Uniforum kunne i går melda at Universitetet i Oslo hadde plassert seg som nummer 83 i verda på Times Higher Educations rangering over dei beste medisinske fagmiljøa. Rangeringa byggjer på kvaliteten på både forsking, undervisning og læringsmiljø, kunnskapsoverføring og graden av internasjonalisering. Oxford University toppar lista, tett fylgt av Harvard, Cambridge og University College London.
Karolinska Institutet i Stockholm ligg på tolvteplass og har dermed det beste medisinske fagmiljøet utanfor USA og Storbritannia, ifylgje Times Higher Education. I Norden kjem Universitetet i Oslo på sjuandeplass.
– Hyggeleg
Rektor Ole Petter Ottersen tar alltid slike rangeringar med minst ei klype salt.
– Som eg alltid svarar, uansett om me går opp eller ned: Slike rangeringar har metodeveikskapar, men det er sjølvsagt hyggeleg å gå opp og at me no plasserer oss blant dei 100 beste i eit viktig fagområde.
– Meir representativt utval
– Kva trur du er grunnen til at UiO for første gong er mellom dei 100 beste i verda innanfor dette fagområdet?
– Det er vanskeleg å seia, då me ikkje kan samanlikna oss med fjoråret og fordi me ikkje har tilgang til resultata på dei ulike indikatorane. Men me veit frå den institusjonelle THE-rangeringa at UiO hadde ein auke i skåren på forskings- og undervisningsomdømme, i tillegg til ein høgare siteringsskåre.
– Årsaka til høgare skåre på desse indikatorane kan vera at i omdømmeundersøkinga brukar THE eit større og meir representativt utval av akademikarar enn tidlegare – med mindre vekt på USA-baserte akademikarar. Og for siteringar brukar THE i år Scopus-databasen som kjelde. Denne gir tilgang til mange fleire forskningsartiklar og fleire ikkje-engelskspråklege artiklar enn før. Det kan ha vore ein fordel for UiO, trur Ottersen.
– Metodeproblema er mange
Han trur at rangeringa gir eit brukbart bilete av det faglege nivået på medisinske fag ved UiO.
– Medisin har gjort det bra i år også på Shanghai-rangeringa, der det var på 44. plass i verda. Men som eg alltid seier: Metodeproblema er mange, og metodane endrar seg ofte frå år til år. Det å klatra på slike rangeringar må aldri bli eit mål i seg sjølv, men må sjåast som eit resultat av eit langsiktig og nøye kvalitetsarbeid innanfor både undervisning og forsking, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen.
Medisinere I Oslo reiser rundt og knytter nettverk, og lager selvopptatt reklame for seg selv, mens Edvard Moser og kona holder lange dager på labben. Det første gir høy uttelling på THE-målinga og store bevilgninger fra NFR. Det siste gir nobelpriser.
Noen burde undersøke mentalitetforskjellene mellom de to universitetene. Egen erfaring tilsier at det kan gi interessante resultater!
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere