Internasjonale nynorskstudentar på UiO

Laura Alfaro frå Colombia, Tarjei Mattisson Funderud frå Østfold og Katrina Bjerke Throndsen frå Russland har ein ting til felles: Dei har vald å studera nynorsk på UiO.

INTERNASJONAL NYNORSK:  Laura Alfaro frå Colombia (t.h.), Kathrina Bjerke Throndsen frå Russland (t.v.( og Tarjei Mattisson Funderud frå Østfold omkransar nynorskgründeren  Ivar Aasen utanfor Henrik Wergelands hus på Blindern.

Foto: Martin Toft

– Mannen min frå Bodø forstår ikkje kvifor eg vil studera nynorsk, medan svigermora mi frå Rosendal seier at takka vera svigerdottera si frå Colombia, må ho bruka nynorsk igjen, smiler Laura Alfaro frå Colombia.  – Det er lettare å få forståing for at eg også studerer norske dialektar, legg ho til.

Lom stavkyrkje

Russiske Kartrina Bjerke Throndsen oppdaga heilt tilfeldig at Noreg har to norske målformer.  – Eg var på reise i Noreg og stansa i Lom. Då såg eg at det stod Lom stavkyrkje på eit skilt. Då fann eg ut at Noreg har både nynorsk og bokmål som målformer,  seier ho.

 Likar fjelldialektane på Austlandet

Tarjei Mattisson Funderud frå Østfold studerer også nynorsk av rein språkinteresse.  – Eg er kjempeinteressert i norsk språkhistorie og nynorsk er nærare det opphavlege norrøne språket enn bokmål. Og dialektane i fjellområda på Austlandet og Østfoldmålet er dei flottaste eg veit om, seier han.

Laura Alfaro og Kathrina Bjerke Throndsen synest det er greitt å snakka nynorsk på Blindern.  – Men utanfor universitetsområdet må me heile tida forsvara oss overfor bokmålsbrukande nordmenn, så då legg me over til bokmål, forklarar dei.

Satsar på språk

Dei er alle studentar på studiet Norsk for internasjonale studentar, og dei har klare oppfatningar av kva dei skal bruka språkstudiet til. – Planen min er å laga ein dokumentarfilm om norsk språkhistorie heilt tilbake til for 8000 år sidan. Då var det ein del av det indoeuropeisk urspråket rundt Svartehavet som er opphavet til dagens europeiske språk, seier Tarjei Mattisson Funderud.  – Du i norsk, tu i spansk og thou i gamalengelsk har felles røtter, seier Laura Alfaro.  – Eg skal halda fram med å studera norsk språk og dialektar, seier ho. Og Kathrina Bjerke Throndsen skal no utvida språkrepertoaret sitt endå meir. – Planen min er å studera både svensk og dansk. Mange uttrykk i Østfoldmålet slektar på svensk og nynorsk, konstaterer ho.

Alle tre skriv også i  «Dialektriket», ein nynorskblogg for internasjonale studentar.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Nynorsk, Språkpolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2015 15:53 - Sist endra 17. juni 2015 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere