SV har avrøysting om vald eller tilsett dekan

I dag klokka 12.00 sette Det samfunnsvitskaplege fakultetet i gang ei rådgjevande avrøysting blant studentar og tilsette for å finna ut om dei vil ha tilsett eller vald dekan.

UEINIGE: Tidlegare forskingsdekan Einar Lie ved HF og tidlegare SV-dekan Knut Heidar var heilt ueinige om vald eller tilsett dekan på debattmøtet på SV-fakultetet i dag. Bak sit fakultetsdirektør Gudleik Grimstad og pedagogikkprofessor Peter Maasen.

Foto: Ola Sæther

Den 26. februar skal fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet avgjera om fakultetet skal ha tilsett eller vald dekan.

For å få ein liten peikepinn om korleis haldninga til det spørsmålet er blant dei tilsette og studentane, held SV-fakultetet ei rådgjevande avrøysting frå i dag kl. 12.00 og fram til neste fredag kl. 16.00.

I formiddag arrangerte fakultetet eit debattmøte der innleiarane hadde ulike synspunkt på vald eller tilsett leiing.

Sitjande og vald dekan, Fanny Duckert har tidlegare gjort det klart at ho kjem til å gå inn for at det blir innført ei ordning med tilsett dekan. Forgjengaren hennar, Knut Heidar, som også vart vald, er derimot ein varm forsvarar av dagens ordning med vald dekan.

Dei tre rekrutteringsmåtane

I innleiinga si gjekk Fanny Duckert gjennom tre alternative rekrutteringsmåtar for dekanvervet på forskjellige universitet. Det første alternativet er eit demokratisk val med fleire kandidatar. Det andre alternativet er at valkomiteen peikar ut ein kandidat som blir vald av fakultetsstyret. Det siste alternativet er tilsetjing av dekan.

– Det samfunnsvitskaplege fakultetet har alltid brukt alternativ 2, altså at valkomiteen peikar ut ein dekankandidat. Den vanlege strategien for å bli vald, er å vera den motvillige leiaren, som aldri sjølv har uttrykt noko ynske om å bli leiar. På den måten blir det ofte ein uklar og uryddig rekrutteringsprosess, meinte Fanny Duckert.

– Forsvarar autonomien vår

Knut Heidar var svært ueinig med etterfylgjaren sin.  – Eg forsvarar ordninga med vald leiing og vald dekan.  Og kva er det me får med tilsett leiing som me ikkje får me vald leiing? Å ha ein vald dekan er viktig for å forsvara autonomien vår. Eg vil også forsvara ordninga med ein valkomité, for då er det mogleg å diskutera kva kandidatar som er best eigna til å vera dekan ved SV-fakultetet, sa han.

– Fordelen med å ha vald dekan, er at veljarane har høve til ikkje å velja vedkomande på nytt, viss dei meiner han eller ho har gjort ein dårleg jobb. Det er litt større risiko ved ei ekstern rekruttering enn ei intern rekruttering. Og med ein tilsett dekan, kan det bli mykje kokkelimonke, meinte han.

– Alle kan stilla opp på HF

Tidlegare forskingsdekan Einar Lie ved Det humanistiske fakultetet brukte sitt eige fakultet som døme.

– Der kan alle som har lyst til det, stilla opp som dekankandidatar utan at det blir lagt hindringar i vegen for det. For meg minner valordninga på SV for mykje om valordninga i dei landa som tidlegare hadde «demokratisk» som ein del av namnet, peika Einar Lie på.

Han trekte også fram at mange av dei viktigaste reformene på Det humanistiske fakultetet blei gjorde utan at det stod noko i valprogrammet til dekankandidaten om at vedkomande skulle gjera det. – Samanslåinga av tolv institutt til sju institutt var heilt naudsynt, men ingen dekankandidat hadde vunne valet på å gå inn for å endra status quo.  Difor har eg vanskeleg for å forstå korleis dette kan gi ein vald dekan meir legitimitet enn ein tilsett dekan, sa han.

– Dessutan trur eg ikkje det blir meir kokkelimonke med tilsett dekan enn med vald dekan. Det skjer sikkert mykje kokkelimonke i Universitetsstyret og regjeringa også, men me kan ikkje avskaffa dei av den grunn, slo han fast.

Den rådgjevande, elektroniske avrøystinga som skal visa korleis haldninga til dette spørsmålet er på SV-fakultetet, starta kl. 12.00 i dag. Den blir avslutta neste fredag kl. 16.00. Då skal Uniforum sjølvsagt koma med resultatet. Den endelege avgjerda om vald eller tilsett dekan på SV-fakultetet blir altså tatt i møtet i fakultetsstyret den 26. februar.

Emneord: Dekanvalg, SV-fakultetet, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. jan. 2015 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere