UiOs mest nøgde studentar vil gjera medisinstudiet betre

Medisinstudentane på Universitetet i Oslo er svært godt nøgde med studiet sitt. – Men me vil gjerne ha meir ansvar for pasientane før me er ferdig utdanna legar, synest Ida Susanna Fattah, Ane Drougge Vassbotn og Helge Leander B. Jensen.

MEST TILFREDSE: Medisinstudentane er mest tilfredse med studiet. – Noko kan likevel bli endå betre, meiner Ida Susanna Fattah, Ane Drougge Vassbotn og Helge Leander B. Jensen

Foto: Ola Sæther

Medisinstudentar er dei mest tilfredse studentane på universiteta. Det viste det siste Studiebarometeret til NOKUT. Og medisinstudentane Ida Susanna Fattah, Ane Drougge Vassbotn og Helge Leander B. Jensen stadfestar at dei har det bra på Det medisinske fakultetet. – For oss er det ei god undersøking, og me har det i hovudsak fint på studiet, seier Helge Jensen.

Ynskjer betre tilbakemelding

Men dei er visse på at mykje likevel kan bli endå betre.

– Det er ynskjeleg med fleire og betre tilbakemeldingar undervegs i studiet. Dette kan gjerast på fleire område, mellom anna under hospitering på avdelingane, i kliniske smågrupper, etter eksamen og av rettleiarar i problembasert læring. Me fotfylgjer legane på dei fleste avdelingane ved Oslo universitetssjukehus. Mange av dei gir oss gode tilbakemeldingar, men ikkje alle, stadfestar Helge L. Jensen og Ane Drougge Vassbotn.

– Det er stor variasjon i kvaliteten på den kliniske undervisninga, legg dei til.

– Nokre av dei medisinske fagmiljøa er flinke til å fylgja opp studentane, medan andre ikkje er så flinke. Det er avhengig av kvar enkelt lege, meiner Ida Susanna Fattah. Vassbotn og Jensen peikar spesielt på den nye poliklinikken på Ullevål. – Der er dei svært opptatt av å få studentar med i det daglege arbeidet. Dei er tydeleg merksame på kor viktig det er å få medisinstudentar med seg, konstaterer dei.

Ane Drougge Vassbotn ser at dei har mange fordelar samanlikna med studentar på andre fag ved universitetet.

– Me har dagleg kontakt med forskarar og legar. Fleire av dei arbeider på senter for framifrå forsking. Og det er fleire undervisarar på kvar medisinstudent, slår ho fast.

– Vil ha ansvar tidlegare

Alle er glade for at medisinstudentar i Oslo kjem tidleg ut i praksis.

– Trass i at me kjem tidleg ut i praksis, tar det lang tid før me faktisk får oppleva ansvaret som lege. Eg skulle ynskja det var ein litt mjukare overgang frå å fylgja etter legane, til å ha ansvar under nøye overvaking, seier Ida Susanna Fattah.

Dei synest det er bra at dei tidleg får kontakt med forskingsmiljøa og pasientane, slik at dei veit korleis arbeidsdagen til ein lege er.
 

– Me skulle likevel ynskja at det var like meritterande for ein medisinprofessor å driva med undervisning som å driva med forsking, tykkjer dei.

Ida Susanna Fattah forklarar det gjerne nærare.

– Det er generelt god kvalitet på den kliniske undervisninga, men utfordringa er at gode forelesarar ikkje blir meritterte for god kunnskapsformidling, men gode forskingsresultat. Det lir forelesingane våre av fordi dei naturleg nok ikkje blir prioriterte av alle. Eg ynskjer likevel å gi honnør til fakultetet for den innsatsen det legg i å gjera noko med dette, for det er eit problem for alle utdanningsinstitusjonar, meiner ho.

Digitaliseringa gir raskare sensur

Innanfor undervisningsområdet er medisinstudiet kome langt.

– Det har vore stor satsing på e-læring og mest alle eksamenar blir gjennomførte digitalt. Det synest me er veldig bra, seier Jensen og Drougge Vassbotn.

– På grunn av digitaliseringa kan sensor starta rettinga allereie når den enkelte oppgåva er levert inn. Derfor får me svar i løpet av ei veke no, medan det tidlegare kunne gå opp til tre veker, legg Ida Fattah til.

– Når det gjeld gjennomføring av eksamenar, er Universitetet i Oslo best av alle. Og når Oslo 2014 er gjennomført, vil alle skriftlege eksamenar skje digitalt, understrekar Helge

Studiebarometeret 2014:

83 prosent av medisinstudentane er nøgde med studiet

58 prosent av medisinstudentane er misnøgde med tilbakemeldinga

73 prosent er misnøgde med oppfylginga på studiet

Medisinstudentane og odontologistudentane jobbar 43 timar og 44 timar i veka med studiet

Heiltidsstudenten brukar i gjennomsnitt 33 timar i veka på faget

Sosiologistudentane brukar 28 timar i veka på faget, minst tid av alle

Undersøkinga er gjort mellom alle studentar i andre studieår på bachelor- og masterprogram, i tillegg til femteårsstudentar på integrerte masterprogram.

- Nesten 25 000 studentar på 60 universitet og høgskular svarte på undersøkinga hausten 2014.

- Svarprosenten ligg dermed på 42 prosent, ti prosent over svarprosenten då den blei gjennomført for første gong i 2013.

(Kjelde: NOKUTs Studiebarometer 2014)

 Jensen. Han meiner likevel at det er mange ting på medisin som kan bli betre.

– Dei første åra har me undervisning saman med studentane i ernæringsfysiologi og odontologi. Førelesarane snakkar til oss som om me alle er medisinstudentar. Ja, dei kan til og med finna på å stoppa midt i ei setning og spørja om det er andre studentar enn berre medisinstudentar. Då har dei ikkje gjort heimeleksa si, og det er eit teikn på at det er behov for ei betre integrering mellom desse faga, meiner han.

Tøft studium

Alle tre skriv under på at dei går på eit tøft studium.

– Alle veit kva dei går til, og har jobba hardt for å koma inn på studiet. Og det er viktig å halda fram med å arbeida hardt også etter at ein er komen inn på studiet. Det er ikkje slik at ein automatisk blir lege, berre fordi ein har kome inn på studiet. Om me ikkje held fram med å jobba hardt, kan ein lett koma for langt bak på, seier Ane Drougge Vassbotn.

– Dei heller få som sluttar på studiet, gjer som oftast det i løpet av dei første to åra. Seinare i studiet har ein som regel fått ei god forståing og litt erfaring om legeyrket og er meir

sikker i sitt val, meiner Helge Jensen.

Høge ambisjonar

Alle tre lovprisar det sosiale livet på medisin.

– Kullkjensla er svært sterk og me har studentforeiningar både for faglege spørsmål, for festar og for politikk og kultur. Difor er det mange måtar å bli kjende med kvarandre på her på medisinstudiet, slår dei fast.

Alle dei tre har klare ambisjonar for framtida.

– Eg skal bli barnelege og deretter barneombod, seier Ane Drougge Vassbotn på 5. semester.

– Min plan er å halda fram med å forska på pasientar med Alzheimer, i kombinasjon med arbeid som lege, seier Helge Leander B. Jensen på Forskarlinja.

– Draumen min er å hjelpa mine legekollegaer med infrastrukturen i helsevesenet, slik at både pasientbehandlinga og kvardagen til helsepersonalet kan bli betre, avslører Ida Fattah på 10. semester på medisinstudiet ved UiO.

.

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Medisin Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere