Overrekte 2600 underskrifter til KUF-komiteen

Akademikarar og studentar gav ein klar bodskap til Aps saksordførar Marianne Aasen, då dei i går gav henne 2600 underskrifter mot forslaget om at tilsett rektor med ekstern styreleiar skal bli normalordninga ved universiteta og høgskulane.

2600 UNDERSKRIFTER: Marianne Andenæs, leiar for Studentparlamentet ved UiO overleverer 2600 underskrifter til saksordførar Marianne Aasen (Ap) i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. Dei som har skrive under, protesterer mot forslaget frå regjeringa om at universiteta og høgskulane normalt skal ha tilsett rektor med ekstern styreleiar.

Foto: Martin Toft

Dei 2600 underskriftene til studentar og akademikarar frå heile landet måtte overrekkjast inne i foajeen i Stortinget på grunn av dårleg ver. Der stod saksordførar Marianne Aasen saman med Norunn Benestad (H) og Tone Sønsterud (A) frå Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité klare til å ta imot delegasjonen av professorar, tillitsvalde og studentar frå UiO.

– Det er fint å sjå så stort engasjement for universiteta og høgskulane. Og dette er ein svært viktig diskusjon, meinte Marianne Aasen (Ap).

– Styret bestemmer styringsmodell

 – Kvifor vil du då ha ny normalregel for korleis ein skal peika ut leiarar på universiteta? spurte NTL-veteran og universitetsbibliotekar Ulrik Sverdrup.

– Arbeidarpartiet vil gå inn for at styret sjølv bestemmer om institusjonen skal ha vald rektor som styreleiar eller tilsett rektor med ekstern styreleiar. Difor er eg einig i mange av argumenta for tilsett rektor som står i kronikken til dei tre UiO-dekanane i Aftenposten frå 2. juni.  Universiteta er heilt annleis i dag enn for 200 år sidan, slo Marianne Aasen fast.  – Men dei har eksistert i mellom 600 og 700 år, og det er berre Den katolske kyrkja som er eldre, kvitterte medisinprofessor Jan Helge Solbakk.

Simpelt fleirtal avgjer

Studentrepresentant i Universitetsstyret ved UiO, Knut Frydenlund var heller ikkje nøgd med Marianne Aasens forsikring om at Arbeidarpartiet ville overlata til styra for universiteta og høgskulane å bestemma om dei skal ha vald eller tilsett rektor. – De har ikkje lagt inn noko krav om to tredjedels fleirtal har de vel? – Nei, det kan bli avgjort med simpelt fleirtal, stadfesta Marianne Aasen.

 Biologiprofessor Kristian Gundersen peika på at argumentet om at det ikkje er mogleg å ha ein vald rektor som også er styreleiar ikkje held. – I verdas mest kapitalistiske land, USA har dei største selskapa også arbeidande styreformenn. Det er tragisk at de skal gjera den største endringa på universiteta sidan 1943 på eit heilt feil grunnlag, meinte han.

Skjer fusjonar med vald leiing

Og hovudtillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet ved UiO trekte fram fusjonane ved Universitetet i Tromsø.  – Der skjedde det samanslåingar mellom universitetet og høgskulane med vald leiing, og det skjedde lenge før NTNU med tilsett rektor vedtok å fusjonera med tre høgskular, understreka han.

Marianne Aasen tykte det var imponerande at dei hadde klart å samla inn 2600 underskrifter på så kort tid. – Samtidig er det alltid dei som er imot ei endring, som er dei flinkaste til å mobilisera. Det kan godt henda det er like mange som er for forslaget, trudde ho.

– Motaksjon samla 70 underskrifter

Då fekk ho svar frå leiaren for Studentparlamentet ved UiO, Marianne Andenæs. – Studentar ved Høgskulen i Oslo og Akershus og eit par andre institusjonar sette i gang ein motaksjon, men dei klarte berre å samla 70 underskrifter til støtte for regjeringas framlegg. Studentar ved UiO og UiB støttar fullt og heilt opp om oppropet for vald leiing ved universitet og høgskular, slo ho fast.

Med dei orda overrekte Marianne Andenæs dei 2600 underskriftene til Marianne Aasen.  – Det finst sjølvsagt gode argument for å halda fram med dagens ordning. Stortinget vil likevel bestemma kva utfallet blir til slutt, konstaterte Marianne Aasen etter å ha tatt imot underskriftene.

Torsdag den 11. juni blir Strukturmeldinga, inkludert styringsmodellen for universitet og høgskular handsama i Stortinget.

PROTEST: Marianne Aasen (Ap) t.v., Tone Sønsterud (Ap) og Norunn Benestad (H) frå Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomite tok imot professorane Knut Kjeldstadli (med ryggen til) og Kristian Gundersen då dei skulle gi dei 2600 underskrifter i protest mot regjeringsforslaget om å lata tilsett rektor med ekstern styreleiar bli normalordninga ved universitet og høgskular.(Foto Martin Toft)

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. juni 2015 11:29

Det bør nevnes at oppropet til støtte for ansatt rektor ble startet lenge etter oppropet til støtte for valgt rektor og har fått betydelig mindre pressedekning.

h132192@hib.no - 3. juni 2015 12:54

Du mener det oppropet som per dags dato har fått 69 signeringer? 

markand - 4. juni 2015 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere