Ynskjer vald rektor

– Eg meiner at vald leiing er den modellen som best tar vare på UiOs autonomi og faglege tyngd.  Det meiner Sofie Høgestøl som ynskjer attval som representant i Universitetsstyret for dei mellombels, vitskaplege tilsette.  Ho blir utfordra av kandidatane Heidi Østbø Haugen og Thorjørn Larssen.

VIL HA ATTVAL: Sofie Høgestøl vil gjerne ha eitt år til som representant for dei mellombels, vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

Frå tysdag 26. mai og fram til og med tysdag 2. juni er det val på ny representant i Universitetsstyret for dei mellombels, vitskaplege tilsette. I dag sit Sofie Høgestøl i det vervet, men no blir ho utfordra av Thorjørn Larssen og Heidi Østbø Haugen. I dette intervjuet stiller Uniforum viktige universitetspolitiske spørsmål til Sofie Høgestøl.

Kandidat: Sofie Høgestøl, doktorstipendiat.

Arbeidsstad: Det juridiske fakultetet.

– Vil du gå inn for vald rektor eller tilsett rektor med ekstern styreleiar slik regjeringa vil skal vera normalordninga?

– Vald

-Kan du grunngi haldninga di i dette spørsmålet?

– Eg meiner at vald leiing er den modellen som best tar vare på UiOs autonomi og faglege tyngd.  At Stortinget nå vurderer å tvinga norske universitet til ein bestemt styringsmodell, mot sektorens ynskje, er oppsiktsvekkjande. Me må gjerne ha ein diskusjon om kva modell som passar UiO best, men det er ikkje Stortingets jobb å ta det valet frå oss. Eg oppfordrar alle til å engasjera seg ved å signera oppropet som støttar retten vår til å velja den styringsmodellen som passar best for UiO!

–Kvifor stiller du til val?

Eg ynskjer å halda fram med  å vera ei tydeleg stemme  på vegner av dei mellombels vitskaplege tilsette i dei viktige omstillingsprosessane som går føre seg i sektoren. Den siste tida har me sett endringsforslag som går på alt frå å nedgradera stillingane til stipendiatar (slik at dei i større grad blir forskingsassistentar, i staden for tilsette som driver med sjølvstendig forsking, til strukturendringar som kan føra til meir midlertidigheit.

Eg vil jobba for at forskarar tidleg i karriereløpet også skal ha trygge tilsetjingsforhold som vernar om fri forsking, og sikra at mellombels, vitskaplege tilsette blir inkluderte i alle avgjerdsarenaene ved UiO.

 – Kva tykkjer du sjølv om innsatsen din i Universitetsstyret, det året du har sete der?

Dette er heilt klart det mest spennande og gjevande vervet eg har hatt. Såleis har eg lagt inn den største innsatsen eg har kunna.  Eg føler at eg har oppfylt dei vallovnadene eg kom med i fjor, og at eg både har blitt høyrt og fått gjennomslag i styret. – Eg er veldig motivert for ein ny periode i Universitetsstyret og håpar på å kunna halda fram det gode samarbeidet eg har med dei andre styrerepresentantane, leiinga og UiODoc.

– Om du blir vald, korleis vil du jobba med oppfylginga av konklusjonane i SAB-rapporten?

–For meg er det viktigaste nå at SAB-prosessane blir breie og inkluderer hele universitetet. Så i første omgang vil eg jobba for at høyringsrundane i utvala blir så opne og inkluderande som mogleg. Vidare vil eg jobba for en universitetsomfattande debatt om forslaga som kjem frå SAB-utvala. Det er først på bakgrunn av ein slik brei diskusjon at Universitetsstyret verkeleg kan vera i stand til å vurdera  kva  forslag som burde innførast. 

– Korleis vil du jobba for interessene til dei mellombels vitskaplege tilsette?

 

–Eg kjem til å halda fram med den strategien eg har hatt i år, som er å styrkja samarbeidet med UiODoc og representantane for dei mellombelse i institutt -og fakultetsstyra. Eg trurme får endå meir gjennomslag dersom me står samla og jobbar målretta opp mot leiinga og andre avgjerdsorgan.

– UiODoc har vore ein verdifull samarbeidspartnar i år og eg ynskjer å halda fram det gode samarbeidet me har hatt, slik at me kan få til endå meir.

– I kva grad vil du arbeida for at de skal bli lettare å driva forsking på tvers av fakultet og institutt? Kan du visa til eigne røynsler på dette området? – Eg er sjølv utdanna statsvitar og jurist og forskar tverrfagleg. Så eg veit dessverre kor vanskeleg det kan vera å driva med forsking på tvers av institusjonar.  Heldigvis har me sett ned eit eiget utval (som en del av SAB-prosessane) som vil sjå på tiltak som kan gjera det lettare å jobba tverrfagleg.  Eg kjem til å støtta opp rundt arbeidet til dette utvalet.

–I tillegg har eg lyst til at UiO skal innføra tverrfaglege kurstilbud til postdoktorar og stipendiatar. Me må skapa arenaer der forskarar kan møtast på tvers av disiplinar tidleg i karriereløpet. Eg trur det vil stimulera til betre tverrfaglegheit på sikt.

Les meir om valet av representant til Universitetsstyret for dei mellombels, vitskapleg tilsette.

Sofie A. E. Høgestøls valsider

Emneord: Valg, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2015 12:20 - Sist endra 30. mai 2015 21:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere