– Heilt absurd å leggja vekt på biologisk alder

– Så lenge ein forskar ikkje innfrir dei biologiske aldersgrensene til Forskingsrådet, blir ikkje forskaren sin søknad vurdert. Det meiner førsteamanuensis Elisabeth Staksrud ved Institutt for media og kommunikasjon, UiO.

 – Forskingsrådet driv regelrett diskriminering av oss som fell mellom to stolar, synest førsteamanuensis Elisabeth Staksrud ved Institutt for media og kommunikasjon, UiO.

Foto: Ola Sæther

I ein kronikk i Aftenposten 20. april kritiserer Elisabeth Staksrud Forskingsrådet for ikkje å ta omsyn til forskarar som har tatt doktorgrad og som har litt erfaring og som heller ikkje er pur unge. Grunnen er at den biologiske alderen til forskaren er det viktigaste kriteriet for å kunne søkja om økonomisk støtte til frie forskingsprosjekt. «Med andre ord, gode forskningsprosjekter kommer enten fra dem som er 39 år eller yngre, eller fra dem som har avlagt doktorgraden for mer enn seks år siden,» skriv ho.

– Heilt absurd!

Elisabeth Staksrud legg ikkje fingrane imellom når ho karakteriserer Forskingsrådets kvalifikasjonskrav på dette området. – Kravet om den rette biologiske alderen er heilt absurd. Forskingsrådet bør sjå på relevant erfaring både innanfor og utanfor akademia, i staden for berre å leggja vekt på at søkjaren skal ha den rette alderen, seier Elisabeth Staksrud til Uniforum.

Etter hennar meining har Forskingsrådet altfor firkanta reglar som ikkje tar omsyn til nye karrierevegar.

– Mange har i dag erfaring frå både det offentlege og det private arbeidslivet utanfor akademia før dei kjem tilbake til eit universitet eller høgskule for å ta ein doktorgrad. Det ser det ikkje ut til at Forskingsrådet har oppfatta. Både blant humanistar, samfunnsvitarar og medisinarar er det mange som skaffar seg anna erfaring, men dei kan vera minst like godt kvalifiserte som forskarar som dei som har halde til på universitetet heile tida, slår ho fast.

EU fokuserer ikkje på alder

Elisabeth Staksrud meiner at Forskingsrådet kan læra av dei kriteria som EU opererer med for forskarar som søkjer økonomisk støtte.

 – Der handlar det om kvalifikasjonane og erfaringane dine, og ikkje om biologisk alder. Forskingsrådet driv regelrett diskriminering av oss som fell mellom to stolar, synest ho. Staksrud peikar på at diskriminering nettopp handlar om at ein utelukkar eit mindretal frå eit felles gode som dei bør vera ein del av. – Me har lover som forbyr direkte diskriminering, når personar som elles er like, blir behandla forskjellig. Og her blir ei mindre gruppe med forskarar definert ut frå alle moglegheiter, ikkje på bakgrunn av merittar og kompetanse, men på bakgrunn av alder, konstaterer ho.

For henne har alders og «tid etter disputas»-kravet til Forskingsrådet ført til at ho har måtta setja på pauseknappen for dei forskingsprosjekta ho arbeider med. Ifylgje kronikken hennar handlar det om hennar interesse for å finna ut kvifor norske barn og unge (11–16 år) ligg i Europatoppen når det gjeld å oppsøkja ekstremistsider, proanoreksisider, sjølvskadingssider, hatsider og nettsider der ein kan finna ut korleis ein skal ta sitt eige liv.

Dessutan vil ho undersøkja vilkåra til ytringsfridomen i ei verd der ein i større grad har rolla som internasjonal forbrukar enn som nasjonal borgar. Elisabeth Staksrud viser til at konkurransen om pengar til slik forsking er hard, men at den som ikkje prøver, heller ikkje kan vinna. «Problemet er at jeg ikke får lov til å prøve», skriv ho.

«Ser seg blind på biologisk alder»

Etter hennar oppfatning er konsekvensen av politikken til Forskingsrådet at berre dei «unge» og dei «gamle» akademikarane får finansiering til forsking, medan ein ekskluderer dei «i midten». «Å måle erfaring i tid heller enn i akademiske kvalifikasjoner og meritter, er et mildt sagt forbausende prinsipp innenfor en sektor hvor alder ellers er irrelevant og innovasjon og resultater står i stadig økende fokus. Forskningsrådet ser seg blind på biologisk alder», skriv ho.

No fryktar ho at ho må lukka døra til kontoret og venta på sin biologiske alder og tida som har gått sidan doktorgrad, slik at Forskingsrådet ser på henne som erfaren.

Elisabeth Staksrud ber Forskingsrådet om å ta omsyn til andre kriterium enn biologisk alder, slik som faglege merittar, publikasjonar, premieringar og forskingsformidling i staden for å leggja så stor vekt på alders- og tidsavgrensing.

– Eg vil at Forskingsrådet har reglar som gjer at alle med forskarkompetanse kan søkja på relevante program og frie prosjektmidlar, seier Elisabeth Staksrud til Uniforum.

– Naudsynt med strenge kriterium

Divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet forstår ynsket frå Elisabeth Staksrud om at alle skal kunna søkja midlar i programmet for Fri prosjektstøtte (Fripro).

– Det finst gode grunngjevingar for dei avgrensingane som er sette. For det er heilt medvite at me satsar på unge forskartalent og me trur også at det er avgjerande for akademias framtid at me finn fram til dei beste talenta og støttar dei i etableringsfasen. I gjennomsnitt får norske forskarar fast stilling på universiteta først når dei er fylte 40 år. Difor er unge under 40 ei viktig målgruppe. Om me ikkje hadde sett ei slik grense, ville etablerte forskarar  ha skaffa seg ein stor del desse pengane, trur han.

Forskingsrådet har møtt mykje kritikk for alt det arbeidet som blir lagt ned i søknader som får avslag, spesielt har programmet Fri prosjektstøtte, der berre om lag 10 prosent av søknadane får positivt svar, blitt kritisert.

– Me tar på oss ansvaret for å bidra til at det er eit fornuftig forhold mellom talet på søknader og kor mange prosjekt som får positivt svar. Det er bakgrunnen for at me for ordinære forskingsprosjekt i Fripro, har vald å krevja at søkjaren har minst seks år med forskarerfaring etter avlagt doktorgrad.  Konkurransen om desse pengane er steinhard, berre dei aller beste søknadane frå forskarar med lange CV-ar når gjennom. Om me ikkje hadde sett ei slik grense, ville me fått inn eit stort tal søknader med minimal sjanse til å lykkast. Det ville blitt gjort mykje fånyttes søknadsarbeid på universiteta og høgskulane, meiner Anders Hanneborg.

– Prioriterer to hovudgrupper

Han er merksam på at einskilde forskarar kan koma i ein skvis.

– Ja, det er eg klar over. Me har vald å prioritera to hovudgrupper, unge talent og dei mest grensesprengjande prosjekta frå dei mest røynde forskarane. Det er heldigvis slik at Fripro ikkje er den einaste finansieringskjelda for forsking i universitets- og høgskulesektoren. Fripro utgjer berre fem prosent av den finansieringa, understrekar han.

Anders Hanneborg trur Elisabeth Staksrud kan halda fram med prosjekta sine, sjølv om ho ikkje får støtte frå Fripro.

– Både i  EU  og i Forskingsrådet er det mange andre finansieringskjelder som er aktuelle for forskinga hennar, peikar han på.

 

 

Emneord: Forskning, Arbeidsforhold, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2015 16:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere