Går inn for to vitskapsombod ved UiO

Det blir truleg oppretta to vitskapsombod på UiO. Omboda skal stella med ting som har å gjera med problem som til dømes misbruk av makt og krav om medforfattarskap innanfor forsking.

FORSLAGSSTILLAR: Det var universitetsstyrerepresentant Kristian Gundersen som hausten 2014 foreslo at det bør opprettast vitskapsombod ved UiO. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det går fram av forslaget som universitetsdirektøren ber Universitetsstyret om å vedta på møtet tysdag 8. desember. I framlegget blir det skissert ein modell der det blir utnemnt eit felles vitskapsombod for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Saksdokumenta nemner ikkje om HumSam også vil omfatta jus, teologi og utdanningsvitskap.

Det andre vitskapsombodet skal fordelast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultetet. Tanken er at dagens forskingsombod på Det medisinske fakultetet og Oslo universitetssykehus kan utvidast til ei stilling på mellom 30 og 40 prosent. For vitskapsombodet på HumSam blir hovudsoppgåva å ta seg av klager og problem frå doktorstipendiatar og postdoktorar.

Foreslått for eitt år sidan

Det var hausten 2014 styremedlem og biologiprofessor Kristian Gundersen la fram eit forslag om å oppretta eit vitskapsombod for Universitetsstyret. Formålet med forslaget hans var «å bidra til å verne om akademisk frihet, fremme god vitenskapelig kultur, forebygge vitenskapelig uredelighet og bidra til at saker løses på et lavest mulig nivå.» Den gongen bad Universitetsstyret administrasjonen om å utarbeida ein analyse over område som ikkje er godt nok dekte med dei eksisterande ordningane. Dei blei bedne om konkrete døme på saker frå ulike delar av organisasjonen og døme på utanlandske institusjonar som har slike ombod.

I gjennomgangen av behovet for vitskapsombod har Avdeling for personalstøtte vore i kontakt med forslagsstillar Kristian Gundersen, medisinprofessor Johan Storm, leiar for Forskingsetisk utval ved UiO, Svein Aage Christophersen, medlem av Universitetsstyret, Sofie Høgestøl, som også er stipendiat ved Det juridiske fakultetet og forskingsombod Peter Kierulf ved Det medisinske fakultetet.

Kartla aktuelle døme

I drøftinga av forslaget om å oppretta vitskapsombod på Universitetet i Oslo, listar Avdeling for personalstøtte opp fleire døme på saker som det hadde vore naturleg for eit slik ombod å gripa inn eller gi råd i.

  • Medforfattarskap/forfattarrekkjefylgje er tema for 25-30 prosent av sakene til forskingsombodet på Det medisinske fakultetet og Oslo universitetssykehus.

  • Maktutøving frå leiarar på ulike nivå og i ulike former, til dømes ein konflikt mellom professor og stipendiat om vitskaplege vegval når det gjeld prosjektskildringar og førebelse resultat.

  • < >

    Ekstra vanskeleg for stipendiatar å melda frå om forskingsetikk, redd for å koma i konflikt med forskingsmiljø

  • Rettleiar gir stipendiat beskjed om å ta inn ein person som medforfattar som stipendiaten ikkje kjenner

  • Professorar blir bedne om å undervisa i noko dei sjølve meiner dei ikkje er kompetente til

  • Stipendiat blir pålagd mykje meir undervisning enn kollegaene sine

  • Professor emeritus blir fråteken sitt emeritus-kontor etter å ha gitt uttrykk for fagleg usemje med leiar i det offentlege rom

  • Instituttleiing krev at Ph.D.-prosjekt blir endra når det ikkje er oppnådd resultat innan eitt år, professor meiner det er for tidleg å gi opp

  • Professor klagar på instituttleiar til dekanen, dekanen gjer noko med saka

Når universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe går inn for å oppretta to vitskapsombod, er det først og fremst for at det finst område og tema, som ikkje blir omfatta av arbeidsoppgåvene til hovudverneombodet , Forskingsetisk utval eller til fagforeiningane. Omboda skal stella med ting som har å gjera med problem som til dømes misbruk av makt og krav om medforfattarskap innanfor forsking. Derimot skal dei ikkje stella med ting som omfattar arbeidsgjevaransvaret til UiO.

Skal dempa konfliktar

I sakspapira går det fram at det skal vera lett å få kontakt med det aktuelle ombodet for dei som har behov for ein uformell og uforpliktande samtale. Avdeling for personalstøtte tenkjer seg at den personen som skal ha denne stillinga, skal vera ein røynd person som kan dempa konfliktar i samband med uformell mekling, samtidig som han eller ho skal vera ein samtalepartnar for dei som tar kontakt med ombodet. Såleis kan ombodet gi råd om forskaren bør gå vidare med saka eller ikkje og visa personen til den rette instansen som kan sjå nærare på saka.

I innstillinga heiter det at Universitetsstyret sluttar seg til forslaget om å etablera ei ordning med vitskapsombod i samsvar med tilrådingane og ber universitetsdirektøren om å utarbeida eit mandat for ordninga som skal leggjast fram for styret.

Saka blir avgjort på møtet i Universitetsstyret tysdag 8. desember.

Les heile sakslista til møtet i Universitetsstyret.

 

Emneord: Etikk, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2015 12:20 - Sist endra 7. des. 2015 12:28

Gratulasjoner til Kristian Gundersen!

Dersom forskerombudet hadde eksistert i 2009, ville det ikke vært noen "Nedkvitne-sak", og jeg ville fortsatt hatt jobben min!

Men djevelen kan ligge i detaljene. "Misbruk av makt" skal ligge innenfor ombudets maktområde. "Derimot skal dei ikkje stella med ting som omfattar arbeidsgjevaransvaret til UiO". Her er det åpenbart ei viktig gråsone der det vil være ulike oppfatninger. Universitetdirektøren skal utarbeide mandat for ordninga, som så skal legges fram for univesitetsstyret.

Så vi får se....

Arnved Nedkvitne

arnvedn - 8. des. 2015 12:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere