– UiO skal framleis vera Noregs beste universitet

– Storleik er ikkje noko mål i seg sjølv. Det er kvaliteten på det me gjer, som tel. Det seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein kommentar til at NTNU fusjonerer med tre høgskular og overtar tittelen som Noregs største universitet.

SPENNANDE: – NTNU går no ei spennande tid i møte, og me ynskjer dei lykke til med fusjonsprosessen, seier Ole Petter Ottersen. No brukar også han sykkelhjelm med NTNU-logo på. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

I går vedtok eit knapt fleirtal i styret for Noregs naturvitskaplege og teknologiske universitet (NTNU) å seia ja til ein fusjon med Høgskulen i Sør-Trøndelag, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Gjøvik.

Om fusjonen blir sett i verk, blir NTNU Noregs største universitet med nærare 40 000 studentar, rundt 12 000 fleire enn Universitetet i Oslo har som til no har vore Noregs både største og eldste universitet.

– Ikkje stort sakn

Rektor Ole Petter Ottersen feller ingen tårer  for at UiO om kort tid blir Noregs nest største og ikkje lenger største universitet.

– Storleik er ikkje noko mål i seg sjølv. Det er kvaliteten i det me gjer, som tel.Så det blir ikkje noko stort sakn å fjerna "det største" når me omtalar vårt eige universitet. Me må berre vedgå at dersom NTNU no fusjonerer, så blir dei "det største". NTNU går no ei spennande tid i møte, og me ynskjer dei lykke til med fusjonsprosessen.

Vil ikkje meina noko om fusjonen

– Kva synest du om avgjerda til NTNU-styret der dei går inn for fusjon med Høgskulen i Sør-Trøndelag, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Gjøvik?

– Eg er ikkje i ein posisjon der eg bør ha ei meining om avgjerda til styret ved NTNU. Det har i denne prosessen vore lagt opp til at institusjonane sjølve skulle ta ei avgjerd om eventuell samanslåing. Eg er heilt sikker på at det har vore ein omfattande diskusjon om fordelane og eventuelle ulemper ved ein slik fusjon som NTNU-styret no går inn for.

Ole Petter Ottersen har registrert at høgskuledirektør Ann Elisabeth Wedø ved Høgskulen i Oslo og Akershus meiner at det hadde vore viktig for samfunnet om Universitetet i Oslo og Høgskulen i Oslo og Akershus fusjonerer. Det er ikkje Ottersen einig med henne i.

– Me har sagt gjennom heile denne prosessen at UiO er store nok med om lag 27 000 studentar. Me synest arbeidsdelinga mellom UiO og HiOA fungerer svært godt og ynskjer å halda fram og utvikla samarbeidet vidare.

– Kan det ikkje vera ein måte å møta konkurransen frå gigantuniversitetet i Trondheim på?

Stort volum er ikkje nødvendigvis den beste måten å møta konkurranse på. Me meiner at høg kvalitet på forskinga og utdanninga vår, er det viktigaste verkemiddelet for å halda fram med å vera Noregs beste universitet og for å nå visjonen vår om å bli eit leiande europeisk forskingsuniversitet.

– På teknologisida, ikkje minst, har me høge ambisjonar om å bli endå meir synleg og endå betre. Det er det daglege kvalitetsarbeidet frå alle våre tilsette som er avgjerande, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Arbeidsforhold, Studentforhold. Av Martin Toft
Publisert 29. jan. 2015 15:16 - Sist endra 29. jan. 2015 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere