UiO samlar franske studentar og stipendiatar

Ingen studentar frå UiO er råka av terroren i Paris fredag 13. november. Universitetsleiinga inviterer franske studentar og stipendiatar til ei markering klokka 14.00 i ettermiddag.

NTNU I FRANSKE FARGAR:  NTNU viste i helga solidaritet med det franske folket ved å lata Gløshaugen bli bada i franske fargar.

Foto: NTNU

Universitetet i Oslo ber franske studentar og stipendiatar delta på ein kort seremoni i dag klokka  14.00 i Klubben i Georg Sverdrups hus.

Universitetsleiinga har i helga vore i beredskap for å finna ut om studentar frå UiO er blitt direkte råka av terroråtaka i Paris i helga.

Kartlegginga viser at det ikkje finst teikn på at UiO-studentar  er blitt skadde under terroraksjonane i Paris, der 129 personar blei drepne.

Alle studentar og stipendiatar frå Frankrike som er registrerte ved UiO har fått ein epost med invitasjon til å delta på ein eigen seremoni i Klubben på Georg Sverdrups hus i ettermiddag.

Sende kondolansar til det franske folket

UiO-rektor Ole Petter Ottersen har sendt kondolansar til pårørande til offera for terroraksjonane og det franske folket og lagt heile teksten ut på fransk i bloggen sin. I dag fortel Ottersen i bloggen sin om ein fransk forskarkollega som han var saman med då kollegaen fekk melding om at han hadde mista ein god venn under terroraksjonane.

Den franske kollegaen til Ole Petter Ottersen reflekterte over det meiningslause i det som hadde skjedd, men konkluderte, ifylgje Ottersens blogg, med fylgjande kommentar:  «Jeg håper at barna som kommer på skolen på mandag, blir godt mottatt, uansett hudfarge og religiøs og kulturell tilhørighet».

Akademia uttrykkjer medkjensle

Nettavisa Khrono viser i ein artikkel korleis norske rektorar er samla i sine helsingar til det franske folk, offer og pårørande etter terroraksjonane.

NTNU ynskjer å uttrykkja djup sympati med det franske folket og alle som no er råka etter dei forferdelege terroraksjonane i Paris fredag kveld. 

— Vi er alle rystet og våre tanker går spesielt til dem som nå har mistet sine kjære, seier rektor Gunnar Bovim i ei melding som er lagt ut på NTNUs facebookside. Likelydande meldingar kjem frå rektor ved Noregs arktiske universitet, Anne Husebek og UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som har blogga støtta si på fransk.

Curt Rice på HiOA seier ifølgje hioa.no:

— Vi er alle sjokkert og rystet over det som har skjedd i Paris, og blir minnet om vårt eget møte med terror her i Norge. Jeg oppfordrer alle som er spesielt berørt av dette til å sørge for å ha folk rundt seg nå. Vi er i kontakt med våre franske utvekslingsstudenter som er her i Oslo og Akershus, og tilbyr dem støtte, seier Rice.

Vil formidla meir kunnskap om ekstremisme

Førsteamanuensis på HiOA og ekspert på ekstremisme, Lars Gule kjem overfor Khrono med forslag til kva akademia kan bidra med i samband med det som har skjedd i Paris.

— Kanskje burde ein den nærmaste tida prøva å sjå om ein kan få sett opp førelesingar opne for alle som kunne forklara og fortelja om bakgrunnen for IS, ekstremisme, radikalisering med meir, seier Gule, og sender ideen vidare til faglege leiarar på universitet og høgskular.

Emneord: Frankrike, Studentforhold, Terrorisme Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2015 11:56 - Sist endra 17. nov. 2015 09:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere