Tar publiseringsmakta tilbake

For første gong i historia står Det juridiske fakultetet bak eit ope tilgjengeleg, elektronisk tidsskrift. Rett før nyttår kom det første nummeret av Oslo Law Review ut.

HØGE AMBISJONAR: Lee A. Bygrave, Anders Narvestad og Vibeke Blaker Strand utgjer redaksjonen i det opne elektroniske tidsskriftet Oslo Law Review.  –  Etter kvart skal det koma på det høgaste kvalitetsnivået for tidsskrift, trur dei.

Foto: Ola Sæther

– Me håpar dei beste norske og utanlandske juristane blir skribentar hos oss, seier redaksjonsmedlemane, Lee A. Bygrave, Vibeke Blaker Strand og Anders Narvestad. Dei er alle glødande opptekne av at tidsskriftet skal nå langt utanfor Universitetet i Oslos grenser.

– Minsteambisjonen vår er at me skal få bidragsytarar frå dei juridiske fagmiljøa i Bergen og Tromsø, men samtidig håpar me at også juristar frå utanlandske universitet kan tenkja seg å publisera i tidsskriftet, fortel redaktørane Lee A. Bygrave og Vibeke Blaker Strand og redaksjonssekretær Anders Narvestad.

Femner alle juridiske fagmiljø

– Det var prodekan Kåre Lilleholt som i 2013 tok opp ideen om å starta eit internasjonalt elektronisk tidsskrift og bad meg om å samla fagmiljø på tvers av fakultetet for å få det til, seier Lee A. Bygrave, som til dagleg er professor ved Institutt for privatrett og leiar for Senter for rettsinformatikk.

Difor tok han kontakt med Vibeke Blaker Strand, som er førsteamanuensis i rettsvitskap ved Norsk senter for menneskerettar. Saman fekk dei engasjert stipendiat Anders Narvestad på Institutt for offentleg rett som redaksjonssekretær. Han blir kjøpt fri for ein del av undervisningstida i den fire år lange stipendiatperioden for å arbeida med tidsskriftet.

– Det synest me er ei svært grei løysing. Og den breie fagbakgrunnen vår, viser at Det juridiske fakultetet meiner alvor når det ynskjer at dette elektroniske tidsskriftet skal femna alle dei juridiske fagområda, seier Vibeke Blaker Strand.

Gammal draum

Å få realisert eit slikt internasjonalt tidsskrift på juss er eigentleg ein gammal draum.

– Jussprofessorane Carsten Smith og Peter Lødrup var inne på det for over 20 år sidan. Men dei let det bli med tanken, seier Lee A. Bygrave.

Alle tre har høge ambisjonar for tidsskriftet.

 – Det har allereie fått status som nivå 1-tidsskrift, men målet vårt er at det skal bli eit nivå 2-tidsskrift. For å bli eit tidsskrift på nivå 2, blir det kravt at det blir publisert artiklar frå ulike fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt slik at det blir ein stor breidde av bidragsytarar. Det er mogleg å oppnå, men vil heilt sikkert ta litt tid, fortel Vibeke Blaker Strand.

I første omgang blir tidsskriftet ein gyllen sjanse for norske juristar til å publisera vitskaplege artiklar på engelsk.

– No vert ein viktig del av jobben å laga retningslinjer for forfattarane, å laga mal for artiklane og bestemma kva fontar me skal bruka, seier Anders Narvestad.

Solidaritetsprosjekt

Modellen for tidsskriftet er Oxford Journal of Legal Studies.

– Den store fordelen med tidsskriftet vårt er at det er eit ope tilgjengeleg elektronisk tidsskrift. Dette er eit solidaritetsprosjekt fordi forskinga blir spreidd gratis til alle i heile verda som har interesse for dei tema som blir tekne opp, så lenge ein har tilgang til Internett. Dermed blir ikkje tilgangen til forskinga avgrensa av økonomiske forhold, slik som ved publisering i tidsskrift som universiteta må betala mykje for å abonnera på. I ei verd med store økonomiske skilnader er dette ei utvikling me vil støtta, understrekar Blaker Strand.

Anders Narvestad nikkar og legg til:

– Samfunnet har betalt for forskinga vår, og nettopp difor bør omtalen av forskingsfunna også vera offentleg tilgjengeleg.

Skryt av FRITT

Dei er svært begeistra for at Universitetet i Oslo saman med Universitetsbiblioteket har oppretta eit system for å etablera elektroniske ope tilgjengelege vitskaplege tidsskrift på UiO.

– Det er utruleg viktig at dei har satsa på publiseringsløysinga FRITT, som gjer det mykje enklare enn før å starta nye og opne tilgjengelege, vitskaplege tidsskrift, understrekar Vibeke Blaker Strand.

Dei er allereie i gang med å samla inn stoff til neste nummer, som vil koma ut ein gong før sommarferien.

– Me skal gjera tidsskriftet kjent ved å marknadsføra det på internasjonale konferansar og på besøk hos dei juridiske fakulteta i Bergen og Tromsø. Me skal dessutan ta ein besøksrunde i dei ulike fagmiljøa på Det juridiske fakultetet ved UiO. Då blir det også lettare å få juristar innanlands og utanlands til å vera fagfellar på dei artiklane me får inn

Fakta om FRITT:

- ei publiseringsteneste for forskarar og fagmiljø ved UiO som ynskjer å starta opp fagfellevurderte Open Access-tidsskrift, eller gjere om allereie eksisterande tidsskrift til Open Access.

- i dag blir det gitt ut ni fagfellevurderte tidsskrift under FRITT-paraplyen.

- publiseringstenesta blir administrert av Universitetsbiblioteket.

- finn tidsskrift i FRITT

, seier Lee A. Bygrave.

– Avbyråkratisering av forskinga

Han fortel at vanlegvis har juristar som vil publisera i internasjonale tidsskrift, betalt minst 20 000 kroner for ein artikkel i til dømes Oxford University Press, som ikkje har open tilgang.

– Kort sagt er dette ei avbyråkratisering av forskinga fordi forskarane slepp å ta omsyn til forlaga sine mange og ulike reglar knytte til vilkår for open publisering. Tradisjonelt har jo forskarane måtte betala for å få publisera i dei vitskaplege tidsskrifta som universitetsbiblioteka må betala abonnement for. Med dette opne systemet får alle i heile verda tilgang til den vitskaplege artikkelen straks den er publisert, utan å betala ei einaste krone for det. Slik tar me makta over publiseringa frå dei store tidsskriftsforlaga og gir den tilbake til forskarane, meiner dei tre i redaksjonen til Oslo Law Review.

Les Oslo Law Review

 

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Jus, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2015 05:00 - Sist endra 17. mars 2015 09:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere