Elisabeth Aspaker blir vikar for Torbjørn Røe Isaksen

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker blir òg kunnskapsminister frå  6. april når statsråd Torbjørn Røe Isaksen går ut i pappapermisjon.

VIKAR: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker overtar også jobben som kunnskapsminister når Torbjørn Røe Isaksen tar pappapermisjon. På biletet er ho på besøk på Herøy på Sunnmøre

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet/Flickr

Torbjørn Røe Isaksen går ut i pappapermisjon i  to periodar. Den første perioden blir frå 6. til 23. april medan den andre blir frå 14. september til 2. oktober.  I begge periodane vil  fiskeriminister Elisabeth Aspaker vera vikar for Torbjørn Røe Isaksen, melder både Universitas og Fiskeribladet/Fiskaren.

Elisabeth Aspaker var i førre stortingsperiode utdanningspolitisk talskvinne for Høgre. Den dagen ho går av som statsråd, vil ho overta jobben som fylkesmann i Troms. I til saman ni år har ho sete som stortingsrepresentant for Troms.

Torbjørn Røe Isaksen vil også ta ut ein del av pappapermisjonen sin i samband med sommarferien, skriv Universitas.

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. feb. 2015 10:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere