Skal ha språkmøte i Oslo

Måndag skal ein UiB-delegasjon treffa statssekretær Bjørn Haugstad  i Kunnskapsdepartementet og fortelja han at UiB gjerne kan ta over nokre pengar frå UiO.

Rektor Dag Rune Olsen informerte universitetsstyret om stoda i språksamling-saka. (Foto: Dag Hellesund)

Det handlar om språksamlingane. Torsdag morgon trykte På Høyden eit debattinnlegg frå Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum. Blindern-skandalen kallar han at Universitetet i Oslo ønskjer at Nasjonalbiblioteket overtek ansvaret for språksamlingane.

Oddny Miljeteig ba i universitetsstyremøtet om ei utgreiing om saka.

Til UiO saman med Volda-representant
– Dersom det er slik at UiO har problem med å sitja på desse pengane, kan me ta på oss dette. Språksamlingane passar godt inn i UiB sin profil, men me vil ikkje ta på oss ansvaret utan at det følgjer pengar med, sa rektor Dag Rune Olsen, i fylgje På Høyden.

Bakgrunnen for saka er at UiO har vedteke at dei ikkje lenger vil satsa på språksamlingane, som dei fekk eit nasjonalt ansvar for på 1970-talet. Med på lasset følgde pengar. Statssekretær Borgundvaag har tidlegare sagt til På Høyden at Kulturdepartementet legg til grunn at pengane UiO fekk for å ta ansvar for samlingane og Norsk Ordbok, vert med til dei som tek over ansvaret.

– Måndag skal dekan Margareth Hagen, instituttleiar Johan Myking og eg ha eit møte med statssekretæren. Med på møtet vert òg Per Halse, som er rektor ved Høgskulen i Volda, fortalde rektor styret.

Delt ansvar?
Ordbokgruppa, som Nynorsk kultursentrum har gått i bresjen for, tek til orde for at UiB kan overta ansvaret. Alternativet, slik dei ser det, er å dela ansvaret med Høgskulen i Volda.

– At UiO vil prioritera annleis enn då dei fekk ansvaret for samlingane kan ein eigentleg ikkje seia noko på. Men problemet er at dei vil omdisponera pengane dei fekk til andre oppdrag, seier Olsen.

(RETTING; Ved ein inkurie har avisa kome i skade for å skriva at det er statssekretær Bjørgulv VInje Borgundvaag delegasjonen frå UiB og Høgskulen i Volda skal møta på måndag, Den rette personen er altså statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet i denne oppdaterte artikkelen er det retta opp) 

Emneord: Språkpolitikk, Universitetspoltikk, Forskningspolitikk, Arbeidsforhold Av Hilde Kristin Strand i På Høyden
Publisert 24. apr. 2015 09:15 - Sist endra 26. apr. 2015 20:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere