Doktorgradsstipendiatar i konflikt: Universitetsleiinga støttar Forskingsetisk utval

Forskingsetisk utval ved UiO får sterk kritikk for si handsaming av konflikten mellom to doktorgradsstipendiatar.

– Leiinga ved Universitetet i Oslo har full tillit til Forskingsetisk utval og deira saksbehandling, slår universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fast.

Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora kom fredag 20. mars med kraftig kritikk mot UiO for dårleg handsaming av striden mellom dei to doktorgradsstipendiatane Elise Naumann og Elin Brødholt frå høvesvis Institutt for arkeologi, konservering og historie og Kulturhistorisk museum.

Då Elise Naumann skulle publisera ein vitskapleg artikkel, ville ho ta med resultat av analysar som Elin Brødholt hadde utført. Då kravde Elin Brødholt å få vera medforfattar. Det gjekk ikkje Elise Naumann og medforfattaren hennar med på. Til slutt enda saka opp i Forskingsetisk utval ved UiO, som langt på veg gav Elin Brødholt medhald.

Elise Naumann tok saka til Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora (NESH), for at dei skulle sjå på både sakshandsaminga og på rolla Forskingsetisk utval ved UiO hadde spelt i saka. Konklusjonen blei kjent gjennom Uniforum fredag, og NESH kom med hardast kritikk mot UiO for måten universitetet og Forskingsetisk utval har handsama saka på.

Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora tilrår at «UiO endelig og utvetydig kan slå fast at Naumann ikke kan holdes ansvarlig for den urett som er begått mot Brødholt».

«På den måten kan UiO som ansvarlig institusjon også rydde opp i den urett som er begått mot Naumann,» heiter det i konklusjonen til den etiske komiteen.

Full tillit

Universitetsdirektøren ynskjer ikkje å kommentera den aktuelle saka, men strekar under at tilliten til Forskingsetisk utval ikkje er svekt.

– Leiinga ved Universitetet i Oslo har full tillit til Forskingsetisk utval og deira saksbehandling. Den aktuelle saka har på vanleg måte vore gjenstand for ei omfattande, kontradiktorisk behandling i Forskingsetisk utval, uttaler ho.

­– Tykkjer de Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora tar feil i sin kritikk av handsaminga til UiO?

– UiO har ikkje vore involvert i prosessen knytt til den rådgivande utsegna frå Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora, men vi tar fråsegna til etterretning.

Saksforholdet har vore behandla i Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo tidlegare, og saka står ikkje i noko anna stilling i forhold til dei involverte partane etter utsegna frå NESH.

Begge fråsegnene kjem med kritikk knytt til behandlinga av båe dei involverte stipendiatane. UiO har, som overordna ansvarleg, lagt dette til grunn for si handtering av saka. Dette er ikkje endra etter utsegna frå Nasjonal etisk komité for samfunnsfag og humaniora. Elles ønskjer ikkje UiO å kommentera enkeltsakene nærmare, seier Bjørneboe.

Vil sjå på eigne saksbehandlingsreglar og mandat

– NESH kjem med hard kritikk av UiOs rutinar for handsaming av enkeltsaker i forskingsetikk. Kva konsekvensar UiO ser av kritikken? Vil rutinane bli endra, og i tilfelle på kva måte?

– Leiinga ved Universitetet i Oslo tar problemstillingar knytte til forskingsetikk og UiOs ansvar i samband med det på stort alvor. Basert på generelle erfaringar og konkrete saker evaluerer UiO heile tida gjeldande retningslinjer og system for å kunna oppfylla sitt ansvar på best mogleg måte. Denne saka er ikkje noko unntak, men leiinga ved UiO vil ikkje setja i verk ein særskild prosess som følgje av denne saka, svarar Bjørneboe.

Men sakshandingsreglane og mandatet til Forskingsetisk utval vil uansett bli gjennomgått.

– UiO er kjent med at Forskingsetisk utval i sitt neste møte vil gå gjennom utsegna frå NESH. Leiinga ved Universitetet i Oslo er vidare kjend med at Forskingsetisk utval allereie har sett i gang eit arbeid med å sjå på eigne saksbehandlingsreglar og mandat, heilt uavhengig av denne saka og fråsegna frå NESH, fortel universitetsdirektøren.

Les også:

Forskingsetisk komité med hard kritikk av UiO

Etikk-komité får både ros og ris frå stipendiatar i konflikt

 

Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2015 16:34 - Sist endra 24. mars 2015 09:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere