publisering vert eit forhandlingsspørsmål, både med partnaren, men òg med kollegaene.

– Systemet vart bygd opp medan det berre var menn i akademia. No er det kvinnene som må tilpassa seg eit mannleg system, sa Brandser, med referanse til informantane.

Ein del av systemet er uformelt. Kvinnene i undersøkinga peika på kor viktig det er å ha utformelle interne kontaktar som støttar forskinga, og om deltaking i kollegiale samver etter arbeidstid og nettverk med «dei rette». Dette kan vera vanskeleg for småbarnsforeldre å vera med på.

– Kvinnene me intervjua peika òg på at menn ofte vert kontakta når dei har foreldrepermisjon og teke med i prosjekt. Kvinner opplever ikkje det same når dei kjem attende etter permisjon, supplerer Brandser.

Prorektor: Mentor viktig
Undersøkinga er ein del av det forskingsrådsstøtta Balanse Bergen-prosjektet. Målet med prosjektet er mellom anna å få fleire kvinner inn i dei høgaste vitskapelege stillingane, som forskingsleiarar. For å få dette til, har ein no eit eige mentorprosjekt. Og nettopp mentorordning er noko av det som vert peika på som tiltak som kan gjera det enklare å vera kvinne i akademia. Andre forslag er handlingsplanar og leiaropplæring, men òg å visa fram faglege nyvinningar kvinner står bak. Frikjøp frå andre oppgåver, kvalifiseringsmidlar og bruk av små driftsmidlar som gjer at kvinner får tid til å skriva og publisera, vert òg peika på som viktig.

– Å ha ein mentor har vore det viktigaste for meg. Eg fekk ein gong nokre likestillingsmidlar eg ikkje hadde søkt om. Det var andre som hadde søkt på vegne av meg, slik at eg kunne kvalifisera meg. For meg vart dette ein egotripp: Nokon hadde sett meg; eg kan verta god. Eg skal verta god.

Det sa prorektor Anne Lise Fimreite etter Sümer og Brandser sin presentasjon.

Men prorektor meiner at ikkje alt som kjem fram i undersøkinga handlar berre om likestilling.

– Veldig mykje av dette handlar om folkeskikk, om korleis me snakkar om kvarandre og til kvarandre. Eg slær eit slag for folkeskikken.

Emneord: Likestilling, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Forskingspolitikk Av Hilde Kristin Strand/På Høyden
Publisert 11. des. 2015 09:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere