Språkforskarar går imot å kopla statsborgarskap til språktest

Å knyta godkjenning av statsborgarskap til testing av kunnskapar i norsk munnleg og i samfunnskunnskap, er ikkje i samsvar med demokratiske rettar, meiner språkforskarar ved UiO. Framstegspartiet meiner det er eit rimeleg minstekrav.

IMOT SPRÅKKRAV: Språkprofessor Elizabeth Lanza og andre språkforskarar på Senter for fleirspråklighet -MultiLing på UiO går imot regjeringa sitt forslag om å knyta språktestar til statsborgarskap.

Foto: Ola Sæther

Regjeringa har foreslått å endra paragraf 8 i statsborgarlova slik at det skal vera eit krav å kunna eit minimum av norsk munnleg og å ha bestått prøve i samfunnskunnskap for alle som skal bli norske statsborgarar. Prøven i samfunnskunnskap må også gjerast på norsk, sjølv om dei tidlegare har fått godkjent den same prøven med bruk av sitt eige morsmål, i fylgje forslaget.

Språkforskarane Elisabeth Lanza, Anne Golden, Else Ryen og Bente Ailin Svendsen ved MultiLing, Senter for fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo, går i ei felles høyringsfråsegn med fagmiljøa i Norsk som andrespråk og Norsk for internasjonale studentar, sterkt imot forslaget.

«Ikke i samsvar med demokratiske rettigheter»

Dei peikar på at dei ser der som svært viktig for innvandrarar å læra norsk og å tileigna seg kunnskapar om det norske samfunnet. Likevel kan dei ikkje støtta forslaget om å knyta godkjenning av statsborgarskap til testing av kunnskapar. «Etter vår oppfatning er denne koplingen ikke i samsvar med demokratiske rettigheter», skriv dei i høyringsfråsegna til Barne- og likestillingsdepartementet.

Dei meiner at dette heller ikkje oppfyller kravet om likebehandling, sidan det vil slå ulikt ut overfor ulike grupper. I tillegg synest dei at er eit urimeleg krav at dei må ta ein ny test som dokumentasjon på allereie dokumenterte kunnskapar. Då viser dei til at dei som har tatt ein test i samfunnskunnskap på til dømes engelsk, må den same testen på nytt på norsk for å få den godkjent.

Kan gå ut over dei mest vanskelegstilte

Dei trekkjer fram ein rapport frå Statistisk sentralbyrå som dokumenterer at det i hovudsak er personar frå land i krig eller land som er politisk ustabile, og dei utan statsborgarskap, som i dag får norsk statsborgarskap. Mange av dei har aldri fått skulegang, nokre av dei, ofte kvinner, er analfabetar. For dei kan også vera mange andre grunnar som gjer det vanskeleg å kunna så godt norsk som ein samfunnsfagprøve på norsk vil krevja, trekkjer dei fram.

Dei fryktar at konsekvensen av det kan bli at personar med behov for det vernet ein statsborgarskap gir, kan bli ekskludert frå dette.

Må ha unntak

Dersom forslaget om lovendring likevel blir vedtatt, meiner dei at det må vera så vide rammer for unntak at ein sikrar at dei mest vanskelegstilte innvandrarane kjem inn under unntaksreglane.

Om ikkje det blir gjort, trur dei konsekvensen kan bli at dei innvandrarane som har det aller tøffast, for alltid blir utestengde frå høvet til å få fullverdig statsborgarskap.

Testar fremjar ikkje integrering

Dei tar også vitskapen i bruk for å støtta opp under argumentasjonen sin. For det finst ingen dokumenterte studiar som viser at testar fremjar integrering. Tvert imot har
Fakta om norsk statsborgarskap:

Alle barn som blei fødde etter 1. september 2006 som har norsk far eller norsk mor, blir automatisk norske statsborgararantendeier fødde i Noregeller i utlandet.

Fakta om norsk statsborgarskap:

Alle barn som blei fødde etter 1. september 2006 som har norsk far eller norsk mor, blir automatisk norske statsborgarar anten dei er fødde i Noreg eller i utlandet.

Alle som blir adopterte av ein norsk statsborgar, blir automatisk norske statsborgarar.

Nordiske statsborgarar kan melda frå om at dei vil ha norsk statsborgarskap etter å ha budd i Noreg fast dei siste to åra.

Statsborgarar frå andre land kan søkja om norsk statsborgarskap dersom dei har opphalde seg minst sju år i Noreg i løpet av ein tiårsperiode.

Norske styresmakter tillét ikkje dobbelt statsborgarskap. Det kan gjevast dispensasjon i unntaktstilfelle.

Alle som skal bli norske statsborgarar må bestå ein test i samfunnskunnskap og ein test i norsk eller samisk.

Aktuelt: Regjeringa foreslår no at testen i samfunnskunnskap skal gjerast på norsk og ikkje på morsmålet. Det gjeld også for dei som tidlegare har bestått testen på sitt eige morsmål.

Språkkravet vil gjelda alle søkjarar mellom 18 og 67 år. Til no har språkkravet berre vore gjeldande for søkjarar mellom 18 og 55 år.

(Kjelder: UDI og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)

Alle som blir adopterte av einnorsk statsborgar, blir automatisk norske statsborgarar.

Nordiske statsborgararkan meldafråom at deivil ha norsk statsborgarskapetter å ha budd i Noregfast deisiste to åra.

Statsborgararfråandre land kan søkjaom norsk statsborgarskapdersom deihar opphaldeseg minst sju år i Noregi løpet av eintiårsperiode.

Norske styresmakter tillétikkjedobbelt statsborgarskap. Det kan gjevastdispensasjon i unntaktstilfelle.

Alle som skal bli norske statsborgararmå bestå eintest i samfunnskunnskap og eintest i norsk eller samisk.

Aktuelt: Regjeringa foreslår noat testen i samfunnskunnskap skal gjerastpå norsk og ikkjepå morsmålet. Det gjeld også for deisom tidlegarehar bestått testen på sitt eige

morsmål.

Språkkravet vil gjelda alle søkjararmellom 18 og 67 år. Til nohar språkkravet berrevoregjeldande for søkjararmellom 18 og 55 år.

(Kjelder: UDI og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet)
 velrenommerte internasjonale forskarar vist at det er mange uheldige fylgjer av å kopla språkkunnskapar og statsborgarskap.

Sverige blir brukt som døme på eit land der det ikkje er noko vilkår om dokumentasjon av kunnskapar for å få statsborgarskap.

Rådet frå språkforskarane til regjeringa er at det ikkje blir gjort endringar i dagens statsborgarlov.

– Må ha eit minstenivå av kunnskapar

Framstegspartiets innvandringspolitiske talsmann Mazyar Keshvari seier til NRK i dag at dei nye krava er heilt på sin plass.

– For oss er det ein sjølvsagt ting at dei som søkjer om norsk statsborgarskap, har eit minstenivå av kunnskapar om det samfunnet dei skal bli borgarar av, seier Keshvari. Han

synest ikkje det urimeleg at det blir kravd at prøven i samfunnskunnskap skal vera på norsk.

– At ein har den kunnskapen og kan svara på norsk, synest me er eit minstekriterium for å kunna bli norsk statsborger, seier Keshvari.

Han får motbør frå Likestillings- og diskrimineringsombodet.  Avdelingsleiar Guri Hestflått Gabrielsen presiserer overfor NRK at dei er ikkje imot at ein legg vekt på god samfunnsforståing og gode språkkunnskapar.

– Det me er opptekne av, er at det skal vera ei undervisning som tar omsyn til at folk har ulike behov, seier ho.

Høyringsfristen gjekk ut i slutten av januar, og det endelege forslaget frå regjeringa skal så handsamast av Stortinget.

Om det blir vedtatt, skal det ifylgje høyringsbrevet begynna å gjelda frå 1. juli 2015. Det vil seia at dei eventuelt nye krava i statsborgarlova, først vil få verknad for dei søknadane om statsborgarskap som kjem inn etter 1. juli 2016.

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Innvandring Av Martin Toft
Publisert 24. feb. 2015 11:30 - Sist endra 24. feb. 2015 11:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere