NHO støttar satsing på havteknologi og livsvitskap

– Noreg må bli verdsleiande på livsvitskap og havteknologi. Derfor støttar me bygginga av dei to toppforskingssentra i Oslo og Trondheim, seier NHO-direktør Kristin Skogen Lund.

VERDSLEIANDE:  – Ambisjonane våre må vera at me skal bli verdsleiande både på havteknologi og livsvitskap, understrekar direktør Kristin Skogen Lund i Næringslivets hovudorganisasjon.

Foto: Martin Toft

Universitetet i Oslo er i full gang med planlegginga av Livsvitskapssenteret i Gaustadbekkdalen medan NTNU og Marintek prøver å realisera draumen om å byggja verdas leiande senter for havteknologi Ocean Space Centre i Trondheim.  Begge prosjekta får full oppbakking frå NHO-direktør Kristin Skogen Lund.

– Det er kjempeviktig med ei slik satsing på to så forskjellige område. No er det behov for at Noreg får fleire bein å stå på. Difor meiner me at det er rett å setja i gang og få realisert desse prosjekta, seier ho til Uniforum i ein pause på eit NHO-seminar om forskings- og teknologisenter for framtida.

 – Kva håpar du og NHO me kan oppnå med å spytta offentlege pengar inn i så gigantiske forskingsanlegg?

 – Akkurat no er me langt frå det endelege målet, men me står i alle fall på startstreken. Ambisjonane våre må vera at me skal bli verdsleiande både på havteknologi og livsvitskap, understrekar Kristin Skogen Lund.

Også Høgres fraksjonsleiar i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, Kristin Vinje støttar satsinga på desse prosjekta. – For meg personleg er det flott å sjå at kjemi også skal inn i eit senter for livsvitskap. Dagens bygning held ikkje mål. Eg helsar velkomen satsinga på både livsvitskap og havteknologi, seier ho til Uniforum.

– Fint at NHO tar leiarskapen

Også statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet er nøgd med at Næringslivets hovudorganisasjon no set alle klutar til for å støtta Ocean Space Centre i Trondheim og senter for livsvitskap på Universitetet i Oslo.

– Det er fint at NHO no tar leiarskapen i arbeidet med å grunngjeva behovet for desse forskingssentra. På den måten er det viktig at det blir skipa til store arrangement som kan bringa saka vidare. Begge desse prosjekta passar inn i regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Ocean Space Centre i Trondheim er ei fin oppfylging av prioriteringa på forsking på hav og havteknologi. Om me skal halda fram med posisjonen som verdsleiande på dette området, må me me ha eit oppdatert forskingsanlegg som kan flytta oss framover. Det er eit forskingsfelt Noreg har naturlege føresetnader til å vera sterk på.

– Innanfor livsvitskap så byggjer me i mindre grad på særnorske fortrinn. Det er eit av dei tre mogleggjerande teknologiane me kan nytta oss av i tida framover. Det er livsvitskap, nanoteknologi og IKT. Truleg vil alle OECD-landa seia at dei vil konkurrera på kompetanse heller enn lønn. Eg trur internasjonale forskarar vil koma om både forskingsinstitusjonen og infrastrukturen er god.

Verdas største havteknologisenter

Ikkje overraskande støttar NTNU-rektor Gunnar Bovim etableringa av Ocean Space Centre i Trondheim. – Det skal bli både det største og det mest sentrale havteknologisenteret i verda. I dag er Institutt for marinteknologi det største instituttet på fagområdet i Vesten. Kvart år blir 150 masterstudentar uteksaminerte og mellom 15 og 20 tar sin ph-d.grad-. Slik vil NTNU styrkja Noreg som havnasjon, trur Gunnar Bovim.

På friarføter

UiO-rektor Ole Petter Ottersen talte også varmt for satsinga på livsvitskap ved UIO: – Det finst mange særnorske fortrinn innanfor medisin og livsvitskap. Ja, allereie i dag går store farmasøytiske selskap rundt på friarferd til forskingsmiljø på UiO. Ikkje minst etter Bayers oppkjøp av Algeta for 16 milliardar kroner, konstaterer han.

Direktør Karita Bekkemellem i Legemiddelindustriens landsforeining hadde også berre lovord å koma med.

– No ser eg ei positiv haldning frå forskarar til å delta i trekantsamarbeidet mellom, forsking, stat og næringsliv. Heldigvis er ikkje politikarane lenger så negative som før til å støtta kommersialiseringa av nye produkt.

Lovar draghjelp

Statssekretær Morten Høglund i Utanriksdepartementet var viss på at ei slik forskingssatsing vil gjera Noreg attraktivt blant utanlandske toppstudentar og toppforskarar.

 – Både innanfor helse og havteknologi kan Utanriksdepartementet lova støtte til satsinga. Utanriksdepartementet vil gjera alt for at kunnskapsmiljøa får god draghjelp. Derfor har me denne våren ein besøksrunde til norske forskingsinstitusjonar for å få gode innspel. Den 8. mai vil me møta Universitetet i Oslo.

 

 

 

 

 

Emneord: Livsvitenskap, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. apr. 2015 17:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere