Aarhus-rektor: - Me fekk for topptung administrasjon

Det blei mykje bråk etter at Aarhus Universitet fusjonerte med fire mindre institusjonar i 2007. – Den største feilen me gjorde, var å sentralisera administrasjonen, seier dagens rektor Brian Bech Nielsen.

SYNLEG: – Det viktigaste NTNUs rektor kan gjera, er å vera synleg og tilgjengeleg på dei nye institusjonane. Det handlar om å fortelja alle frå topp til botn på universitetet og høgskulane om dei gode argumenta for fusjon, seier rektor Brian Bech Nielsen ved Aarhus Universitet.

Foto: Ola Sæther

Aarhus:

Aarhus Universitet er i dag eit av dei åtte attverande universiteta i Danmark. Før den store fusjonsrevolusjonen i landet i 2007, var det tolv universitet i landet. Planen blei pressa

Fakta om Aarhus Universitet:

- grunnlagt i 1928

- 44.500 studentar (2015)

Til saman 11.550 tilsette (2015)

- 6000 forskarar ,inkludert 2000 doktorstudentar

- rektor Brian Bech Nielsen, tilsett i seks år frå 2013

- Jens Christian Skou fekk nobelprisen i kjemi i 1997

Dale T. Mortensen delte Nobelprisen i økonomi i 2010

- Nordens beste universitet i naturvitskap, nummer 1 i Danmark i medisin, i verdstoppen i økonomi og i europatoppen i statsvitskap.

Fire hovudsatsingsområde:

Forsking

Utdanning

Talentutvikling

Vitenutveksling/Oppdragsforsking og etter- og vidareutdanning

Fire fakultet:

Science & Technology (Naturvitskap, Ingeniørstudiet, Danmarks Jordbrugsforskning, Danmarks Miljøundersøgelser)

Business and Social Science (Handelshøjskolen i Aarhus, Samfunnvitskap, Danmarks Pedagogiske Universitet)

Arts (Det humanistiske fakultetet, Spesialpedagogikk, Danmarks Pedagogiske Universitetsskole)

Health (Sundhetsfakultetet)

(Kjelde: Aarhus Universitet)

fram av regjeringa til Anders Fogh Rasmussen som hadde som mål at det skulle vera berre eitt universitet i kvar av dei nye regionane som har erstatta dei gamle fylka i Danmark.

Leiinga ved Aarhus Universitet var raskt på bana og foreslo i 2006 at universitetet kunne tenkja seg å slå seg saman med Danmarks
Journalisthøjskole, Handelshøjskolen i Århus, Den Sociale Højskole og dei tre forskingsinstitutta Danmarks Miljøundersøgelser, Danmarks Fiskeriundersøgelser og Danmarks Jordbrugsforskning .

Til slutt enda fusjonen opp med ei samanslåing mellom Aarhus Universitet, Handelshøjskolen i Århus, Danmarks Pedagogiske Universitet i København og dei to forskingsinstitutta Danmarks Miljøundersøgelser og Danmarks Jordbrugsforskning. Over natta fekk Aarhus Universitet ansvaret for dobbelt så mange studentar og dobbelt så mange tilsette som tidlegare.

Skapte uro

Arbeidet med fusjonen gjekk ikkje stille føre seg. Fleire forskarar slutta og begynte på andre universitet, medan andre blei verande, men kritiserte planane innanfrå universitetet. Dåverande tilsett rektor Lauritz B. Holm-Nielsen blei hoggestabben for kritikarane. Den hardaste kritikken fekk han for å ha etablert ein sentralisert administrasjon med ni visedirektørar. Det blei få administrative medarbeidarar igjen på dei fire fakulteta og alle institutta. Alle kommunikasjonsmedarbeidarar på fakulteta måtte rapportera tll den sentrale kommunikasjonsavdelinga.

– Mange forskarar følte at dei ikkje lenger kunne få assistanse frå kommunikasjonsmedarbeidarane på fakulteta og institutta, får Uniforum opplyst hos kommunikasjonsdirektør Anders Correll. – Dessutan blei det ei kjempeutfordring å få til eit felles administrativt datasystem, legg han til.

Færre visedirektørar

Då fysikkprofessor Brian Bech Nielsen begynte som tilsett rektor for rundt to år sidan, gjekk han gjennom det som hadde skjedd på nytt. Ein av dei første tinga han gjorde var å redusera talet på visedirektørar frå ni til fire. Han er einig i at ikkje alt som blei gjennomført rett etter fusjonen, var like gjennomtenkt.

– Revurderte sentraliseringa

– Me gjorde ein feil då me sentraliserte administrasjonen for mykje og gjorde den for topptung. Det førte til at dei sju visedirektørane alle blei svært synlege objekt som kritikken kunne rettast mot. Sakte, men sikkert og i nært samarbeid med dei faglege tilsette, revurderte me sentraliseringa av administrasjonen. For meg er det viktig at tilsette i administrasjonen også har nær kontakt med forskarane. Difor er mange tilbake på fakulteta og institutta. Eg kan skriva under på at situasjonen er blitt langt betre, og at me no ser lyset igjen, forsikrar han.

400 måtte gå

Brian Bech Nielsen fekk også eit anna stort problem i fanget då han begynte som rektor i 2013. Institusjonen hadde gått med store underskot i fleire år. I desember 2013 fekk universitetet kniven på strupen, og rektoren måtte informera alle dei tilsette om at innan år 2016 skal universitetet ha gjort innsparingar på i alt 250 millionar norske kroner. Resultatet blei at 400 tilsette måtte gå.

– Heldigvis var det mogleg å få det til med naturleg avgang gjennom at tilsette blei pensjonistar eller fekk nye jobbar andre stader. Det var heilt naudsynt å gjera det, og me har fått kontroll over underskotet, slår han fast.

Vekst i universitetsbudsjetta

Etter hans meining har universiteta i Danmark blitt svært godt behandla av dei danske styresmaktene samanlikna med andre delar av offentleg sektor.

– Medan heile det offentlege Danmark har hatt null vekst i budsjetta sine dei siste åra, har universiteta fått auka budsjetta sine med to prosent i året. Difor merkar ikkje dei danske universiteta noka finanskrise, konstaterer han.

Det er lenge sidan Aarhus-rektoren var opptatt av at universitetet skulle bli større. – Det viktigaste no er å heva kvaliteten på både forskinga og utdanninga og dei andre tinga me driv på med.

I dag har Aarhus Universitet fire fakultet, som alle har berre engelske namn: Det er: Science & Technology, Business and Social Science, Arts og Health.

Og Aarhus Universitet er ikkje lenger berre i Aarhus. No har universitetet også avdelingar i København, Roskilde og Herning.

I Noreg er det klart at Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) skal fusjonera med Høgskulen i Sør-Trøndelag, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Gjøvik. Rektor Brian Bech Nilsen fylgjer med på den fusjonsprosessen og kjem gjerne med nokre gode råd.

– Noregs geografi er mykje vanskelegare enn den danske. Det viktigaste NTNUs rektor kan gjera, er å vera synleg og tilgjengeleg på dei nye institusjonane. Det handlar om å fortelja alle frå topp til botn på universitetet og høgskulane om dei gode argumenta for fusjon. Å snakka berre med rektorane og leiinga er ikkje nok. Alle må vera involverte i prosessen, understrekar han.

Brian Bech Nielsen minner om at ting tar tid.

– Det er ei kjensgjerning at det tar minst ti år før folk ser at ein fusjon er på plass.

 

 

 

 

Emneord: Danmark, Norden, Internasjonalisering, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. mai 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere