Viking og verdsmann

Gokstadmannen var både viking og verdsmann. Og truleg svært rik. Det konstaterer prosjektleiar Ellen Marie Næss som inviterer til utstillinga Gokstad i nytt lys.

VIKINGLIV: Ellen Marie Næss står mellom to av fotografia av vikingliv på utstillinga «Gokstad i nytt lys» i Vikingskipshuset på Bygdøy.

Foto: Martin Toft

Utstillinga er i Vikingskipshuset på Bygdøy, der både Gokstadskipet og Gokstadmannen er på plass. Sistnemnde sitt skjelett ligg i ein solid monter, der folk kan observera resultatet av dei dødelege hogga som tok livet av han. Det som gjer denne utstillinga spesiell er stilleben-fotografia som fylgjer kvart tema og kvar person som blir trekt fram.

– Designar Adam Bartley kom til oss med ideen om å laga fotografi basert på tinga som blei funne i Gokstadhaugen og setja dei i samanheng med det dei blei brukte til. Me var skeptiske til å begynna med, men til slutt klarte han å overtala oss. Slik begynte samarbeidet med fotograf Kirsten Helgeland på Kulturhistorisk museum. Resultatet er me svært nøgde med, seier ho.

Hjertnes kulturhus i Sandefjord og Midgard historiske senter fekk først gleda av å ha utstillinga. I førre veke blei den sett opp i Vikingskipshuset på Bygdøy. Else Marie Næss forklarar tanken bak utstillinga.

Kvardagsliv i vikingtida

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

HOVDINGEN: Gokstadmannen var ein rik vikinghovding. Han blei gravlagd saman med sengehesten og påfuglfjøra på biletet. Men også spelbrettet sitt hadde han med seg i grava. (Foto: Kirsten Helgeland/scenografi: Adam Bartley)

– Spelbrettet til Gokstadmannen er plassert saman med kopiar av skjoldet og sverdet hans. Det viser kor viktig det var for ein krigar å kunna eit spel om strategiar. Eit anna fotografi er av sengehesten hans saman med påfuglfjøra som også blei funnen i grava hans, fortel Næss. Men denne gongen er det ikkje berre vikinghovdingen sitt liv som er sett i høgsetet. – Nei, absolutt ikkje. Kvart bilete viser funna saman med den personen i vikingsamfunnet som brukte tinga. Difor finn du gardsarbeidaren med skjerebrett og hasselneter, smeden med del av støypemodell og handelskvinnene og handelsmennene med myntar og andre betalingsmiddel. I bileta ser du desse tinga rett etter at personen har forlate dei.

– Fotograf Kirsten Helgeland har realisert ideen til Adam Bartley gjennom bileta sine, med same lyssetjing som var vanleg på måleri frå 1600-talet, fortel Ellen Marie Næss.

Strategisk plassering

Dei som besøkjer utstillinga vil finna den strategiske plassert på galleriet til Vikingskipshuset på Bygdøy.

– Når folk har sett vikingskipa og er på veg tilbake til utgangen, vil bileta på galleriet fanga interessa deira, og dei vil sannsynlegvis få lyst til å sjå nærare på utstillinga, trur Næss.

Då kan dei gå opp ei trapp og først møta eit bilete som viser arbeidsrommet til tekstilarbeidaren, like etter at personen har gått. Ein saumglattar, som fungerte som eit strykejern, og fleire vevhjul er funn frå handelsstaden på Heimdalsjordet like ved Gokstad. Alle desse tinga er med på biletet. Deretter kjem det eine biletet etter det andre til det endar opp med monteren der skjelettet til Gokstadmannen kan studerast. Heilt til slutt kjem tekstplakatane som forklarer innhaldet i utstillinga.

– Viser fram vanlege folk

 – Planen vår er at dei besøkjande først skal sjå bileta og gjera sine eigne tankar og tolkingar, før dei får forklart kva kvart bilete fortel, seier Næss svært engasjert. – Tidlegare

Fakta om Gokstadfunnet:

Blei grave fram i 1880. Er verdas største skipsgrav frå vikingtida.

Gokstadskipet er saman med Osebergskipet dei einaste intakte vikingskipa i verda.

Gokstadmannen var ein rik vikinghovding som truleg levde mellom 845–903 e.Kr. Skjelettet etter han er også med på utstillinga.

Gokstad revitalisert-prosjektet blei starta opp i 2009, og har mellom anna oppdaga ein handelsstad på Heimdalsjordet 400 meter frå funnstaden Gokstad i Vestfold.

Gokstad revitalisert-prosjektet blir gjennomført av Kulturhistorisk museum, UiO i samarbeid med Vestfold fylkeskommune og Vestfoldmusea. Prosjektet får også støtte frå Anders Jahres Humanitære Stiftelse og Sandefjord kommune.

utstillingar har ofte berre konsentrert seg om vikingkongane og vikinghovdingane og peika på kor rike dei var på gull og sølv, skip og storgardar. No viser me fram vanlege folk i vikingtida, gardsarbeidaren, smeden og handelsfolka. Truleg hadde Gokstadmannen lite kontakt med gardsarbeidaren og barna hans, men dei var også ein viktig del av vikingsamfunnet på Heimdalsjordet på Gokstad i Vestfold.

Internasjonalt nettverk

Ein annan ting ho ynskjer å trekkja fram, er alle dei tinga som viser kor stort internasjonalt nettverk denne vikinghovdingen hadde.

– Det finst arabiske myntar, perler av karneol og bergkrystall frå Pakistan og India og rav frå Baltikum. Alt dette understrekar at vikingane var eit sjøfarande folk som reiste til Island, Grønland og Nord-Amerika i vest, til Frankrike og Dei britiske øyane i sør og sjøvegen til Russland og langs dei store elvane til Kaspiahavet i aust, seier ho.

– Kort fortalt skal desse bileta lata oss kika gjennom eit vindauge og inn i fortida, til den gongen vikingane levde, legg ho til.

Den siste yrkesgruppa som blir heidra gjennom denne utstillinga, er arkeologen. Arkeologane kan fortelja oss meir om vikingsamfunnet

 gjennom å analysera dei gjenstandane som blei funne i grava til Gokstadmannen.

– Yrande liv

No håpar ho mange vil koma på utstillinga for å læra meir om vikingsamfunnet. – Prosjektet

Dette er prosjektgruppa for utstillinga «Gokstad i nytt lys»:

Designar: Adam Bartley

Fotograf: Kirsten Jensen Helgeland

Handverkarar: Ragnar Løchen, Inge Bjørgen

Konservatorar: Brynjar
STÅR BAK: Designar Adam Bartleyog fotograf Kirsten Helgeland samarbeidde med å visa fram gjenstandane frå Gokstadfunnet gjennom fotografi  for å visa dagleglivet i vikingsamfunnet.
Sandvoll, Line Christin Petzold

Grafisk designar: Johnny Kreutz

Fagleg ansvarleg: Jan Bill

Prosjektleiar: Ellen Marie Næss

Gokstad revitalisert har gjort det mogleg å fortelja meir presist om vikingsamfunnet på Gokstad. Det fann fram til Heimdalsjordet som var ein viktig handelsplass, om ikkje ein by. Likevel må det ha vore eit yrande liv der, som må ha vore svært overveldande på folk frå innlandet, er Næss viss på.

Utstillinga har fått økonomisk støtte frå Anders Jahres humanitære fond, Sandefjord kommune og Vestfold fylkeskommune.

– Det er me svært takksame for. Utstillinga vil bli ståande i lang tid framover. Og den er gratis foralle tilsette ved Universitetet i Oslo, minner ho om.

STÅR BAK: Designar Adam Bartley og fotograf Kirsten Helgeland samarbeidde med å visa fram gjenstandane frå Gokstadfunnet gjennom fotografi  for å visa dagleglivet i vikingsamfunnet.(Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty, Kulturhistorisk museum, UiO)

 


 

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum, Museene, Utstillinger Av Martin Toft
Publisert 11. mai 2015 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere