– Mangfald er best mot valdeleg ekstremisme

– Det var rørande og fint å få utdelt UiOs menneskerettspris. Ja, det var akkurat som å venda heim igjen, seier filmskaparen Deeyah Khan, som måtte flytta frå Noreg som 17-åring.

VENDE HEIM:  – Det var som å venda heim igjen, seier Deeyah Khan. Denne månaden fekk ho utdelt UiOs menneskerettspris for dokumentarfilmane ho har laga for å skildra mangelen på fridom for kvinner og for å visa korleis unge muslimar blir rekrutterte til radikale, islamistiske grupper.

Foto: Ola Sæther

Fredag 13. november tok Deeyah Khan fly frå Paris til London. Då ho kom fram seint på kvelden forstod ho ikkje kvifor meldingsboksen var full av meldingar frå venner og kjende. Dei lurte på korleis det stod til med henne.

– Då eg fekk logga meg inn på nettet, oppdaga eg dei forferdelege terroråtaka som hadde skjedd i Paris tidlegare på kvelden. Det var frykteleg å lesa om alle som var blitt drepne i desse sjølvmordaksjonane som det seinare viste seg at ISIL (Den islamske staten) stod bak, seier ho.

Som 17-åring følte Deeyah Khan seg tvinga til å forlata Noreg og dra til Storbritannia på grunn av trakassering frå minoritetsmiljøet sitt i Oslo etter at ho hadde slått gjennom som artist  i Noreg. I det nye heimlandet sitt heldt ho først fram med songkarrieren, før ho bestemte seg for å bli filmskapar.

Dokumentarfilmen  Banaz- a love story om tvangsgifte fekk ho Emmy-pris for i 2013. I haust hadde ho premiere på dokumentarfilmen Jihad. I filmen har ho intervjua personar som har vore med eller sympatiserer med verdas mektigaste islamske terrororganisasjon ISIL.

– Klarte å sjå på dei som vanlege menneske

– Det var ikkje lett å få kontakt med dei. Dei visste at eg var feminist og hadde laga den kritiske dokumentarfilmen om tvangsgifte tidlegare. Grunnen til at dei likevel godtok meg og let meg få intervjua dei, var at dei sjølve kunne få sleppa til orde. Og det faktum at eg var filmskapar og ikkje journalist, var også viktig, seier Deeyah Khan til Uniforum.

VIL DUKKA OPP IGJEN: – Om dei klarer å utrydda ISIL, vil den likevel dukka opp som ein ny terrororganisasjon, trur Deeyah Khan. (Foto: Ola Sæther)

– Eg hatar både handlingane og haldningane deira, men til slutt klarte eg å sjå på dei som vanlege menneske. Og då klarte eg også å finna meir ut om kvifor dei hadde valt å bli med i ein slik terrororganisasjon og kva dei klarte å oppnå der, som dei ikkje klarte i det britiske samfunnet, fortel ho.

– Stiller store krav til barna

Deeyah Khan gjorde fleire funn som viser at både oppveksten og samfunnet er to av fleire årsaker til at dei blir framandkrigarar eller ISIL-sympatisørar.

– Fleire av dei kjem frå minoritetsgrupper der det blir stilt store krav til barna. Dei skal vera flinke på skulen, og dei skal helst bli advokat, lege eller ingeniør. Og dei skal gifta seg med den som foreldra peikar ut til dei. Ungdommane prøver først å protestera ved å bli veldig vestlege, ved å ha kjærastar med ein annan bakgrunn enn det familien har og ved å gå ut på byen saman med andre ungdommar. Det blei heile tida slått hardt ned på av foreldra, anten dei var konservative eller liberale.

– Då fann nokre av desse ungdomane ein genial måte dei kunne stilla foreldra i skammekroken på. Dei blei ivrige, praktiserande muslimar, og kunne seia til foreldra at dei ikkje var gode muslimar, når dei gjorde ting som dei mest fanatiske muslimane meinte muslimar ikkje burde gjera.

– Desse ungdomane blei lette og enkle bytte for karismatiske imamar i nokre moskear i Storbritannia. Hos familiane sine slapp dei aldri til orde, for der var det eit strengt hierarki mellom dei gamle og dei unge og mellom kvinner og menn. Difor sa nokre av dei som hadde blitt rekrutterte som framandkrigarar til meg at imamen var den faren dei gjerne skulle ha hatt. Med han kunne dei snakka om jenter, om religion og om andre ting som dei hadde på hjarta, seier Deeyah Khan.  

– Hatar det multikulturelle samfunnet

Sjølv ser ho desse islamistiske rørslene som eit resultat av at mange menn vil redda det maskuline samfunnet.  

– Den same redselen for å tapa det mannsdominerte samfunnet finst også i dei mest høgreekstremistiske rørslene. Hatet mot velfungerande, multikulturelle samfunn der personar med ulike religionar og ideologiar lever fredeleg side om side, har den islamistiske terrorrørsla ISIL til felles med den norske terroristen Anders Behring Breivik og hans meiningsfellar på ytste høgre fløy, konstaterer ho.  

Deeyah Khan har lita tru på at bomber skal klara å få ISIL til å forsvinna for godt.

– Det er berre våpenfabrikantane som vil tena på det. Dei burde eigentleg ha betalt blodpengar for dei døde og finansiert flyktningleirar for alle som må flykta på grunn av våpna dei produserer, tykkjer ho.

– Om dei klarer å utrydda ISIL, vil den likevel dukka opp som ein ny terrororganisasjon. Det er årsakene til at ISIL er blitt attraktiv, som det er viktig å gjera noko med. Først og fremst må det bli fred i Syria og Irak. Då er det viktig å tvinga både Iran og Saudi-Arabia til forhandlingsbordet.

– Må slutta med hykleriet

– For det andre må USA, Europa og andre land slutta med hykleriet sitt. I dag sel dei våpen og inngår store kontraktar med Saudi-Arabia. Det er eit legitimt land, men samtidig brukar dei mange av dei same barbariske straffemetodane som ISIL blir fordømt for. Kvinner har ingen rettar, medan menneskerettsaktivistar blir sette i fengsel.  Den ikkje-valdelege opposisjonen får inga støtte frå Vesten. Denne dobbeltmoralen legg folk i Midtausten og andre stader sjølvsagt merke til.

– Det me kan tilby ungdommar på kanten av samfunnet, er våre verdiar som er tufta på mangfald. Samtidig må alle føla seg akseptere og inkluderte i dei samfunna dei veks opp i, understrekar Deeyah Khan.


FRED: - Det er årsakene til at ISIL er blitt attraktiv, som det er viktig å gjera noko med. Først og fremst må det bli fred i Syria og Irak. Då er det viktig å tvinga både Iran og Saudi-Arabia til forhandlingsbordet, synest Deeyah Khan. (Foto: Ola Sæther)
 

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Terrorisme, Midtøsten, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 25. nov. 2015 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere