Gjer Noreg kjent i Japan

– Eg likar aller beste å skriva om norsk politikk. Det seier masterstudent Asaki Abumi, som nyleg har fått pris av Innovasjon Noreg for reportasjane sine om Noreg i Japan.

GØY: Asaki Abumi er den einaste nyhendejournalisten som skriv for japanske aviser frå Noreg. – Det er gøy, seier ho. Til dagleg er ho masterstudent i media og kommunikasjon ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Kjærleiken til ein norsk mann førte Asaki Abumi til Noreg i 2008. Kjærleiken til mannen gjekk over, men kjærleiken til Noreg har halde seg. I dag skriv ho reportasjar frå Noreg for japanske aviser, og for den japanske utgåva av Huffington Post og for Yahoo i Japan.

– Dei siste månadene har eg skrive mest om norsk flyktningpolitikk. Og så har eg skrive om norske studentar og andre unge som demonstrerer. Det viser eit ungdommeleg engasjement som ikkje finst på same måten i Japan. Der ser arbeidsgjevarar negativt på det, om du er på jakt etter ein jobb, fortel ho til Uniforum.

– Japanske og norske studentar kommuniserer ulikt

Asaki Abumi er masterstudent i media og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, og ho snakkar flytande norsk. I masteroppgåva si skriv ho om korleis japanske og norske studentar kommuniserer på ulike måtar.

– Medan norske studentar kommuniserer via Facebook, brukar japanske studentar det sosiale samfunnet Line. Kanskje grunnen er at dei då lettare kan bruka små biletsymbol som blir kalla for kawaii. Facebook Messenger har svært enkle biletsymbol, medan nettsamfunnet Line har animasjonar og japanske manga-kawaii. Dei passar bra for den japanske marknaden.

– Japanarar sender mange meiningslause beskjedar på Line fordi dei må prioritera andre enn seg sjølve, og fordi unge alltid må svara, sjølv om dei er trøytte og slitne. Line viser kor komplisert det er å bu i eit land som er prega av hierarki og konkurranse i motsetning til Noreg, som er eit likestillingsland, meiner ho.

– Medan nordmenn er glade i å ta «selfie» av seg sjølve framfor ein attraksjon, er japanarar meir opptekne av ta bilete av seg sjølv saman med andre personar eller berre av venner, legg ho til.

– Får meir motivasjon

Asaki Abumi er svært nøgd med at ho har fått pris frå Innovasjon Noreg for reportasjane sine om Noreg i aviser i Japan.

– Det var veldig fint å få den prisen. Og den gir meg endå meir motivasjon til å skriva artiklar om Noreg. Medstudentane mine meiner eg allereie jobbar for mykje, men no vil eg i alle fall ikkje jobba mindre enn før, seier ho.

Eit raskt oversyn på Google viser at ho ikkje berre skriv, men også tar veldig mange vakre bilete frå Noreg.

– Eg har jobba for eit turistmagasin i Japan, og eg har vore reiseleiar for ein delegasjon frå Japan Airlines som kom til Noreg for ei tid sidan. Difor håpar og trur eg at reportasjane mine kan få endå fleire japanarar til å koma til Noreg som turistar, seier Asaki Abumi.

I løpet av dei sju åra ho har vore i Noreg, har ho merka seg fleire ting som folk her i landet tar som sjølvsagt, men som er ganske uvanleg å høyra om for landsmennene til Asaki Abumi.

Skriv om loppemarknad

– Loppemarknad på skular for å samla inn pengar til musikkorps finst ikkje i Japan. Difor har eg laga reportasjar om det. Ein annan ting ho har bite seg merke i, er skilnadene mellom norske og japanske politikarar. – I Noreg er politikarar svært unge samanlikna med Japan. Dei distanserer seg heller ikkje frå folket som har valt dei. I Japan er politikarane gamle, og dei har ikkje kontakt med vanlege folk, meiner Asaki Abumi.

I dag er ho den einaste nyhendejournalisten som skriv for japanske aviser frå Noreg.

– Det er veldig gøy, og eg får mange tilbakemeldingar frå japanarar som les sakene mine, seier ho nøgd.

– Brukar mindre pengar

Asaki Abumi klagar heller ikkje over prisnivået i Noreg.

– Nei, faktisk brukar eg langt mindre pengar her enn eg gjorde i Japan. To av grunnane er at eg har slutta å sminka meg heile tida, og eg går også langt mindre på shopping enn det eg gjorde i Japan. Asaki Abumi er viss på at det også blir bruk for reportasjane hennar i tida framover. – Nordmenn er nemleg ikkje så flinke til å marknadsføra seg sjølve.

FEKK PRIS FRÅ INNOVASJON NOREG: – Det var veldig fint å få den prisen. Og den gir meg endå meir motivasjon til å skriva artiklar om Noreg, seier Asaki Abumi, som er den einaste japanske nyhendejournalisten som skriv frå Noreg. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Japan, Media, Priser, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere