6000 besøkte UiO-festivalen

Maj Britt Andersen var mest populær under UiO-festivalen og trekte åleine 600 unge publikummarar.  Det opplyser festivalsjef Gjøril Songvoll til Uniforum.

FULL RULLE: Det var masse aktivitetar for barna under UiO-festivalen i helga. Såpebobleshow var ein av programpostane på barneuniversitetet.

– Me har berre fått gode tilbakemeldingar på UiO-festivalen.  Det ser ut til at alle er nøgde, seier festivalsjef Gjøril Songvoll, som no kan pusta letta ut etter at det tre dagar lange arrangementet er over. Førebels har ho rekna ut at arrangementa til saman har hatt besøk av 6000 personar.

Ho trekkjer gjerne fram UiO-aktivitetar som matematikktivoliet og papirflykonstruksjon fylgt av  papirflykonkurranse.

– Dei arrangementa var svært godt besøkte, seier ho.

 

SNOWDENS DØROPNAR: Sjefredaktør Alan Rusbridger bestemte at innhaldet i dei hemmelege dokumenta Edward Snowden hadde tatt frå den tidlegare arbeidsgjevaren sin, National Security Agency (NSA) kunne publiserast i The Guardian. Sist laurdag heldt han foredrag på UiO-festivalen. (Foto: Ola Sæther)

Misnøgd med vêret

Gjøril Songvoll  er  likevel misnøgd med vêret på festivaldagane.

– Det var for dårleg, og det hadde truleg kome fleire personar om vêret hadde vist seg frå ei litt betre side. Samtidig må det ikkje vera for fint vêr heller. Difor ynskjer eg meg helst overskya og varmt vêr, som passar best til utandørsfestivalar, synest ho.

Vil ha bort teltet

Eit stort problem dukka opp då Maj Britt Andersen skulle opptre i sirkusteltet. – Det kom over 600 personar og mange stod i kø og kom ikkje inn. Teltet blei for lite rett og slett. Neste år må me kvitta oss med sirkusteltet og ha arrangementa på barneuniversitetet under open himmel, slik at alle som vil, kan få med seg desse aktivitetane,  lovar ho.

Av konsertane for dei vaksne, plukkar ho ut konsertane med Thea Hjelmeland og Lars Vaular.

– Begge stader var det mykje liv, men det hadde vore plass til endå fleire,  konstaterer ho.

Lovar ny festival i 2016

Gjøril Songvoll har fått mange gode tilbakemeldingar.

– Rektor Ole Petter Ottersen har gitt oss masse skryt, og peika på at mange ikkje ser kor mykje logistikk som ligg bak ein slik festival.  Det set me stor pris på at han legg merke til.

– Blir det ny UiO-festival neste år?

– Ja, heilt klart.

SJØSKORPIONEN: Dinosaurforskar Jørn Hurum fengsla barna med historien om sjøskorpionen på Ringerike. (Foto:Ola Sæther)

Emneord: Kultur, Internasjonalisering, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2015 11:34 - Sist endra 27. apr. 2015 11:35

Nå som vi har fått inn alle tallene så var det faktisk over 8000 besøkende på hele festivalen. Da har vi regnet med fredag og søndag også. På lørdagen var det ca 7000 besøkende på UiO-festival på Blindern. Vi gleder oss til neste år.

Gjøril Songvoll - 5. mai 2015 07:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere