Gjer smarte bilar smartare

I framtida kan alle dei viktigaste programvarene i ein bil bli reparerte og oppgraderte frå bilfabrikken via ei nettsky. UiO-forskarar har fått fleire millionar kroner frå EU til å utvikla ei trygg, digital løysing for denne teknologien.

FJERNSTYRING: UiO-forskar Ingrid Chieh Yu og forskarkollegaene hennar har fått fleire millionar kroner frå EU til å utvikla ei trygg, digital løysing for ein teknologi der dei viktigaste programvarene i ein bil kan bli reparerte og oppgraderte frå bilfabrikken via ei nettsky.

Foto: Ola Sæther

Teknologien vil gjera det mogleg for ein bil som treng ei oppgradering av eit dataprogram å senda melding om dette til bilfabrikken via ei nettsky. Den naudsynte oppgraderinga blir då gjort frå ei datamaskin på bilfabrikken i Italia. Sensorar på bilen sender melding til bilfabrikanten om kva bilen treng, og så blir dataprogramma i bilen så godt som nye igjen med heilt nye funksjonar.

Samarbeider med italiensk og norsk industri

– Slik kan ein bil som er produsert eit tidlegare år, få tilgang til nye funksjonar som er komne til i bilar som er produserte på eit seinare tidspunkt, forklarar Ingrid Chieh Yu, som er prosjektleiar for Universitetet i Oslos del av forskinga. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for informatikk, og har med seg professor Einar Broch Johnsen i prosjektet.

Dei samarbeider med forskarar i Italia og Tyskland og med industrikonsernet Magneti-Morelli i Italia. Dette konsernet lagar elektroniske kontrollsystem i bilmerke som Alfa Romeo, Mercedes, Citroën og Volkswagen. I tillegg deltar det norske selskapet Atbrox og det italienske selskapet Santer Reply i prosjektet.

Unngår turar til bilverkstaden

For å fylgja opp forskingsprosjektet må Ingrid Chieh Yu ta fleire turar til Italia. Teknologien kan takast i bruk på fleire bilmerke, når Magneti-Morelli finn ut at den er kommersielt klar.

 – Når bilfabrikanten finn ut at ein bil treng å justera programvara si, kan den rettast opp gjennom radiosambandet mellom bilfabrikken og bilane. Alle bilane er utstyrte med sensorar som gjer det mogleg å finna ut kva dei treng. Dersom det oppstår behov for å endra programvarer, vil det altså ikkje vera naudsynt å dra til bilverkstaden for å få arbeidet gjort der, forklarar Ingrid Chieh Yu til Uniforum.

Forskargruppa hennar arbeider no med å utvikla eit slikt system som kan bestemma behov for justering av programvare basert på informasjon frå sensorane i bilane. Det skal stadig kunna utvidast til å takla fleire og fleire liknande operasjonar etter kvart som bilfabrikantane tar i bruk meir og meir programvare i bilane.

Skal kunna handtera tusenvis av bilar

– Nye krav og pålegg og andre kravspesifikasjonar kan me også få med i den digitale infrastrukturen me skal utvikla, fortel Ingrid Chieh Yu.

Om den teknologiske løysinga blir vellykka, går det også motsett veg. – Ja, då kan sensorar i bilen senda beskjed til bilfabrikanten via nettskya at den treng oppgradering av eit

Fakta om HyVar:  

Prosjektnamn: HyVar: Scalable Hybrid Variability for Distributed Evolving Software Systems. Forskingsprosjektet er finansiert av EUs forskingsprogram Horisont 2020.

Samarbeidspartnarar: Universitetet i Torino, Italia, Det tekniske universitetet i Braunschweig i Tyskland og industriselskapa Magneti-Morelli og Santer Reply i Italia og Atbrox i Noreg.

Magneti-Morelli lagar elektronisk utstyr til bilmerke som Alfa Romeo, Mercedes, Citroën og Ford. Selskapet har 38 000 tilsette. Magneti- Morelli er eit dotterselskap av Fiat Chrysler Automobiles (FCA), som er verdas sjuande største bilprodusent.

Atbrox: Norsk datateknologiselskap som mellom anna arbeider med objektretta internett og nettskyteknologi.

bestemt dataprogram, seier ho.

Oppgåva til forskargruppa er også å utvikla ein struktur for dette systemet som kan handtera tusenvis av bilar og samtidig ta korrekte avgjerder om dei ulike bilane sine individuelle behov for oppgradering av programvare.

– Prosjektet vårt er å designa og utforma ein metode som heile tida kan vera informert om det er kome nye oppdateringar for den bilmodellen systemet er knytt til og passa på at

oppgraderingane skjer. Heile tida blir det tatt omsyn til behova til kvar enkelt bil. Målet er at oppdateringane skal skje utan at sjåføren må ha bilen på verkstad for programvareservice, understrekar ho.

– Kan bli nyttig for helsevesenet

Forskingsprosjektet starta opp tidlegare i år og skal vara ut 2018.

– Då vil me også få svar på om Magneti-Morelli er interessert i å utnytta denne teknologien kommersielt. Me har nemleg ikkje nokon garanti for det, sjølv om selskapet deltar i forskingssamarbeidet.

– Kva andre ting kan systemet brukast til?

– Det vil absolutt vera nyttig også innanfor helsevesenet og i utviklinga av objektretta internett, altså komfyrar og kjøleskåp som kan fjernstyrast frå mobiltelefonen eller nettbrettet.

– Har du blitt meir bilinteressert enn du var før etter at du blei leiar for dette prosjektet?

– Nei, eg tar alltid T-bane, trikk eller buss. Men eg kan kjøra bil, og eg er sjølvsagt interessert i dei dataverktøya som blir brukte i bilane i dag. Ein Alfa Romeo sportsbil har eg dessverre ikkje råd til. Eg håpar at me snart får høve til å besøkja bilfabrikkane i Torino.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Forskning, Informatikk, Internasjonalisering, EU Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2015 05:00

Den smarteste bilen er den som ikke eksisterer!

Privatbil er det mest idiotiske menneskene noen gang har funnet på!

tgs@ntnu.no - 19. mars 2015 11:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere