Gir 100 000 kroner til den beste ideen

Gode idear er dyre. Det veit forskingssjef Jonny Østensen og marknads- og kommunikasjonssjef Jannicke Kristoffersen i Inven2.

ETTERLYSER GODE IDEAR: Jonny Østensen og Jannicke Kristoffersen i Inven2 deler ut 100 000 kroner til den beste ideen.

Foto: Ola Sæther

– Me håpar mange let seg lokka av førstepremien på 100 000 kroner for Idéprisen 2015, seier dei to. Inven2 er Nordens største aktør i kommersialisering av forsking, og blir eigd i fellesskap av Universitetet i Oslo og Oslo universitetssykehus (OUS). Alle som har gode idear, kan senda dei inn til konkurransen før fristen går ut 26. mars.

 – Både forskarar, studentar og teknisk-administrative tilsette kan delta. Og både dei som har gode idear til korleis sykkellåsar kan bli endå meir tjuverisikre, og dei som har ein idé til korleis ein kan laga ein ny vaksine som kan redda verda, kan delta, understrekar Jonny Østensen.  Ein av deltakarane i fjor var «Epleslang» som er eit sosialt entreprenørselskap som tilbyr seg å plukka eple gratis i frukthagane til folk og lagar heimelaga eplejus av det dei samlar inn.  Ein annan idé som er blitt premiert, er meir sikre nettløysingar både på mobil og nett.

– Alle som vil delta, kan gå inn på ideprisen.no og fylla inn ideen og melda seg på, seier Jannicke Kristoffersen.  I fjor kom det inn 55 idear, medan det året før kom inn 84.

– Det har heile tida vore ei jamn fordeling mellom kvinner og menn.  No håpar me at talet på idear vil auka.  Det blir delt ut ein førstepremie på 100 000 kroner, ein andrepremie på 20 000 kroner og ein tredjepremie på 10 000 kroner.

– Juryen er dei svært kompetente tilsette i Inven2, og dei vil setja seg saman, gå gjennom ideane og kåra ein vinnar nokre veker etter at fristen går ut 26. mars, seier Jonny Østensen og Jannicke Kristoffersen.

Les meir om Idéprisen 2015

 

 

Emneord: Kommersialisering, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2015 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere