Skal diskutera ytringsfridomen sine grenser etter attentata i Paris

– Universitetet i Oslo må vera ein stad der det er mogleg å utforska standpunkt uansett kor usmakelege og støytande dei kan vera. Difor er det viktig også å utfordra ytringsfridomen og spørja om den har sine grenser, meiner statsvitskapsprofessor Raino Malnes.

VERDIFULL: –Ja, ytringsfridomen er verdt å ta vare på.  Det er ein av dei flottaste verdiane me har i vårt samfunn, men det er ikkje den einaste, slår UiO-forskarane Raino Malnes og Anders Ravik Jupskås fast.

Foto: Ola Sæther

Attentata mot satirebladet Charlie Hebdo, den jødiske kosherbutikken og trykkeriet i Paris denne månaden, har aktualisert debatten om ytringsfridomens grenser. Det har fått UiO-rektor Ole Petter Ottersen til å ta initiativ til forelesingsrekkja «Etter Paris ...».  To dagar i neste månad skal ytringsfridomen  og  høgreekstremisme og militant islamisme opp til debatt på Litteraturhuset.

– Kan nyansera debatten

Ottersen trekkjer fram at ein av universitetet sine oppgåver er å bidra til den offentlege samtalen etter hendingar slik som terrorhandlingane i Paris.

– Med den store faglige breidda på universitetet  kan me informera og nyansera debatten. Eg trur det er eit stort behov for dette. Me såg dette behovet også etter terrorhandlingane den 22.  juli 2011. Då arrangerte me serien  "Etter 22/7- forelesingar" som blei sende på TV og etterpå utgitt i bokform. Desse førelesingane blei svært godt mottekne, seier Ole Petter Ottersen. 

Temaet på det første møtet er altså ytringsfridomen.

– Universitetet har også eit spesielt ansvar for å hegna om ytringsfridomen. Heile verksemda vår er tufta på ytringsfridom. Det er derfor naturleg at universitetet engasjerer seg og debatterer ytringsfridom i lys av både etikk og politikk, peikar han på.

Ole Petter Ottersen skal sjølv halda innleiinga på den første forelesinga onsdag 4. februar kl. 18.00 i Litteraturhuset.

– Vil ikkje leggja band på seg

Då skal professor Raino Malnes og universitetslektor Anders Ravik Jupskås på Institutt for statsvitskap snakka om ytringsfridomen sine grenser.

–  Det er viktig å visa at universitetet er landets viktigaste talarstol, og difor skal me ikkje leggja band på oss, lovar Raino Malnes.

Det synspunktet får han full støtte frå hos Anders Ravik Jupskås.

– Ja, det er viktig å lena seg litt tilbake og sjå på problem som dukkar opp etter sånne hendingar, på same måten som etter terrorhandlingane i Noreg 22. juli 2011. Då er det svært verdifullt og nyttig å koma i samtale med folk. Og så er det mogleg å koma med ei innvending eller motargument mot sine eigne synspunkt, seier han.

– Skal provosera forsamlinga

Raino Malnes har allereie avgjort at han skal  bruka dei ti minutta han har fått tildelt til å provosera forsamlinga.

– Eg har bestemt meg for å spørja om det kan vera grunn til å gi etter for utpressing dersom nokon trugar med vald. Tenk deg  at ei gruppe seier: "Viss de let vera å gjera noko me mislikar, til dømes å trykkja  støytande karikaturteikningar, så let me vera å terrorisera dykk, men i motsett fall kan alt skje".

– Finst det grunn til å gå med på den slags bytehandel? Bør me i enkelte situasjonar gi etter for sånt press, eller skal me alltid kontant avvisa det? Ein betalar ikkje gjerne løysepengar for folk som blir kidnappa, men det hender det er rett å gjera det. Kan  henda det er rett å inngå kompromiss med terroristar når det er ytringane våre dei er ute etter? spør han.

Antisemittisme og islamfobi

Anders Ravik Jupskås er også opptatt av å visa paradoks i ytringsfridomsdebatten.

– Dei som er mest opptekne av antisemittisme i Europa er ikkje alltid like opptekne av den utstrekte islamfobien som ein del av ideologien til partia på ytste høgre fløy, som har vore eit tema eg har forska på i fleire år, peikar han på.

– Framandfiendtleg propaganda påverkar

Jupskås viser også til ein studie av minoritetsungdommar i Austerrike.

– Dei etniske minoritetane som blei utsette for framandfiendtleg propaganda frå parti på ytste høgre fløy, presterte dårlegare på skulen enn etniske minoritetar som ikkje blei eksponerte for den same hatefulle bodskapen. Bør det ikkje difor vera eit visst vern av minoritetane når det gjeld ytringar som dei kan føla seg støtt av eller krenka av?  spør han.

Raino Malnes viser til eit ferskt døme frå Frankrike like etter terrorhandlingane.

– Ein fransk komikar fekk forbod mot å framføra antisemittiske tekstar. Styresmaktene meinte det kunne truga ro og orden og kanskje føra til vald. Det var altså ikkje for å verna jødar mot tekstane, slår han fast.

– Verdt å ta vare på

Begge er svært opptekne av ytringsfridomen.

– Me må likevel alltid spørja oss sjølve. Kven føler seg krenka? Det finst både gode og dårlege grunnar for å gripa inn mot ytringsfridomen. Blir samfunnet dårlegare utan ytringsfridomen?  spør dei.  Dei svarar sjølve på spørsmålet.

– Ja, ytringsfridomen er verdt å ta vare på.  Det er ein av dei flottaste verdiane me har i vårt samfunn, men det er ikkje den einaste, slår Raino Malnes og Anders Ravik Jupskås fast.

Les meir om førelesinga Frie ytringer – etikken og de politiske realitetene

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Jus, Terrorisme, Frankrike Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2015 00:00 - Sist endra 30. jan. 2015 10:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere