– Studentrepresentantane er pampar

Universitetsstyrerepresentantane Karin Widerberg og Kristian Gundersen fekk berre sine eigne røyster til forslaget om å oppretta ei referansegruppe for oppfylginga av arbeidet til den internasjonale rådgjevingsgruppa (SAB) då saka var oppe i Universitetsstyret i går.

FEKK IKKJE STØTTE: Universitetsstyrerepresentant Kristian Gundersen kritiserer studentrepresentantane etter at han og Karin Widerberg ikkje fekk støtte for eit forslag om å oppretta ei referansegruppe i samband med oppfylginga av arbeidet til den internasjonale rådgjevingsgruppa (SAB).

Foto: Ola Sæther

Framlegget frå Karin Widerberg og Kristian Gundersen gjekk ut på at det burde opprettast ei breitt samansett referansegruppe som kunne koma med innspel til alle dei tre gruppene som skal arbeida med utdanningskvalitet, forskingskvalitet og tverrfagleg samarbeid i samband med tilrådinga frå den strategiske rådgjevingsgruppa (Strategic Advisory Board).

Avrøysting

Forslaget frå dei to representantane for dei vitskaplege tilsette gjekk ut på at referansegruppa skulle ha representantar frå studentane og dei vitskaplege tilsette frå alle dei åtte fakultetsstyra ved UiO.

Rektor Ole Petter Ottersen meinte forslaget burde koma opp til avrøysting. Då fekk det berre dei to stemmene frå Kristian Gundersen og Karin Widerberg. Resultatet blei at

Dei fire arbeidsgruppene:

  1. Utdanningskvalitet.

Leiar: UV-dekan Berit Karseth. Mandat: Skal mellom anna vurdera korleis arbeidet med utdanningskvalitet har klare nok langsiktige mål og sjå på kva tradisjon ulike fagmiljø har for å dela erfaringane sine med kvarandre.

  1. Forskingskvalitet:

Leiar: Viserektor Knut Fægri: Mandat: Skal mellom anna vurdera måla for arbeidet med forskingskvalitet ved UiO og drøfta behovet for vidare tiltak eller endringar/justeringar for å svara på utfordringane frå den internasjonale rådgjevingsgruppa ( SAB)

  1. Tverrfagleg samarbeid

Leiar: Viserektor Knut Fægri. Mandat: Skal mellom anna vurdera om det trengst meir presise mål for arbeidet med tverrfagleg samarbeid på UiO og drøfta behovet for fleire tiltak eller endringar/justeringar for å svara på utfordringane frå SAB.

  1. Konsekvensar for organisasjons- og avgjerdsstruktur på grunnlag av fagområda Leiar: Arild Underdal. Mandat: Blir bestemt av Universitetsstyret 10. mars.

Les meir i sakspapira til Universitetsstyret:

innstillinga frå universitetsdirektøren vart vedtatt.

– Dette viser at studentrepresentantane ikkje gjer det som er best for studentane. Dei er berre pampar, sa Kristian Gundersen til Uniforum etter at han og Karin Widerberg hadde tapt voteringa i Universitetsstyret.

Knut Frydenlund er ein av dei to styrerepresentantane som er valde av studentane. Han meiner utbrotet frå Kristian Gundersen får stå for hans eiga rekning.

– Eg meiner mandatet slik det ligg føre no, vil gi ein prosess som vil  vera godt forankra i organisasjonen. Det vil difor ikkje vera behov for noko referansegruppe i tillegg. Det er

flott at Kristian Gundersen er så engasjert, seier Knut Frydenlund til Uniforum.

Støtta framlegget frå universitetsdirektøren

Den endelege avgjerda inneber dermed at Universitetsstyret sluttar seg til universitetsdirektøren sine forslag til mandat for arbeidsområda utdanningskvalitet, forskingskvalitet og tverrfagleg samarbeid. Samtidig godkjende styret heile den føreslegne oppfylginga av tilrådingane frå den internasjonale rådgjevingsgruppa (SAB) i 2015 og 2016.

Dei to gruppene som skal sjå på forskingskvalitet og tverrfagleg samarbeid, blir begge leidde av viserektor Knut Fægri. Gruppa som skal sjå på utdanningskvalitet, skal leiast av dekan Berit Karseth ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Det fjerde arbeidsområdet som skal gjennomgåast, er organisasjons- og avgjerdsstrukturar ved UiO. Den gruppa skal leiast av tidlegare UiO-rektor Arild Underdal. Mandatet til den gruppa skal opp til drøfting i neste møte i Universitetsstyret den 10. mars.

Kritiserte valet av gruppeleiar

Kristian Gundersen var kritisk til at tidlegare UiO-rektor Arild Underdal skal leia gruppa som skal sjå på organisasjons- og avgjerdsstruktur. – Eg er ikkje glad for at Arild Underdal skal vera leiar for dette arbeidet. Han er ein av styringsideologane på UiO. Me kan risikera at folk går i fakkeltog i protest, meinte han. Han fekk svar på tiltale frå ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer:

– Eg høyrer kva du seier, Kristian Gundersen, men eg er ikkje sikker på kva du meiner. Mi tolking går ut på at du meiner at den gamle styringsmodellen er i ferd med å bli rasert, og at berre ein liten del av den er igjen no. Eit styringssystem vil alltid vera i utvikling. Klare avgjerder og klar leiarskap står ikkje i motsetning til autonomi. Det vil stimulera autonomien. Sjølv om universiteta og høgskulane er mellom dei vanskelegaste institusjonane å leia, må me ikkje lata vera å diskutera styring og leiarskap av den grunn, slo han fast.

Diskusjonen om styring og leiarskap ved Universitetet i Oslo vil halda fram den 10. mars, då mandatet for den fjerde arbeidsgruppa skal avgjerast.

 

 

    Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Strategisk plan Av Martin Toft
    Publisert 28. jan. 2015 13:07
    Legg til kommentar

    Logg inn for å kommentere

    Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
    Opprett ein WebID-brukar for å kommentere