Forskingsetisk komité med hard kritikk av UiO

Universitetet i Oslo har for dårlege rutinar i handsaminga av forskingsetiske enkeltsaker, meiner Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora (NESH).

FÅR ETIKK-KRITIKK: UiO har for dårlege rutinar i handsaming av enkeltsaker i forskingsetikk, meiner Nasjonal etisk komite for samfunnsfag og humaniora (NESH).

Foto: Ola Sæther

Det er striden mellom doktorstipendiatane Elise Naumann på Institutt for arkeologi, konservering og historie og Elin Brødholt på Kulturhistorisk museum som no har vore opp til endeleg vurdering i Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora (NESH).

Frå 2011 var begge knytte til eit tverrfagleg forskingsprosjekt som baserte seg på undersøkingar av humane restar i gravmateriale frå yngre jernalder (SIGMA, 2008–2011). Desse menneskerestane var tatt vare på i De Schreinerske samlinger ved Avdeling for anatomi på Det medisinske fakultetet ved UiO.

Forskingsprosjektet var leidd av professor Jan Bill ved Kulturhistorisk museum. Til saman var tre stipendiatar knytte til prosjektet. Elise Naumann utførte kjemiske isotopanalysar, medan Elin Brødholt gjorde osteologiske undersøkingar av skjelettmaterialet. DNA-analysane blei utførte av den tredje stipendiaten, Maja Krzewinska frå Institutt for biovitskap, UiO.

Strid om medforfattarskap

Hausten 2012 hadde Elise Naumann klar ein vitskapleg artikkel som bygde på mellom anna arbeidet til Elin Brødholt. Stridens eple var korleis bidraget til Brødholt skulle bli kreditert. Brødholt kravde å bli ført opp som medforfattar, men det ville korkje Naumann eller medforfattar og siderettleiar T. Douglas Price frå University of Wisconsin-Madison gå med på. Elin Brødholt ynskte difor ikkje å gi frå seg funna sine. Prosjektleiar Jan Bill gav difor grønt lys for at det aktuelle materialet skulle reanalyserast av andre forskarar, slik at Naumann kunne bruka opplysningane i artikkelen, men utan å visa til Brødholt.

Kritiserte prosjektleiinga

Striden spissa seg kraftig til med både Kulturhistorisk museum og Det humanistiske fakultetet involverte. Elise Baumann la saman med Kulturhistorisk museum fram eit forslag til kompromiss i eit møte 15. februar 2013. Det gjekk ut på at arbeida til Elin Brødholt skulle krediterast og visast til, men utan at ho skulle vera medforfattar.  Brødholt var også invitert til møtet, men ho kom ikkje.

I mars 2013 blei det klart at Brødholts sak skulle fremjast for Forskingsetisk utval ved UiO. Der kom ein samrøystes komité med kraftig kritikk av prosjektleiinga, samtidig som den slo fast at det «er begått en urett overfor stipendiat Elin Brødholt.»  

Elise Naumann slår seg likevel ikkje til ro med den konklusjonen fordi ho meiner at saka i utgangspunktet handla om usemje om forfattarskap. Ho er ikkje nøgd med den måten saka blei handsama på i Forskingsetisk utval ved UiO. Samtidig kritiserer ho utvalsleiar Svein Aage Christoffersen som ho meiner oppførte seg partisk og den etterfylgjande handsaminga i utvalet er difor problematisk. Etter Naumanns oppfatning hadde utvalsleiaren gitt «konkrete råd til Brødholt på et tidspunkt der han kun hadde hørt versjonen til Brødholt.» Universitetsdirektøren avviste kravet frå Naumanns advokat om å underkjenna rapporten til Forskingsetisk utval på grunn av det dei meinte var den einsidige og partiske sakshandsaminga. Seinare sende Brødholts advokat eit brev til aktuelle utanlandske, vitskaplege tidsskrift og åtvara dei mot å trykkja artiklane til Elise Naumann, og skulda henne for ha brote dei etiske reglane for publisering av forskingsresultat. Seinare sende UiO eit brev til det mest aktuelle tidsskriftet og bad det om ikkje å ta omsyn til skuldingane mot Naumann frå Brødholts advokat.

Bad NESH om å ta opp saka

Elise Naumann var ikkje nøgd med sakshandsaminga i Forskingsetisk utval på UiO. Ho tok kontakt med Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora (NESH) 8. september 2014 for å få ei forskingsetisk vurdering av saka. Denne veka kom komiteen med konklusjonen sin.

Begge dei to doktorkandidatane får støtte i synspunktet på at dei har vore utsette for dårleg behandling.  Elise Naumann blir frikjent for skuldinga om å ha gjort eit forskingsetisk overtramp ved ikkje å inkludere Brødholt som medforfattar. Både Brødholt og Naumann er likevel skadelidande partar på grunn av den dårlege sakshandsaminga, understrekar etikkutvalet.

Den store stygge ulven i denne saka blir dermed Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo. Utvalet ved leiaren Svein Aage Christoffersen plasserer mykje av ansvaret på prosjektleiar og rettleiarar. Etikk-komiteen legg til at Universitetet i Oslo som institusjon har eit sjølvstendig ansvar, men det poenget er ikkje blitt tatt opp i saka.

Kritiserer veikskapar i sakshandsaminga ved UiO

Det blir også vist til at det faktum at Elise Naumann bad den nasjonale etiske komiteen ta ein grundig gjennomgang av saka, har ført til at det er påvist ein rad med veikskapar i sakshandsaminga til Universitetet i Oslo. I fråsegna frå Forskingsetisk utval ved UiO går det ikkje fram kva premissar eller forskingsetiske retningslinjer som er grunnlaget for vurderinga eller kva sakshandsamingsreglar som er fylgde. Eit oversyn over alle dokumenta i saka finst heller ikkje, sjølv om det er eit krav i UiOs eigne reglar for handsaming av slike saker. Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora (NESH) rår difor UiO til å gå gjennom rutinane, reglane og retningslinjene sine for handsaming av forskingsetiske enkeltsaker- Det bør skje, ikkje minst for å tydeleggjera institusjonen sitt eige ansvar, går det fram av konklusjonen i rapporten.

Universitetet i Oslo har nyleg inngått eit forlik med Brødholt. Det tykkjer den etiske komiteen er positivt. Men komiteen understrekar at det samtidig er viktig at det også blir gjennomført ei forskingsetisk, forsvarleg handsaming av Naumanns side av saka. Komiteen ser difor med blide auge på at UiO i eit brev til eitt tidsskrift har gitt ei klar melding om kva konklusjonar som rettmessig kan trekkjast frå rapporten til Forskingsetisk utval. Likevel meiner den at det ikkje er nok, sidan rapporten er så uklar og Naumann ikkje veit kva andre tidsskrift som har mottatt liknande meldingar.

UiO må rydda opp

I klartekst ber den etiske komiteen Universitetet i Oslo om å skapa orden i denne saka og retta opp den urettferdige handsaminga som begge dei to doktorkandidatane har vore utsette for.

Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora tilrår difor at «UiO endelig og utvetydig kan slå fast at Naumann ikke kan holdes ansvarlig for den urett som er begått mot Brødholt. På den måten kan UiO som ansvarlig institusjon også rydde opp i den urett som er begått mot Naumann,» heiter det i konklusjonen til den etiske komiteen.

(Kjelde: Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora)

Emneord: Etikk, Arkeologi, Historie Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2015 01:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere