Reknar med språkavklaring om nokre månader

Først må ein få klargjort kva som skal skiljast ut frå Universitetet i Oslo. Så kan Universitetet i Bergen og andre verta involvert i språksamlingssaka.

FORHANDLAR: UiB-rektor Dag Rune Olsen overtar gjerne språksamlingane, men før må UiB få klargjort kva som skal skiljast ut frå UiO.

Foto: Cicilie Andersen, Universitetet i Bergen

Dette er i korte trekk konklusjonen etter at representantar frå UiB og Høgskulen i Volda måndag hadde eit møte med statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet.

– Eg oppfattar at det er politisk vilje til å prioritera saka, seier rektor Dag Rune Olsen til På Høyden.

Vart ikkje snakka om pengar

Det har vorte skrive mykje om språksamlingane ved UiO. Universtitetet i hovudstaden vil ikkje lenger ta ansvar for dei. UiB har sagt seg villige til å ta over ansvaret – dersom det følgjer pengar med.

– På dette møtet vart det ikkje sagt noko om pengar. Men me har registrert at Kulturdepartementet er tydelege på at pengane følgjer med oppgåva. Det må følgja pengar med dersom me skal overta samlingane, seier Olsen.

Han seier at det frå departementet si side vart skissert at fase éin er å kartleggja kva som skal skiljast ut frå Universitetet i Oslo og sjå på kva det representerer av kostnader. Deretter vil UiB og eventuelle andre interessentar verta involverte.

– Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet må para beina, men det er sagt at ein håpar å landa saka i løpet av dei næraste månadane, seier Olsen.

– To kandidatar

Statssekretær Haugstad seier til Nynorsk pressekontor at departementet ikkje kjem til å avgjera saka utan å involvera dei som er seriøse interessentar.

– Eg oppfattar at det er to aktuelle kandidatar per no, og det er Nasjonalbiblioteket og dei to som var på besøk i dag, seier Haugstad.

Det er UiO som har føreslege å flytta samlingane til Nasjonalbiblioteket. Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen har vore i debatt med både UiB-instituttleiar Johan Myking og Nynorsk kultursentrum ved direktør Ottar Grepstad i På Høyden sine spaltar.

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Arbeidsforhold Av Hilde Kristin Strand i På Høyden
Publisert 29. apr. 2015 07:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere