Midtausten ikkje noko stort trugsmål for Europa

Berre dei som kom eit kvarter før møtet begynte, fekk plass på Etter Paris-debatten i Litteraturhuset i går. Dei som kom seinare, møtte stengde dører, og fekk ikkje høyra svaret på om Midtausten trugar Europa.

MIDTAUSTEN TRUGAR IKKJE EUROPA: UiO-forskarar meiner berre enkeltpersonar frå Midtausten kan vera farlege for Europa, ikkje noka jihadistgruppe. Biletet er frå demonstrasjonen mot president Hosni Mubarak i Egypt under Den arabiske våren i 2011.

Foto: Mohammed Abed/AFP/Getty Images

Dei 120 personane som var tidleg ute, fekk høyra professor Bjørn Olav Utvik, førsteamanuensis Brynjar Lie og førstelektor i arabisk, Nora Eggen ved Senter for islam- og midtaustenstudiar på UiO diskutera om Midtausten utgjer ein fare for Europa. Møteleiar Lars Gule frå Høgskulen i Oslo og Akershus  gjekk nokre gonger sjølv inn i si eigentlege rolle som Midtaustenekspert.

Spott og bannskap

Nora Eggen tok først tak i blasfemiomgrepet i islam, og viste til at det hadde mykje til felles med blasfemiparagrafen som nyleg blei vedtatt fjerna frå  den norske straffelova.

– Det handlar i stor grad om å spotta Gud og profeten Muhammed. Tradisjonelt har det alltid blitt rekna som ei alvorleg synd og eit alvorleg brotsverk. På 1300-talet kunne det i verste fall føra til dødsstraff. Det blei brukt mot indre fiendar. I hovudsak gjekk det utover islamske lærde, som mullaer i sunni-islam og imamar i shia-islam. Spott og bannskap i seg sjølv blei ikkje sett på som eit grovt brotsverk, meinte ho.

Nora Eggen peika på at det i dag finst tre variantar i bruken av blasfemi innanfor islam. Det er pseudo-rettsleggjeringa til dei ekstremistiske gruppene som den islamske staten (IS) som ikkje respekterer tradisjonell rettsleggjering, men som har ein konfliktskapande agenda.

Den andre varianten er den nasjonale blasfemiagendaen.  Den er svært mykje brukt  av styresmaktene i Midtausten og har ein kontrollerande agenda.

Den tredje varianten er den utanomrettslege, moralske agendaen. Dei respekterer ytringsfridomen, men den blir sett opp mot ytringsansvaret.  Nokre av desse statane ser på eit åtak på staten som synonymt med eit åtak på profeten. Samtidig ser mange islamske lærde på terror i Guds namn som den verste terroren, slo ho fast.

Etterlyste islamsk Martin Luther

Etterpå fekk ho spørsmål frå publikum.

– Du viser til skrifter og reformer frå 1300-talet. Mange har etterlyst ein Martin Luther og ein reformasjon innanfor islam. Vil den koma? spurde Rolf Kirschner.

– Det har ikkje vore reformer innanfor islam sidan 1700-talet, svarte Nora Eggen.

– Men det finst jo reformatorar som Tarik Ramadan, repliserte møteleiar Lars Gule.

Men Nora Eggen kunne ikkje svara på om den Sveits-baserte islamske teologen Tariq Ramadan er ein islamsk Martin Luther.

– Ingen visste at Martin Luther ville bli reformatoren Martin Luther då han var Martin Luther. Ingen veit i dag om Tariq Ramadan vil bli islams svar på Martin Luther. Ein reformprosess er i gang, men me kan ikkje sitja her og bestemma kvar reformprosessen går, konstaterte ho.

– Luther ingen forkjempar for ytringsfridomen

Bjørn Olav Utvik peika på at det slett ikkje var alt som var bra med Martin Luther og reformasjonen:

– Martin Luther var ingen forkjempar for ytringsfridomen. Og eg håpar ikkje ein islamsk reformasjon fører til ein 30-årskrig slik som den som kom etter reformasjonen i Europa. Eller er det kanskje den som er i gang no? spurde han retorisk.

Samtidig viste han til at det faktisk er islamske lærde som tenkjer nytt i dag. – Ein av dei mest konservative, islamske lærde i Kuwait Hakim al-Mutayri støttar fullt opp om opprørsrørsla i Syria i deira kamp mot diktatoren Assad. Han har studert tekstane i Koranen grundig og konkludert med at islam er for full ytringsfridom og menneskerettane. No er han kasta i fengsel. Grunnen er at han hadde kritisert Saudi-Arabia for å bryta menneskerettane. Det gjer ein ikkje ustraffa i Kuwait, slo han fast.

Uheilag koalisjon

Sjølv peika han på den uheilaga koalisjonen som USA og Europa menger seg med i Midtausten i kampen mot den islamske staten (IS).

– Demonstrasjonen for ytringsfridom etter terroråtak mot Charlie Hebdo og den jødiske forretninga i Paris er eit klart døme på det. Der går statsleiarar frå Europa arm i arm med emirar frå den arabiske halvøya, ein representant for regimet i Saudi-Arabia, president Sisi i Egypt og kongen av Jordan. Ingen av dei utmerkar seg som forsvarar av ytringsfridomen og menneskerettane. I Saudi-Arabia har dei nyleg dømt Ralf Badawi til mange hundre piskeslag fordi han har tatt til orde for politiske reformer i landet, og i Egypt har dei forbode Den islamske brorskapen og klassifisert den som ein terrororganisasjon, viste han til.

Bjørn Olav Utvik kom med ei oppfordring til alle som var til stades. – Me bør samla oss og krevja at det skal innførast full ytringsfridom i alle land i Midtausten.

Karikaturteikningar blei viktige i 2006

Brynjar Lia trekte fram at kamp mot karikaturteikningar av profeten eigentleg ikkje var høgt prioritert av jihadist-rørsler som Al Qaida før etter 2006 og framover.

– Før det var det viktigaste å kjempa mot dei sekulære regima i Midtausten og den økonomiske utbyttinga frå stormaktene. Seinare blei kampen mot karikaturteikningar og blasfemi i Europa ein måte å mobilisera tilhengjarar på og skaffa seg pengar. Drapet på den nederlandske filmskaparen Theo van Gogh var det første dømet på eit drap der påskotet var han hadde vanæra islam. I 2008 kom også Osama bin Laden på bana og sa at karikatursaka var den aller viktigaste.

– Mange år før karikaturstriden tok av, spreidde mulla Krekar ein YouTube-video av to norske kurdarar som brende papir med fleire vers frå Koranen, og ville ha muslimar til å mobilisera mot dei. Men då fekk han ingen respons, slo han fast.

Brynjar Lia poengterte også  at det var tre ting som får personar frå Europa til å melda seg til  teneste for IS: – Det er ein jihadist-organisasjon som har hatt krigslykka med seg, det har oppretta sitt eige kalifat, og det er utruleg enkelt å koma seg til konfliktområdet via Tyrkia.

IS står for endetidsprofetiar

Konklusjonen til dei fire forskarane var at Midtausten ikkje utgjer noko stort trugsmål mot Europa.

– Derimot kan enkeltpersonar frå Midtausten stå bak aksjonar i Europa. Dei farlegaste av dei er tilhengjarane til IS, fordi dei er overtydde om at me lever i endetida, dei er altså "millenaristar". Det viser også rettssaka i Oslo tingrett mot dei tre mennene som er skulda for å ha vore framandkrigarar for IS, sa Lars Gule.

– Og at ein enkeltperson kan gjera stor skade og skapa store tragediar, er vel terroraksjonane i Noreg den 22. juli 2011 eit godt prov på, la han til.

 

Emneord: Midtøsten, Terrorisme, Internasjonalisering, Menneskerrettar Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2015 17:13 - Sist endra 17. mars 2015 17:20

Veldig fint at Uniforum refererer fra dette flotte arrangementet! Men en liten korreksjon er på sin plass. Jeg sa ikke at reform ikke finnes siden 1700-tallet. Det jeg derimot sa er at reformbegrepet er vanskelig å bruke fordi det forutsetter at det finnes en fastlagt størrelse som så kan reformeres. Islam som intellektuell tradisjon viser derimot at det hele tiden har vært en prosess, om enn mer kreativ og aktiv i noen enn i andre perioder. Men blasfemilovene slik de fremtrer og brukes i enkelte autoritære stater og grupper i dag, er resultat av en sementering av en bestemt tenkning rundt disse spørsmålene, hvor noen mulige tekster og tolkninger løftes frem fremfor andre. Hvor dagens tenkning ender opp gjenstår det å se.

Beste hilsen fra Nora S. Eggen

Nora Sunniva Eggen - 19. mars 2015 12:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere