Streika mot regjeringa

15 000 personar markerte motstanden sin mot regjeringa sine forslag til endringar i Arbeidsmiljølova i ettermiddag. UiO-tilsette drog i samla tropp frå Blindern.

DEMONSTRERTE: Fleire tusen arbeidstakarar la ned arbeidet i to timar i dag for å delta i den politiske streiken.I Oslo samla dei seg framfor Stortinget.

Foto: Ola Sæther

Mange tusen av dei som deltok i den to timar lange politiske streiken i dag, deltok på markeringa på Eidsvolls plass framfor Stortinget. Der høyrde dei på appellar frå LO-leiar Gerd Kristansen (biletet), Unio-leiar Anders Folkestad (biletet) og YS-leiar Jorunn Berland.

 

 

Dei fagorganiserte ved Universitetet i Oslo deltok også etter at både NTL,Forskarforbundet og Parat hadde oppfordra alle medlemane sine til å delta. Berre Akademikarane ved UiO nekta å delta i streiken. Då den politiske streiken tok til kl. 14.00 samla dei seg på Frederikkeplassen og gjekk i samla tropp til Blindern T-banestasjon (biletet under) for å dra vidare til fellesmarkeringa framfor Stortinget.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2015 17:37 - Sist endra 28. jan. 2015 20:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere