Universitas braut ikkje god presseskikk

Studentavisa Universitas skreiv ein artikkel om studentar og bioterror heilt etter retningslinjene i Ver varsam-plakaten. Det er konklusjonen til Pressas faglege utval (PFU) etter å ha handsama ein klage mot avisa.

INNKLAGA ARTIKKEL: Dette er Universitas' artikkel om bioterror som blei klaga inn for Pressas faglege utval.  Den konkluderte me at avisa ikkje hadde brote god presseskikk.

Foto: Ola Sæther

Det var 27. august i fjor Universitas presenterte studentane som hadde deltatt i  ein internasjonal konkurranse i syntetisk biologi.

Avisa fortel om studentane som har jobba med faget «International Genetically Engineered Machine (iGEM)"  , som også er ein internasjonal konkurranse. I artikkelen kopla Universitas temaet til korleis det vil vera mogleg å bruka denne kunnskapen til å driva med bioterrorisme, om den kjem i galne hender.

Det var eit emne som avisa tok opp med direktøren for Bioteknologinemnda, Sissel Rogne.  Ho viste til at syntetisk biologi  er vitskapen om korleis ein kan framstilla arvemateriale syntetisk. Innanfor syntetisk biologi kan ein med rett utstyr laga smittefarlege bakteriar eller virus, går det fram av artikkelen «Frykter ny bioterror-trussel» i Universitas frå 27. august i fjor.

Reportasjen var illustrert med eit bilete av tre studentar på laboratoriet ved Institutt for biovitskap ved UiO.

Framstilte som potensielle terroristar

Ein av dei tre kvinnelege studentane hadde også på seg ein hijab.  Det var dei tre studentane som saman med kursleiaren hadde klaga Universitas inn for Pressas faglege utval (PFU).  Dei  meinte at artikkelen framstilte studentane som potensielle terroristar og hevda at syntetisk biologi kunne vera farleg. Ifylgje Journalisten,opplevde klagarane, spesielt studenten med hijab, artikkelen som stigmatiserande.

Avviser klagen

Universitas avviser klagen og meiner at det kjem klart fram at det handlar om moglege farar ved heile fagområdet, og ikkje gjennom konkurransen eller studentane. Etter avisa si oppfatning formidlar artikkelen ein positiv omtale av konkurransen. Dei ansvarlege for avisa stiller seg difor uforståande til klagarane sin kritikk.

I formiddag kom saka opp i Pressas faglege utval. Den samrøystes konklusjonen blei at avisa ikkje hadde brote god presseskikk gjennom denne reportasjen. Derimot hadde avisa fylgt alle dei etiske spelereglane innanfor journalistikken.Temaet bioterrorisme var også med i spørsmåla dei hadde stilt til direktøren for Bioteknologinemnda. Medlemane i utvalet forstår heller ikkje kvifor ein kvinneleg student som går med hijab, skal føla det stigmatiserande å vera med på eit bilete som handlar om bioterrorisme. Utvalet støttar Universitas-redaksjonens argumentasjon om at det ville ha vore rart ikkje å bruka eit bilete berre fordi ei jente med hijab er med på det.

Nøgd Universitas-redaktør

Universitas-redaktør Geir Molnes er svært nøgd med avgjerda til Pressas faglege utval (PFU).

– Ja, me fekk meir skryt for artikkelen der enn det den fekk på vårt eige redaksjonsmøte, seier Geir Molnes til Uniforum.  Han var rimeleg sikker på at den innklaga Universitas-artikkelen var godt innanfor retningslinjene i Ver varsam-plakaten. – Eg kunne ikkje sjå korleis avisa kunne bli felt, legg han til.

– Eg var likevel spent på kva som kom til å bli den endelege avgjerda. Difor kjentest det svært godt då PFU konkluderte me at Universitas ikkje hadde brote god presseskikk.

 – Vil det seia at Universitas vil bli endå meir tabloid i framtida?

– Me prøver heile tida å spissa sakene våre på ein best mogleg tabloid måte. Universitas held seg likevel alltid godt innanfor retningslinjene til Ver varsam-plakaten. Og dette var faktisk første gong, så vidt eg hugsar, ein artikkel frå avisa har vore oppe til behandling i Pressas faglege utval, seier Geir Molnes til Uniforum.

 

 

 

 

Emneord: Media, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 27. jan. 2015 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere