Veksthusa i Århus set byen på kartet

Dei nye veksthusa i Botanisk hage i Århus har på eitt år blitt ein av Danmarks nest største by sine store attraksjonar. Over 195 000 personar har besøkt det nyrenoverte anlegget sidan det opna i fjor.

VEKSTHUSA I ÅRHUS: Dei nyrenoverte veksthusa i Århus ligg like ved museet "Den gamle by" i utkanten av Botanisk hage.

Foto: Ola Sæther

I det eine hjørnet av Botanisk hage tronar det nye veksthuset i Århus opp som ein overdimensjonert igloo. Det er fint bygt saman med det gamle veksthuset og blir bunde saman med ein felles kafé og formidlingsrom. Der treffer Uniforum fagleiar Finn Borchsenius i veksthusa, som ikkje klarer å leggja skjul på at han er stolt over det dei har klart å få til i Århus.

– Målet vårt var eit besøk på rundt 80 000 personar i året. No er me allereie oppe i nesten 200 000 besøkjande i året. Nøkkelen til suksessen ligg nettopp i at me har klart å skapa ein felles møteplass i kafeen og i formidlingsrommet, der med akkurat no viser utstillinga «Hvad er natur?», fortel han til Uniforum.

 

STOLT: – Dette er ein draum som har gått i oppfylling, seier fagleiar Finn Borchsenius ved veksthusa i Aarhus. (Foto: Ola Sæther)

Den store suksessen har gjort at Aarhus Universitet som eig veksthuset, ikkje treng bruka særleg mykje pengar på marknadsføring.

– Nei, i dag er det jungeltelegrafen gjennom sosiale media som Facebook og Instagram som gjer folk merksame på kor flotte veksthusa er blitt, seier Finn Borchsenius. Dei nye veksthusa har til saman kosta 65 millionar danske kroner.

Det første veksthuset i Aarhus blei bygt i 1969-70. Bygningen blei teikna av arkitektfirmaet CF Møller, som også vann tilbodet om å teikna det nye, totalrenoverte veksthuset i 2009.

– Då hadde Aarhus Universitet i 2005 tatt ei endeleg avgjerd om at det ville totalrenovera det gamle veksthuset og samtidig utvida det med eit hypermoderne anlegg som skulle kunna formidla naturvitskap på ein endå betre måte enn det gamle, forklarar Finn Borchsenius.

– Nordens nyaste og flottaste

Det gamle veksthuset fekk altså eit nytt veksthus som ein slag siamesisk tvilling, og publikum fekk for første gong tjuvkika på anlegget 16. april 2014. Den offisielle opninga skjedde 12. september i fjor.

POPULÆRT: Både små og store likar seg i bygningane, der dei kan gå gjennom fire klimasoner på få minutt.(Foto: Ola Sæther)

– No er dette Nordens nyaste og flottaste veksthusanlegg. For Aarhus by er veksthusa no blitt ein ny stor turistattraksjon i tillegg til museet «Den gamle by» og kunstmuseet Aros, er fagleiaren overtydd om.

For å visa Uniforum kva han meiner, tar han oss med på ei omvising i dei ulike avdelingane i veksthuset. I formidlings- og kaféområdet har dei både klasserom og utstillingsrom. Då me er på besøk, viser dei korleis folk brukar naturen og korleis forbruket vårt er med på å øydeleggja regnskogen.

– Det er ikkje ein politisk bodskap, me presenterer berre vitskaplege fakta, understrekar Borchsenius.

Også ei liste med argument for og imot genmodifiserte organismar (GMO) har fått plass i utstillinga.

– Det er viktig for at skuleelevar, studentar og andre kan få gjera seg opp si eiga meining om spørsmålet, seier han, medan me hastar forbi skilt med ein kaktusforma mann og ei kaktusforma kvinne som viser kvar toaletta er. Informasjonen har fått ein chilipeparforma I som symbol.

Brukar interaktiv formidling

I veksthusa kan du oppleva fire klimasoner.

Inne i området med plantar i Middelhavsklima er det laga ein identisk kopi av landskap med appelsintre, mandeltre og oliventre. I ei korg ligg ei flaske med appelsinsaft.

– Når du tar flaska og fører strekkoden mot ein TV-skjerm, begynner ein film om appelsinproduksjon i Spania. I avdelinga med ørkenplantar, som til dømes kaktus frå Mexico, kan folk ta ei tequilaflaske og stryka den på same måten mot ein TV-skjerm. Då får dei vita korleis tequila-produksjonen frå agavekaktusen går føre seg. Det er altså berre vatn i flaska, presiserer han og flirer.

Lett og sterkt plastmateriale

18 METER HØGT: Hovudhuset er tropehuset. Det er 18 meter høgt og utgjer åleine 1242 kvadratmeter. Plantane veks raskt og godt. Eit tre har vakse ti meter på eitt år, fortel Finn Borchsenius. (Foto: Ola Sæther)

 

– Inntrykket mitt er at dei gamle plantane som blei flytta ut og inn igjen, veks endå betre i det nye tropehuset enn dei gjorde i det gamle, seier omvisaren vår. Sjølv trur han det kan ha noko å gjera med plastmaterialet som er brukt som vindauge i tropehuset.

– Ja, dette materialet slepper gjennom meir UV-stråling enn dei gamle glasvindauga. Samtidig kan me regulera dei slik at dei på sørsida slepper gjennom ti prosent mindre lys om sommaren enn resten av året, forklarar han. Det er likevel vekta som gjer materialet både fleksibelt og lett å handtera samanlikna med tradisjonelt glas.

 – Ja, det har gjort det mogleg å byggja heile tropehuset som eit svært omfangsrikt rom. Der kan me plassera tre som treng mykje høgd, på eit mykje større område enn det som var tilfellet i det gamle tropehuset som var høgt nok berre i midten. Plastmaterialet er så lett at det klarer fint å bli halde oppe av stålrøyr, opplyser han.

Fakta om veksthusa ved Aarhus Universitet:

Opphavleg bygde 1969–70. Teikna av arkitektfirmaet CF Møller.

CF Møller vann også arkitektkonkurransen om renoveringsprosjektet i 2009.

Veksthusa blei stengde for renovering hausten 2010.

Byggjearbeida blei avslutta desember 2013, men publikum kunne først ta ein tjuvkikk på anlegget 16. april 2014.

Det nye tropehuset har eit areal på 1242 kvadratmeter, ei høgd på 18 meter, og inkludert det gamle veksthuset og formidlingssenterer har det eit samla areal på 3371 kvadratmeter.

Renovering og konstruksjon av det nye tropehuset har kosta 65 millionar danske kroner, med 24 millionar frå Realdania, 12 millionar frå Aarhus kommune og 29 millionar frå Aarhus Universitet.

Oppbygginga av formidling i veksthusa er støtta av Nordea-fonda med 7,8 millionar kroner.

Til samanlikning skal utstillingsveksthuset i Naturhistorisk museum ved UiO vera på 6320 kvadratmeter og har ein prislapp på 480 millionar kroner ((2013).

Veksthusa i Århus blei offisielt opna den 12. september 2014.

Over 195 000 personar har besøkt veksthusa det siste året, medan målet var på 80 000.

Det nye tropehuset er bygt av stålrøyr og plastmaterialet ethylene tetra­fluoroethylene copolymer (ETFE). Vekta tilsvarar 1 prosent av glas, men kan likevel klara å stå imot vekta av ein bil.

(Kjelder: Finn Borchsenius, Væksthusene i Aarhus, Aarhus kommune, Eden Project)

– Er ikkje det materialet brannfarleg?

– Nei, på ingen måte. Det er det same som dei brukar i verdas største veksthusanlegg i Eden i Cornwall i Storbritannia. Det er ein godt utprøvd teknologi, og me er kjempenøgde med materialet.

 

Sensorstyrte dyrelydar

Inne i tropehuset har dei laga ein regnskog både frå Sør-Amerika og frå Asia. I den siste regnskogen høyrer du også dyrelydar når du går forbi.

– Det er tigerbrøl, og når publikum går forbi ein sensor, kjem lyden på. På andre område i tropehuset har me lagt inn fuglesong og andre dyrelydar. Høgtalarane ligg gøymde inne i dei forskjellige planteområda. Dette prosjektet har me utvikla saman med lærarar frå utdanninga i audiodesign ved Aarhus Universitet. Og me er så vidt me veit, det første museet som brukar den lydteknikken, poengterer han.

Midt inne i tropehuset er det eit ti meter høgt utsiktstårn. Der får alle oversyn over heile den kunstige regnskogen. Det einaste som manglar, er slangar, apekattar og fuglar. Om me lukkar augene og høyrer dyrelydane, blir det lettare å fantasera om at me er i ein ekte regnskog.

– Dei einaste dyra me har, er sommarfuglar og fisk, elles held me oss berre til plantar. For oss er det viktigare å visa fram nokre plantar og trekkja dei fram i staden for å visa veldig mange plantar på ein stad. Difor har me gitt mange av dei andre plantane våre til andre museum og dyreparkar i Danmark.

Gratis for alle

Veksthusa er opne kvar dag sju dagar i veka med unntak av juleferien. Det er gratis inngang.

– Aarhus Universitet tok den avgjerda tidleg. For oss er det viktigare å få formidla naturvitskap til nye generasjonar enn å tena pengar på dette. Om me skulle tatt betalt, måtte me også ha tilsett folk som skulle ta imot betalinga.

Aarhus Universitet eig veksthusa, medan det er Aarhus kommune som eig grunnen dei ligg på.

– For meg og museet er det viktig at me tilhøyrer universitetet. Det gir ein eineståande kunnskapsbase for formidlinga vår. På den måten får også universitetet eit fantastisk høve til å fortelja om naturvitskap til barn, unge og vaksne, seier Finn Borchsenius.

VERDAS BESTE: – Eg har verdas beste jobb, seier gartnar Birthe Annamann som arbeider i veksthusa i Aarhus. (Foto: Ola Sæther)

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Botanisk hage, Norden, Veksthus på Tøyen Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2015 14:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere