Vil ha vald rektor

– Eg vil ha vald rektor. Det har aldri vore noko problem med vald rektor på universiteta og høgskulane. Det meiner Heidi Østbø Haugen, som stiller til val som ny representant i Universitetsstyret for dei mellombels vitskaplege tilsette.

KANDIDAT: Heidi Østbø Haugen vil bli representant for dei mellombels, vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

Foto: Ola Sæther

Frå tysdag 26. mai og fram til og med tysdag 2. juni er det val på ny representant i Universitetsstyret for dei mellombels, vitskaplege tilsette. I dag sit Sofie Høgestøl i det vervet, men no blir ho utfordra av Thorjørn Larssen og Heidi Østbø Haugen. I dette intervjuet stiller med viktige universitetspolitiske spørsmål til Heidi Østbø Haugen.

Kandidat: Heidi Østbø Haugen, postdoktor

Arbeidsstad: Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

– Vil du ha vald rektor eller tilsett rektor med ekstern styreleiar?

Eg vil ha vald rektor. Det har aldri vore noko problem med vald rektor på universiteta og høgskulane. Regjeringa  si innføring av tilsett rektor som hovudregel  er løysinga på eit problem som ikkje finst. Nokon påstår at valde rektor ikkje kan tenkja langsiktig, fordi dei må tenkja på at dei skal attvalde etter fire år. Det stemmer ikkje. Både statsministeren og ordførarane blir demokratisk valde og sit i  ein valperiode.  Ingen skuldar dei for ikkje å kunna tenkja langsiktig, sjølv om dei prøvar å bli attvalde etter fire år, seier Heidi Østbø Haugen.

 – Korleis vil du arbeida for situasjonen til dei mellombels vitskaplege tilsette?

– Det er viktig for meg å delta i arbeidet med oppfylginga av SAB-rapporten og få dei til å bli sette ut i livet.  UiO har med 45 innstegsstillingar mest av alle universiteta i Noreg. Samtidig har UiO mellom 1000 og 1100 stipendiatar. I tillegg kjem like mange i andre mellombels vitskaplege stillingar, inkludert dei som er professor 2.  Me må finna alternative karrierevegar til dei, og det må UiO vera med på å leggja til rette for.  Om eg blir vald inn i Universitetsstyret, vil eg sjølvsagt jobba for heile UiO, ikkje berre for dei mellombels vitskaplege tilsette, seier ho.

 – Korleis vil du gå fram for å få meir tverrfagleg forsking ved UiO?

– Personleg erfarte eg at det var svært vanskeleg å bruka Kina-ekspert Mette Halskov Hansen som siderettleiar då eg heldt på med hovudoppgåva mi  i samfunnsgeografi om Kinas investeringar og forretningsverksemd i Afrika.  Ho gjorde det utan å få timar eller lønn for det, altså pro bono.  Eg har også halde helgekurs for andre institutt og senter og ikkje fått betaling for det, fordi det er så mange barrierar mellom einingane. Då tar det ikkje lang tid før ein sluttar å halda kurs utanfor eige institutt, konstaterer ho. 

– Dessverre blir det i dag langt lettare for fakultetet å få ein ekstern forelesar i staden for å bruka eigne krefter på UiO, legg ho til.  Det er synd at det skal vera så vanskeleg, når heile universitetet snakkar så varmt om tverrfagleg samarbeid. Det er viktig at ei integrering blir sett i gang som eit initiativ frå universitetsleiinga og Universitetsstyret. Med færre institusjonelle barrierar får me truleg meir tverrfagleg samarbeid, trur ho.

– Sofie A. Høgestøl har sete eitt år som representant for dei mellombels vitskaplege. Kva er grunnen til at du vil byta henne ut med deg sjølv?

– Eg er svært nøgd med innsatsen hennar. Ho har gjort ein god jobb. Eg stiller fordi eg meiner det er bra med ein som har bakgrunn både frå Kunnskapsdepartementet, FN og SV-fakultetet kan bruka sin kompetanse i Universitetsstyret.  Styret har ansvaret for at det framleis blir etablert postdoktor-stillingar slik at unge forskarar får høve til å skriva vitskaplege artiklar før dei søkjer seg inn på ordninga med unge talent eller på innstegsstillingar.  Elles synest eg at det er svært viktig at me har val til Universitetsstyret.  Slik får me også høve til å diskutera forsking, meiner ho.

Les om valet av representant til Universitetsstyret for dei mellombels, vitskaplege tilsette.

Heidi Østbø Haugens valsider

Emneord: Valg, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2015 12:35 - Sist endra 30. mai 2015 21:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere