Avviser at øyremerkte pengar fylgjer språksamlingane

Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet meiner at pengane som i dag har fylgt Norsk Ordbok og språksamlingane ved UiO, må bli med vidare til ein annan institusjon om UiO ikkje lenger vil ha dei med på laget, melder P4.  Det avviser instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen.

ORDINÆR PRIORITERING: – Det at det om kort tid ikkje lenger er ressursar til å forvalte samlingane og ulike oppslagsverk som er laga på grunnlag av desse, er altså eit uttrykk for heilt ordinære prioriteringsprosessar i UiOs styrande organ, understrekar instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen.

Foto: Ola Sæther

Kulturdepartementet er tydelege på at når det gjeld språksamlingane til Universitetet i Oslo, fylgjer pengane oppgåvene og finansieringa som blei med språksamlingane og ordbøkene inn på UiO. Om samlingane går ut av UiO, skal pengane vera med på flyttelasset. Det går fram at eit intervju som P4 hadde med statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i går.

– Ordinære prioriteringsprosessar

Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen på Institutt for lingvistiske og nordiske studium er ikkje einig med statssekretæren og viser til at avgjerda er tatt i dei valde organa på UIO.

– Den 9. desember 2013 vedtok eit einstemmig styre ved ILN å ikkje setje av nye stillingar til fagområda leksikografi og namnegransking. 10. juni i fjor vedtok ILNs styre mot to stemmer å ikkje satse vidare på samlingane som er knytte til desse områda, og som mellom anna ligg til grunn for produksjon av ordbøker. Begge vedtaka er gjort i samsvar med Universitetsstyrets vedtak 19. juni 2012, der HF fekk ein varig auke i den økonomiske ramma, mot at fakultetet gjennomgjekk fagporteføljen sin med tanke på faglege prioriteringar for å sikre "bærekraftig økonomi og faglig kvalitet i et lengre perspektiv", seier han.

– Det at det om kort tid ikkje lenger er ressursar til å forvalte samlingane og ulike oppslagsverk som er laga på grunnlag av desse, er altså eit uttrykk for heilt ordinære prioriteringsprosessar i UiOs styrande organ, understrekar Kristian Emil Kristoffersen.

– Pålagd å styra etter HFs budsjettmodell

Han viser også til at oppgåva hans er å fylgja opp dei vedtaka som blir gjorde.

– Som instituttleiar er eg pålagd å styre etter HFs budsjettmodell. I denne modellen er det nokre få tiltak som er øyremerkte. Tilskot til det tidsavgrensa prosjektet NO2014 var av ein slik art med verknad fram til 28.2.2015, då UiO hadde oppfylt sine økonomiske forpliktingar overfor prosjektet. For resten av samlingsverksemda ved ILN er det ikkje sett av øyremerkte midlar, og desse områda er dermed ikkje skjerma frå dei prioriteringane ILNs styre har gjort for å sikre instituttet "bærekraftig økonomi og faglig kvalitet i et lengre perspektiv", som det står uttrykt i UiO-styrets protokoll i samband med vedtaket 19.6.12.

– Vil ikkje dette seia at UiO må gi frå seg pengane som er øyremerkte frå Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet direkte til ein ny vertsskapsinstitusjon?

UiO har sagt at det vil vere mogleg å bidra med omstillingsmidlar i ein flytteprosess. Ut over det viser eg til kommentaren til første spørsmål.

– Når skal de i møte med departementa om denne saka?

– Eg er ikkje kjend med at det er fastsett nokon dato, men eg håpar møtet kjem i stand så fort som råd.

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. apr. 2015 12:03

Her er det berre å konstatere at dei faglege prioriteringane som skulle sikre "bærekraftig økonomi og faglig kvalitet i et lengre perspektiv" ikkje tok inn over seg kva det vil bety for økonomien om Kulturdepartementet no faktisk tek med seg pengane UiO/HF/ILN i mange år har fått til dette arbeidet, og overfører dei til andre institusjonar. Ikkje særleg bærekraft for HF i det, nei. 

bjorghik - 8. apr. 2015 12:46

Her tror jeg det kan være nyttig å repetere tidligere forskningsdekan Einar Lies innlegg Uniforum og de vanskelige språksamlingene, publisert i Uniforum september 2014

Kristian Emil Kristoffersen - 9. apr. 2015 10:33

Nå er det vel slik at daværende forskningdekan Lie bruker stillingshjemmelsystemet retorisk. 1972 var det ikke mulig å overføre et visst antall millioner til UiO som en rundsum-bevilgning til språksamlingene. En slik bevilgning til lønn måtte uttrykkes gjennom tildeling av stillingshjemler. Det var vel først en gang etter 1990 at hjemmelsystemet ble opphevet.

En annen nyttig repetisjon kan være brevet fra  Kulturdepartentet til UiO datert  15.05.2015. På side fire står det:

«I samband med at desse ordbokstiltaka [Norsk litterært ordboksverk, Norsk Ordbok og Gammelnorsk ordboksverk] vart overførte til Universitetet i Oslo gjennom skipinga av Norsk leksikografisk institutt, fekk universitetet 15 nye stillingar som saman med tilhøyrande driftsmidlar vart finansierte gjennom særskild tilleggsløyving. Mesteparten av tilleggløyvinga vart dekt ved at tidlegare tilskot til dei tre ordbokstiltaka vart trekte inn. Dette kunne skje gjennom omdisponeringar innanfor budsjettet til Kyrkje- og undervisningsdepartementet og førte altså til reduksjon av tidlegare tilskot til Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og Det Norske Samlaget og ved at tilskotsposten til Det litterære ordboksverket vart stroken. 

Store delar av dei oppgåver som ein no drøftar eventuell alternativ organisering og finansiering av, tilsvarar altså oppgåver som universitelet i 1972 fekk særskilde pengar for å ta seg av. 

 

I samband med dette viser vi til dei føresetnadene som vart lagde til grunn da det noverande finansieringssystemet for universitet og høgskular vart innført med verknad frå 2003. Dette finansieringssystemet har både ein resultatbasert del og ein langsiktig og strategisk del. Vi forstår det slik at den langsiktige og strategiske delen av dei samla midlane universitet blir tildelt frå Kunnskapsdepartementet, er resultat av politiske prioriteringar som har utvikla seg over tid. Dette vart omtalt slik i St.prp. nr 1 (2001- 2002) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet: 

"Basiskomponenten av løyvinga for den enkelte institusjonen er m.a. eit uttrykk for ulik grad av særskilde oppgåver, av funksjonar og fagportefølje, av distriktsomsyn, institusjonsstorleik og husleigekostnader og av ulike politiske prioriteringar over tid."                                       

Dette må ein forstå slik at universitet ikkje utan vidare kan avvikla langsiktige oppgåver som det er gitt særskild finansiering av.

Christian-Emil Smith Ore - 9. apr. 2015 12:32

En liten rettelse til kommentaren om språksamlingene: Brevet fra departementet er selvfølgelig datert 15.05.2014. Jeg kan ikke se inn i fremtiden og det er jeg glad for også når det gjelder språksamlingens skjebne det siste året.

 Videre mente jeg at Lie bruker stillingshjemmelordningen som et retorisk knep. En stillingshjemmel tilført betydde også at stillingens finansiering ble forsatt neste budsjettår. Det er ikke snakk om en engangstøtte i 1973.

Christian-Emil Smith Ore - 9. apr. 2015 14:31

Det er også eit drygt stykke frekkheit når UiO i brevet sitt 23.3.2015 til Kulturdepartementet vil velta utgifter som Kunnskapsdepartementet alt har løyvd over statsbudsjettet åt UiO, m.a. til langsiktige oppgåver, over på Kulturdepartementet. Pengane til språksamlingane er i prinsippet alt innbakte i fellesløyvinga til UiO frå Kunnskapsdepartementet. At UiO alt frå slutten av 1990-talet har skore ned på stillngane våre og brukt desse midlane til andre ting, må institusjonen no svare for andsynes Stortinget og den norske allmenta. Dei har nemleg venta seg at UiO skulle syna kulturpolitisk ansvar. Eg reknar det som sjølvsagt at norske skattebetalarar gjerne ser at det blir laga nasjonale, vitskaplege ordbøker som folk flest kan bruke. Interessa ute er stor, nemleg.

 

Olaf Almenningen - 9. apr. 2015 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere