Odontologi kan få nybygg i Gaustadalleen

Odontologi kan få nybygg på Nemko-tomta i Gaustadalleen. Det går fram av eit dokument frå Kunnskapsdepartementet til Statsbygg som Uniforum har fått tak i.

UTDATERTE: Desse klinikkbygningane til Det odontologiske fakultetet i Geitmyrsveien blei bygde i 1968. – Dei held ikkje lenger mål, seier dekan Pål Barkvoll. Han håpar det snart blir bygt ny og moderne klinikkbygning, gjerne på Nemko-tomta i Gaustadalleen.

Foto: Ola Sæther

I dokumentet går det fram at regjeringa allereie har vedtatt at det skal utarbeidast eit oppdatert grunnlag for å ta ei avgjerd om ei mogleg bygging av nye klinikkar for Det

Fakta om Det odontologiske fakultetet:

Det odontologiske fakultetet blei ein del av Universitetet i Oslo i 1959. Frå 1928 var det ein eigen institusjon med namnet Norges Tandlægehøiskole.  Den kan skriva historia si tilbake til 1909, då den første organiserte tannlegeutdanninga tok til i Noreg. Dagens bygningar i Geitmyrsveien 69 og 71 blei bygde i høvesvis 1925 og i 1968. Dei husar i dag laboratorium, kontor og bibliotek.  Hovudadministrasjonen til Det odontologiske fakultetet ligg også i Geitmyrsveien.  Ein stor del av undervisningslokala er allereie flytta inn i Domus Odontologica på Gaustad.  Ferdighetssenteret for tannlegestudentane ligg i Domus Medica, som også ligg på Gaustad. Dersom klinikkane i Geitmyrsveien blir flytta og får nye lokale i eit nybygg på Nemko-tomta, vil heile Det odontologiske fakultetet vera samla på Gaustad.  Førebels er det ikkje klart når eit nybygg vil stå klart.  Eit anna alternativ er altså at dei nye klinikkane blir bygde i Geitmyrsveien, slik det opphavleg var planlagt.

odontologiske fakultetet ved UiO på Gaustad.  Det blir peika på at heile prosjektet kan lokaliserast på Nemko-tomta, som UiO kjøpte for 305 millionar kroner i mai i år.

Statsbygg får i oppdrag å sjå på arealbehov, kostnader og vurdering av om det er mogleg å få til sambruk med eksisterande universitetsbygningar på Gaustad.

Kunnskapsdepartementet viser også til at ei lokalisering på Gaustad vil gi ein reduksjon i arealbehov på mellom 5000 og 6000 kvadratmeter.

Likevel treng Det odontologiske fakultetet ein bygning på 30 000 kvadratmeter, går det fram av brosjyren «Masterplan for UiOs eiendommer», som UiO nettopp har gitt ut.

Statsbygg blir derfor bede om å finna ut kor store arealrammer som bør liggja til grunn for Det odontologiske fakultetet på Nemko-tomta på Gaustad. Det arbeidet skal så fylgjast opp av oppdaterte kostnadsoverslag for alternativa med ny lokalisering.

Frå odontologi til bustader?

I denne byggjesaka er også Helse- og omsorgsdepartementet med i biletet. Departementet har sendt eit oppdragsbrev til Statsbygg for å få gjennomført regjeringas vedtak om at den eksisterande tomta til odontologi skal verdivurderast med tanke på sal til bustadformål.

Tidlegare har Statsbygg også greidd ut om det kan byggjast ein heilt ny klinikkbygning der dagens lokale ligg i Geitmyrsveien.

Vil kosta over 750 millionar

Seniorrådgjevar Ingvild Nordstrand i Kunnskapsdepartementet stadfestar at dei har bede Statsbygg om å greia ut ei mogleg lokalisering av ein framtidig klinikkbygning på Nemko-tomta i Gaustadalleen.

– Det er ikkje ofte me greier ut nye alternativ etter at konseptvalutgreiinga er ferdig. I dette tilfellet er det allereie sett på om det er mogleg å byggja nye og moderne klinikkbygningar i Geitmyrsveien. Me veit ikkje den nøyaktige kostnaden, men det som er sikkert er at nybygg begge stader vil kosta over 750 millionar kroner.  Det er nemleg grensa for når eit prosjekt må til ekstra vurdering i ein såkalla KS1-rapport, altså ekstern kvalitetssikring av konseptval, opplyser ho.

Ingvild Nordstrand trur regjeringa vil ta ei endeleg avgjerd om kva alternativ som skal veljast, tidlegast i desember.

– Då vil dei kunna be Stortinget om å løyva prosjekteringsmidlar. Deretter kan Statsbygg setja i gang med planlegginga, før det til slutt blir løyvt pengar til oppstart av byggjeprosessen, seier ho.

Dekan Pål Barkvoll er oppglødd med tanken på at det kan byggjast nye klinikkbygningar for Det odontologiske fakultetet på Nemko-tomta.

– Det ville vera strålande om me kan koma så nær Rikshospitalet, det nye livsvitskapssenteret og undervisningslokala i Domus Odontologica. Då vil det også bli lettare å innfri ynsket til regjeringa om å redusera arealbehovet med mellom 5000 og 6000 kvadratmeter, trur han.

TOMT FOR ODONTOLOGI? I mai kjøpte Universitetet i Oslo Nemko-tomta i Gaustadalleen for 305 millionar kroner. No blir det vurdert om tomta kan brukast til bygging av ny klinikkbygning for Det odontologiske fakultetet. (Arkivfoto: Martin Toft)

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Bygninger, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 28. aug. 2015 11:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere