– Ingen menneskerett å få jobba på universitetet

– Det er ingen menneskerett å få jobb på universitetet, sa dr.jur. Terese Smith Ulseth i ein debatt om livet etter doktorgraden i Vitskapsakademiet nyleg.

INGA KLAR LØYSING: Alle var einige i at det er for mange mellombels, vitskaplege tilsette i akademia. Men ingen hadde ei klar løysing på korleis talet kan bli redusert. Frå venstre: advokat Terese Smith Ulseth, koordinator Ragnhild Lofthus, NTNU, forskar Anders Schomacker, NTNU, statssekretær Bjørn Haugstad og Petter Aaslestad, leiar for Forskarforbundet.

Foto: Martin Toft

Den tidlegare doktorstipendiaten på UiO og noverande partnar i advokatfirmaet Schødt, Terese Smith Ulseth peika på skilnadene i personalpolitikken mellom privat sektor og universitets- og høgskulesektoren.

– Begge stader er stillingsvernet det viktigaste vernet me har. I privat sektor er hovudregelen at folk skal vera fast tilsette, men arbeidsmiljølova gir også arbeidsgjevarar høve til meir fleksibilitet, fortalde ho.

Lettare å seia opp folk i Noreg enn i mange andre land

Terese Smith Ulseth viste til at det er langt lettare å bruka skjera ned på arbeidsstokken i privat sektor i Noreg enn i dei fleste andre land.

– Det er berre Storbritannia og USA som har ei like fleksibel ordning for nedbemanning som Noreg. Difor er det også lettare for arbeidsgjevarar å tilsetja folk i faste stillingar, og så halda på dei med høgast kompetanse i krisetider, og ta inn nye folk straks krisetida er over. På den måten unngår privat sektor ein så stor grad av mellombelse tilsetjingar som i universitets- og høgskulesektoren, slo ho fast.  

Langsiktig karriereplanlegging

Etter hennar meining tvingar det fram ei meir langsiktig karriereplanlegging for dei som er fast tilsette i privat sektor.

– Sjefane må vera gode leiarar for dei som dei har tilsett i fast stilling, understreka ho. – Det er ingen menneskerett å få jobba på eit universitet. Også universiteta og høgskulane må få fleire faste tilsetjingar og kunna bruka meir nedbemanning, meinte ho.  .

Leiar for Forskarforbundet, Petter Aaslestad var ikkje einig med henne.

– Forskarforbundet får dagleg inn tilfelle av tilsetjingssaker frå universitets- og høgskulesektoren. Det som er heilt sikkert er at det er ein altfor høg grad av mellombelse tilsetjingar i akademia. Men det er store skilnader mellom ulike fagmiljø, hadde han registrert.

Professorattilbod frå NTNU

 Aaslestad slutta seg ikkje til dei som meiner at det er for lite fleksibilitet i tilsetjingspolitikken til universitet og høgskular.

– Frå min gamle arbeidsplass NTNU kjenner eg godt til korleis lingvisten Terje Lohndal kom til Trondheim. Då han var ferdig med doktorgraden sin, fekk han først tilbod om ei postdoktorstilling ved Universitetet i Oslo. Men leiinga ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU kunne tilby han professorat i fast stilling. Då valde han å takka ja til professoratet, sjølvsagt, sa Petter Aaslestad.

Behov for kandidatane utanfor akademia

Han viste også til at fire av fem av dei som tar doktorgrad, ikkje får halda fram i akademia.

– Det er på høg tid at universiteta og høgskulane gjer kandidatane klar over at det er behov for dei utanfor akademia også. Akademia kan til dømes bli mykje flinkare til å samarbeida med kommunane.

Petter Aaslestad tok samtidig til orde for å ta ein diskusjon om framtida til postdoktorstillinga, slik Noregs forskingsråd har foreslått.

– Eg synest difor det er grunn til å fylgja opp utspelet frå forskingsdirektør Anders Hanneborg i denne saka.

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet tykte at heller ikkje regjeringa hadde kome langt nok i arbeidet med å få ned talet på mellombels, vitskaplege stillingar på universiteta og høgskulane.

– Problemet er at interne søkjarar ofte har gått forbi betre kvalifiserte søkjarar utanfor institusjonen på grunn av at dei nyttar fortrinnsretten. Dei siste åra har likevel tala på tilsette i mellombels, vitskaplege stillingar gått ned frå 20 til 16 prosent. Eg tvilar på om det er mogleg å gå lenger ned. Og det er forresten mogleg å nedbemanna også på grunnlag av Universitets- og høgskulelova, understreka han.

Det var Det Norske Vitskapsakademiet som arrangerte debatten om karriereplanar etter ferdig doktorgrad.

 

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 18. nov. 2015 05:00 - Sist endra 19. nov. 2015 00:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere