Dansk professor reinvaska for forskingsfusk

Medisinprofessor Bente Klarlund Pedersen ved Københavns Universitet har ikkje handla vitskapleg uheiderleg. Det slår ein dom frå Østre Landsret i København fast.

REINVASKA: Medisinprofessor Bente Klarlund Pedersen ved Københavns Universitet (biletet) er reinvaska for skuldingar om uheiderleg forsking.

Foto: Martin Toft

Det var Bente Klarlund Pedersen som sjølv hadde ført saka inn for retten. Grunnen var at dei danske «Udvalgene vedrørende Videnskabelig Uredelighet inden for Sundhedsvidenskabelig Forskning» hadde konkludert med at Bente Klarlund Pedersen hadde handla vitskapleg uheiderleg i arbeidet med fire forskingsartiklar, skriv Uniavisen ved Købehavns Universitet i dag.

Ville oppheva avgjerd

Denne avgjerda ville ikkje Bente Klarlund Pedersen lata bli ståande, og ho gjekk til sak mot denne vitskaplege etiske komiteen, og kravde at avgjerda om at ho hadde handla på ein kritikkverdig og uheiderleg måte, måtte bli oppheva.

Dommen er ein stor siger for henne og eit stort tap for «Udvalgene vedrørende Videnskabelig Uredelighet inden for Sundhedsvidenskabelig Forskning». Utvala må også betala 400 000 kroner i sakskostnader, medan Klarlund har fått fri rettshjelp.

– Glad og letta

Bente Klarlund Pedersen seier til Uniavisen at ho kjenner seg reinvaska.

– Eg kan ikkje seia anna enn at eg er utruleg glad og letta, seier ho. Samtidig uttrykkjer ho takksemd overfor venner og støttespelarar som har hjelpt henne medan saka har gått for retten.

Klarlund Pedersen fekk ikkje medhald i påstanden sin om at fire av medlemane i etikkutvalet ikkje hadde rett til å delta i vurderinga av hennar sak, men det var likevel spørsmålet om ho hadde drive med uheiderleg forsking som var det viktigaste:

– Det vesentlege er «uredelighedsdommen», og den er feia av bordet på alle punkt, seier ho.

Medisinprofessoren vil ikkje ta stilling til ei mogleg erstatningssak.

– No vil eg konsentrera meg om forskinga mi, seier ho til Uniavisen.

Gratulert av rektor

Rektor for Københavns Universitet, Ralf Hemmingsen har ringt til Bente Klarlund Pedersen og ynskt henne til lykke med dommen.

Medisinsk direktør Jannik Hilsted på Rigshospitalet i København lovar også å trekkja tilbake alle dei sanksjonane som Bente Klarlund Pedersen er blitt underlagt, så sant dommen er endeleg og ikkje blir anka, opplyser Uniavisen.

Emneord: Etikk, Medisin, Norden Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2015 12:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere