Fullt hus for Unikor i foajeen i Georg Sverdrups hus

Unikor blei introdusert av UiO-rektor Ole Petter Ottersen då koret i formiddag avslutta vårsesongen til Lunsj med kultur.

SIBELIUS: Den finske komponisten Jean Sibelius var også på songprogrammet då Unikor song  på Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus i formiddag.

Foto: Martin Toft

UiOs eige tilsettkor, Unikor inviterte til sommarkonsert på vårens siste lunsj med kultur. Det skjedde fredag 19. juni kl. 12.15-12.45 i foajeen i Georg Sverdrups hus. På repertoaret stod både klassiske sommarlåtar og andre songar frå noteheftet til koret. Koret blir leidd av dirigent Tor Tveite.  Unikor feira femårsjubileum i 2014 og er no eit offisielt UiO-kor. Koret har mellom 30 og 40 songarar.

FULLT GEORG SVERDRUPS HUS: Det var stort oppmøte då Unikor inviterte til sommarkonsert i formiddag. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Kultur, Velferdsutvalget Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2015 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere