Juss har digitalisert alle eksamenar

Alle eksamenar på Det juridiske fakultetet er no digitaliserte. I 2015 tok 10 000 studentar digitale eksamenar i 150 emne.

HEILDIGITALISERTE: Alle jusstudentane får no digital eksamen. Biletet er frå ein av dei digitale eksamenane denne veka.

Foto: Egil Jahren/Det juridiske fakultetet, UiO

– Me sette i gang med den første digitale eksamenen i 2012. Det er flott å sjå at arbeidet no er fullført, seier dekan Hans Petter Graver til Uniforum.

– Mange fordelar

Odd Erik Pedersen har vore prosjektleiar for digital eksamen ved Det juridiske fakultetet. Også han er nøgd med at prosjektet er gjennomført.

– Det gir mange fordelar for kandidatane. Eksamen blir meir lik studie- og arbeidskvardagen. No blir det langt enklare å disponera svaret, slik at studentane som er oppe til eksamen, kan konsentrera seg meir om det faglege innhaldet, seier Odd Erik Pedersen til Uniforum.

Utydeleg handskrift ikkje lenger noko problem

Han trur også kandidatane vil spara mykje tid ved å skriva svara på eksamensoppgåvene på PC. For dei som har ei handskrift meir som ein lege enn som ein prest, er det ein stor fordel med digital eksamen.

– Kandidatane vil stilla heilt likt, for utydeleg handskrift vil ikkje lenger verka inn på karakteren, legg han til. 

Mange av dei same fordelane vil gjelda for sensorane. Det vil bli langt lettare for dei å lesa maskintekst i staden for handskrift. 

– Sensorar vil få tilgang til svara uansett kvar dei er, så lenge dei har tilgang til internett. Dessutan blir det både raskare og lettare for sensorane å få svara, samtidig som heile sensurprosessen vil spara tid, sidan det ikkje lenger blir naudsynt med koordinering av postgang, understrekar Pedersen.

Reduserte papirutgifter

Men også for fakultetet trur han innføringa av digitale eksamenar berre vil vera positivt.

Søknader om tilrettelegging vil bli sterkt reduserte. Utgiftene til utskrifter av papir, vil nesten forsvinna. Det vil heller ikkje kosta noko å senda eksamenssvar med posten til sensorane. Den tekniske løysinga for digital eksamen kan bruka den tekniske plattforma som me har frå før, peikar han på.

Den aller første digitale eksamenen i jus blei gjennomført hausten 2012. Emnet var prosess og strafferett. Dei emna som var sist ute med å digitalisera eksamenane sine, var valfag, kriminologi, rettssosiologi og forvaltingsinformatikk.

– Det vil seia at no blir alle skuleeksamenar ved fakultetet gjennomført digitalt, frå utarbeiding av eksamensoppgåver til gjennomføring av eksamen og sensurarbeidet etterpå, fortel Odd Erik Pedersen.

Samarbeider med USIT

Den tekniske løysinga er utvikla i eit samarbeid mellom prosjektgruppa ved fakultetet og USIT. Den er integrert mot det administrative systemet FS, som handterer emne, kandidatar og sensorar.

– Kandidatane skriv svara sine på eksamensoppgåva i Word på låste maskiner, og får kopi av svara og kvittering på e-post, og i tillegg ei kvittering på SMS. Svara blir tilgjengelege for sensorane i ein eigen portal, forklarar prosjektleiar Odd Erik Pedersen. 

 

Emneord: Juss, Jus, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2015 15:00 - Sist endra 15. des. 2015 10:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere