Etikk-komité får både ros og ris frå stipendiatar i konflikt

– Eg opplever at eg endeleg har blitt høyrd, seier tidlegare stipendiat Elise Naumann om konklusjonen frå Nasjonal etisk komitè for samfunnsfag og humaniora. Motparten Elin Brødholt  er ikkje nøgd. – Den byggjer utelukkande på ei einsidig og feil framstilling av fakta.

MEIR RYDDIG BEHANDLING: – Eg håpar at  utsegna frå  NESH vil bidra til at det blir ei meir opa og ei  meir ryddig behandling av forskingsetiske enkeltsaker ved universitetet, seier Elise Naumann, som er nøgd med konklusjonen til Nasjonal etisk komite for samfunnsfag og humaniora.

Foto: UiO

Nasjonal etisk komitè for samfunnsfag og humaniora kjem i dag med kraftig kritikk mot UiO for dårleg handsaming av striden mellom dei to doktorstipendiatane Elise Naumann og Elin Brødholt frå høvesvis Institutt for arkeologi, konservering og historie og Kulturhistorisk museum. 

Gav begge stipendiatane medhald

Då Elise Naumann skulle publisera ein vitskapleg artikkel ville ho ta med resultat av analyser som Elin Brødholt hadde utført.  Då kravde Elin Brødholt å få vera medforfattar. Det gjekk ikkje Elise Naumann og medforfattaren hennar med på.  Til slutt enda saka opp i Forskingsutvalet ved UiO, som langt på veg gav Elin Brødholt medhald. Det var grunnen til at Elise Naumann tok saka til Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora (NESH) for at dei skulle sjå på både sakshandsaminga og på rolla Forskingsetisk utval ved UiO hadde spelt i den saka.  Konklusjonen blei kjent gjennom Uniforum i dag, og den kjem med hardast kritikk mot UiO for måten universitetet og Forskingsetisk utval har handsama saka på.  Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora tilrår difor at «UiO endelig og utvetydig kan slå fast at Naumann ikke kan holdes ansvarlig for den urett som er begått mot Brødholt. På den måten kan UiO som ansvarlig institusjon også rydde opp i den urett som er begått mot Naumann,» heiter det i konklusjonen til den etiske komiteen.

– Endeleg blir eg høyrd

Elise Naumann er ferdig med stipendiatperioden og ho  er no heime  i barselspermisjon samtidig som ho er arbeidssøkjande.  Ho er glad for konklusjonen til Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora.

– Eg er svært nøgd med konklusjonen og eg opplever at eg endeleg har blitt høyrd, seier Elise Naumann til Uniforum.

– Kva er du mest glad for?

– Eg håpar at  utsegna frå  NESH vil bidra til at det blir ei meir opa og ei  meir ryddig behandling av forskingsetiske enkeltsaker ved universitetet. I eit sterkt konkurranseprega akademisk miljø kan enkeltpersonar - og da særleg yngre forskarar i mellombelse stillingar - vera spesielt utsette dersom dei ikkje er sikra ein forsvarleg og ei behandling som kan etterprøvast  i fall dei skulle utsetjast eller skuldast for forskingsetisk tvilsam åtferd.

Ventar på svar på krav frå UiO

Elise Naumann føler likevel at ho enno ikkje har fått full oppreising frå Universitetet i Oslo.

– Eg ventar framleis på at UiO-leiinga  skal imøtekomme  krava mine  om eit utvetydig dokument der dei faktiske forholda i saka kjem fram , og at dei dekkjer  kostnadene mine til juridisk bistand. Eg håpar at rapporten fra Nesh no vil synliggjera for leiinga at eg er ein part i denne saken og som fortener å bli høyrd.

Vonbroten

Motparten Elin Brødholt arbeider i dag som doktorstipendiat ved Anatomisk avdeling ved Det medisinske fakultetet. Ho inngjekk nyleg eit forlik med UiO i denne saka, og har heile tida fått juridisk bistand frå advokatkontoret Bing Hodneland.

Elin Brødholt er svært vonbroten over innhaldet i konklusjonen til Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora.

MISNØGD: - Her grip NESH inn i dei forskingsetiske aspekta av saka utan eingong å ha vurdert faktagrunnlaget her, seier doktorstipendiat Elin Brødholt i ein kommentar til konklusjonen i striden mellom henne og Elise Naumann (Arkivfoto: Yngve Vogt)

– Eg er ikkje einig i konklusjonen til NESH, som ikkje byggjer på noko anna enn  ei einsidig og feilaktig framstilling av fakta, seier Brødholt til Uniforum. Det er likevel ein annan ting som ho er endå meir sjokkert og overraska over..

 – Eg er svært overraska over at eg ikkje ein gong er blitt orientert om behandlinga av saka i NESH og heller ikkje har fått lov til å kommentera dei påstandane og faktagrunnlaget som Naumann kjem med. Dette er klare brot på forvaltningslova og prinsippet om kontradiksjon, understrekar ho.

Elin Brødholt peikar på at konklusjonen frå den forskingsetiske komiteen er ein kritikk av systemet, men at den også vedgår henne som enkeltperson i aller høgste grad.

– NESH sin konklusjon er ei innstilling om å frita Naumann for alt ansvaret for den uretten som er gjort mot meg. Her grip NESH inn i dei forskingsetiske aspekta av saka utan eingong å ha vurdert faktagrunnlaget her, meiner Brødholt.  Sjølv trekkjer ho denne konklusjonen:

– Det einaste NESH si utsegn vitnar om er det presserande behovet for ei grundig og omfattande behandling av spørsmåla knytte til uetisk vitskapleg åtferd i denne saka. Dette ventar eg er neste steg i prosessen, uttaler Elin Brødholt til Uniforum.

Den hardaste medfarten i konklusjonen til Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora får Forskingetisk utval ved UiO og utvalsleiar Svein Aage Christoffersen. Uniforum har vore i kontakt med han, men han ventar til utvalsmedlem Kirsti Strøm Bull er tilbake frå USA før han vil seia noko om denne saka.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Etikk, Historie, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2015 01:24 - Sist endra 20. mars 2015 09:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere