Sterke krefter for både vald og tilsett rektor

Klokka 15.30 i ettermiddag overrekkjer akademikarar og studentar 2500 underskrifter til Stortingets KUF-komité til forsvar for ordninga med vald rektor som styreleiar på universitet og høgskular. Tre valde UiO-dekanar krev samtidig tilsett rektor med ekstern styreleiar.

FRONTAR VALD REKTOR: Leiaren for Studentparlamentet, Marianne Andenæs er mellom dei som overrekkjer 2500 underskrifter i protest mot regjeringsframlegget om at tilsett rektor med ekstern styreleiar skal bli normalordninga for universitet og høgskular.

Foto: Ola Sæther

Saksordførar for strukturmeldinga i Kuf-komiteen, Sivert Bjørnstad (FrP) vil i ettermiddag stå utanfor Stortinget og ta imot 2500 protestunderskrifter frå akademikarar og studentar frå heile landet. Dei krev at ordninga med vald rektor på universitet og høgskular og med rektor som styreleiar blir normalregelen, og ikkje ei ordning med tilsett rektor med ekstern styreleiar.

Leiaren for Studentparlamentet, Marianne Andenæs vil overrekkja underskriftene saman med professorane Knut Kjeldstadli , Camilla Serck-Hanssen, Kristian Gundersen, Jan Helge Solbakk og Olav Gjelsvik, forskar Maja van der Velden og fagforeiningsleiarane Ellen Dalen og Kristian Mollestad.

Arbeidarpartiet støttar regjeringa

Før helga var det klart at Arbeidarpartiets Marianne Aasen og heile partigruppa hennar heller mot regjeringas forslag om å innføra ei normalordning med tilsett rektor med ekstern styreleiar utnemnt av Kunnskapsdepartementet. Det skal likevel vera mogleg for institusjonane å ha vald rektor dersom deira eige styre går inn for det. Sivert Bjørnstad frå FrP og heile partigruppa hans vil gå endå lenger og tvinga alle institusjonane til å innføra ei ordning med tilsett rektor og ekstern styreleiar.

Underskrivarane av protestoppropet viser til at forslaget frå regjeringa også går inn for at Kunnskapsdepartementet skal utnemna alle eksterne styremedlemar, inkludert styreleiaren. Etter deira oppfatning vil forslaget i praksis også føra til alle nye eller samanslegne institusjonar er avskorne frå å velja leiaren sin. Underskrivarane oppfordrar difor Stortinget til ikkje å vedta forslaget.

Valde dekanar for tilsett rektor 

Det står også sterke krefter bak dei som ynskjer at tilsett rektor med ekstern styreleiar skal bli normalordninga for alle universitet og høgskularar.

YNSKER TILSETT REKTOR: Medisindekan Frode Vartdal  går saman med SV-dekan Fanny Duckert og odontologidekan Pål Barkvoll inn for tilsett rektor med ekstern styreleiar ved UiO. (Foto:Ola Sæther)

 

I ein kronikk i dagens utgåve av Aftenposten argumenterer både SV-dekan Fanny Duckert, medisindekan Frode Vartdal og dekan Pål Barkvoll ved Det odontologiske fakultetet for å tilsetja rektor ved Universitetet i Oslo og andre universitet og høgskular. Saman med pedagogikkprofessor Peter Maasen meiner dei at ei slik ordning vil bringa universitetet eit stort steg framover.

Punkt for punkt går dei gjennom argumenta motstandarane av tilsett rektor har brukt, og tilbakeviser dei. Dei viser mellom anna til at dei aller fleste internasjonale universitetsleiarar stort sett blir rekrutterte via tilsetjingar.

Dei peikar også på at argumentet om at det ikkje er relevante kandidatar utanfor institusjonen ikkje stemmer. Som bevis på det trekkjer dei fram at både NTNU og Høgskulen i Oslo og Akershus har tilsett rektorar som både kjem innanfrå og utanfrå.  Dei peikar på at universitetsdemokratiet ved fleire val ikkje har fungert slik det skal. Heller ikkje dei vil avskaffa demokratiet ved institusjonane, men fornya det, understrekar dei:

 «En ansettelse av rektor vil gjøre universitetsstyret , der de ansatte fortsatt har flertall, til en viktigere arena for strategiske beslutninger, samtidig som vi med større sikkerhet får kandidater som kan leve opp til de store krav dagens universitetshverdag stiller.»

Stortinget vil ta ei endeleg avgjerd i dette spørsmålet under handsaminga av Strukturmeldinga den 11. juni.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. juni 2015 12:22

Det er altså galt at de ansatte har flertall i styret. De har 4/11 plasser, hvorav 2 er faste vitenskapelige. Det ble endret i 2003 da de faste vitenskapelige hadde flertall. Disse dekaner vil altså svekke den faglige innflytelsen enda en omdreining.

Kristian Gundersen - 2. juni 2015 14:20

Kjære Kristian Gundersen. Det er ikke galt at de ansatte og studentene har flertall i styret. Jeg ønsker det. Med tilsatt rektor ville vi fått 7 interne representanter (hvorav 2 studenter) og 4 eksterne (hvorav styreleder er inkludert). Dette tilsvarer styresammensetningen på NTNU. Jeg ønsker ikke en svekkelse av den faglige innflytelsen.

 

Pål Barkvoll - 3. juni 2015 00:08

Ordninga med vald rektor har jo vist oss at forskarane har vore påfallande lydige mot statsmakta ved å ikkje snakke om drivhuseffekten som ein viktig sak før så vidt i 2008. Allereide då så var sjansene for å nå 2-gradersmålet truleg tapt. Det pussige er jo at det nærmast er politikarane som må be forskarane om å ta drivhuseffekten alvorleg. Hallo, forskninga er til for samfunnet, samfunnet er ikkje til for forskninga.

Det vert hevda at den 800 år gamle demokratiske autonomien er ei føremon på universitetet. Prosessar som går like sakte som å flytte kyrkjegardar, ein får lite hjelp av dei det gjeld også, vert framheva som "toppers". Ein kan lure på om desse forskarane eigentleg er klar over at universitetet si rolle for å bidra til å finne løysingar på presserande problemer der kvart år betyr svært mykje i høve til utviklinga av antibiotikaresistens, malariaresistens, klimaendringar, globale trugsmål om alt frå virus til atombomber. Kyrkjegards-farten fungerte sikkert greit i middelalderen, men ikkje i 2015.

Pål Magnus Lykkja - 3. juni 2015 08:57

Kjære Pål Barkvoll Det er ikke internt flertall dere skriver i kronikken, så feil er det. Jeg mener utvilsomt at ikke å velge Rektor vil svekke den faglige innflytelsen, jeg har sittet i U-styrer med ulik sammensetning så jeg vet hva jeg sankker om. Det sitter bare to fast vitenskapelig ansatte i universitetstyret i dag (rektor kan være hvem som helst), mens de fast ansatte før 2003 var i absolutt flertall, det kaller jeg en svekkelse av den faglige inflytelsen. NTNU fusjonen skjedde for eks med studentenes stemmer, men mot alle de ansattes, som ble stemt ned. Det sies at studentene hadde blitt sterkt lobbet før vedtaket. Jeg synes det blir veldig naivt å tro at NTNU modellen ikke vil svekke den faglige innflytelsen.

Kristian Gundersen - 21. juni 2015 16:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere