- Eit demokratisk problem

– Det er eit demokratisk problem at Universitetsstyret skal velja ny prorektor på eiga hand, synest leiar for Studentparlamentet, Marianne Andenæs. Studentane er dei einaste som står fast på at når ein prorektor går av, skal det haldast nyval på heile rektorteamet.

VIL HA NYTT REKTORVAL: Studentparlamentet står fast på at det må haldast nytt rektorval om prorektor går av.  – Me meiner at rektor og prorektor stiller som eit team, ein stemmer ikkje berre på rektor, men også på prorektor, understrekar leiar Marianne Andenæs.

Foto: Ola Sæther

Førstkomande tysdag skal Universitetsstyret ta stilling til eit framlegg om å endra valreglementet, slik at det ikkje automatisk skal vera krav om nyval dersom prorektor går av minst eitt år før valperioden er over.

Rektor får ikkje røysta

Forslaget går ut på at dersom prorektor trekkjer seg, avgjer Universitetsstyret snarast mogleg om det skal haldast val på rektor/prorektor etter ordinære reglar eller om Universitetsstyret vel prorektor for resten av valperioden etter forslag frå rektor. Dersom det ikkje er eit alminneleg fleirtal for rektors kandidat, skal det gjennomførast val på rektor/prorektor etter ordinære reglar. Rektor skal ikkje sjølv kunna delta i avrøystinga.

I grunngjevinga for forslaget går det fram at målet er at det skal bli betre samsvar mellom dei universitetspolitiske konsekvensane av at prorektor går av og dei verkemidla som trengst for å oppretthalda det mandatet rektoratet har fått i val for ein periode på fire år. Det blir peika på at  det faktum at prorektor trekkjer seg, må ha mykje å seia for gjennomføringa av valprogrammet som rektoratet blei vald på, dersom det skal gjennomførast eit heilt nytt val på rektorat.

Ynskjer to tredjedels fleirtal

I høyringsnotata sine går både Det juridiske fakultetet og Universitetsbiblioteket inn for at spørsmålet må avgjerast med to tredjedels fleirtal. Om studentane ikkje får støtte for at det må haldast nyval, vil dei støtta forslaget frå Det juridiske fakultetet og Universitetsbiblioteket.

– Om det blir Universitetsstyret som skal oppnemna ein prorektor, er det heilt naudsynt at ein går for eit kvalifisert to tredjedels fleirtal heller enn alminneleg fleirtal, seier Marianne Andenæs. Både ho og Studentparlamentet synest derimot det er greit at diskusjonen handlar om kva som skal skje om prorektor trekkjer seg minst eitt år før det skal vera rektorval, og ikkje minst seks månader før.

– Det er heilt i orden at den grensa blir utvida frå seks månader til eitt år før ordinært rektorval, understrekar ho.

Aktualisert av prorektorsaka

Det sentrale valstyret vedtok sjølv å setja i gang arbeidet med endringane i valreglementet i mars i fjor. Universitetsstyret gav endeleg klarsignal i junimøtet i fjor.

Den delen av valreglementet som handlar om kva som skjer når prorektor går av midt i valperioden, blei aktualisert 6. mai i fjor, den dagen dåverande prorektor Ruth Vatvedt Fjeld trekte seg frå vervet.

Då foreslo rektor Ole Petter Ottersen viserektor Ragnhild Hennum som ny prorektor. Det røysta fleirtalet i Universitetsstyret, inkludert rektor Ole Petter Ottersen, for. Dei to studentrepresentantane røysta imot, og kravde at det skulle haldast eit nytt rektorval. Dei viste til Valreglementet, der det står at dersom rektor/prorektor går av før det er seks månader igjen av valperioden, skal det haldast nyval.

Leiaren for Valstyret, Knut Heidar, meinte at Universitetsstyret kunne sjå bort frå Valreglementet i den saka, og fleirtalet i Universitetsstyret røysta difor for Ragnhild Hennum som ny prorektor.

Kan bli norma

Dersom forslaget til endring i valreglementet ved UiO blir vedtatt av Universitetsstyret førstkomande tysdag, vil den prosedyren styret fylgde då Ruth Vatvedt Fjeld gjekk av som prorektor og blei erstatta med viserektor Ragnhild Hennum, bli norma for korleis ein slik situasjon skal løysast i framtida. Den einaste skilnaden blir at rektor ikkje får delta i røystinga, og at det handlar om kva som skal skje om prorektor trekkjer seg minst eitt år, og ikkje minst seks månader før valperioden er over.

– Må sjå på rektor og prorektor som eit team

For Studentparlamentet og Marianne Andenæs er det viktig å sjå på rektor og prorektor saman.

– Me meiner at rektor og prorektor stiller som eit team, ein stemmer ikkje berre på rektor, men også på prorektor, og det er difor viktig at me ser dei i samanheng, understrekar ho.

Sjølv om det berre er Studentparlamentet som står fast på at det i slike tilfelle skal haldast nyval, gir ho likevel honnør til universitetsdirektøren for å ha flagga standpunktet deira i saksdokumenta.

– Det er bra at me blir eksplisitt nemnde. Slik blir det tydeleggjort at det er usemje mellom oss og dei andre høyringsinstansane i denne saka, seier Marianne Andenæs.

Det blir foreslått at endringane i prosedyrane for kva som skal skje når prorektor går av midt i perioden, også skal gjelda for prodekanen på eit fakultet og for nestleiar i eit instituttstyre.

 Fylgjande andre endringar blir også føreslegne:

– Mellombels tilsette går  inn i valstyra ved dekan- og instituttleiarval

– Forenkling av stemmerettsreglane – også stemmerett for tilsette med tilsetting under eitt år.

– Studentane må vera semesterregistrerte for å kunna røysta.

– Vararepresentantar i valstyra og valkomiteane

– Universitetsstyrets tilsetjingsutval eller utvalsleiaren (rektor) godkjenner valkomiteane i staden for som i dag Universitetsstyrets tilsetjingsutval.

Universitetsstyret skal altså ta stilling til dei føreslegne  endringane i Valreglementet i møtet tysdag 5. mai.

Les heile saklista til møtet i Universitetsstyret.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentsaker, Valg Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2015 14:15 - Sist endra 29. apr. 2015 14:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere