Satirebladet Charlie Hebdo er på utstilling i UB

– Om ikkje eit universitetsbibliotek skal forsvara ytringsfridomen, kven skal då gjera det? Difor var det svært viktig å få sett opp ei slik utstilling så raskt etter åtaket på satirebladet Charlie Hebdo, seier José Maria Izquierdo til Uniforum.

CHARLIE HEBDO: – Ved sida av dei utvalde utgåvene av Charlie Hebdo har me også stilt ut karikaturar av den franske teiknaren Honoré Daumier frå 1800-talet, fortel José Maria Izquierdo, som er fagreferent i romanske språk ved UB.

Foto: Ola Sæther

José Maria Izquierdo er førstebibliotekar og fagreferent i romanske språk ved Universitetsbiblioteket og tok initiativet til utstillinga.

Universitetsbiblioteket hadde klar ei utstilling av det franske satirebladet Charlie Hebdo allereie dagen etter attentatet som kravde 12 menneskeliv. Den vil stå ut denne veka.

Ville ha med ulike tema

Då dei plukka ut kva utgåver av Charlie Hebdo som skulle vera med på utstillinga, var det viktig at dei handla om ulike tema.

– Dagens yngste studentar har ikkje opplevd Ayatolla Khomeini og Den islamske revolusjonen i Iran i 1979. Difor tok me til dømes ikkje med karikaturteikningane av han.

– Det me gjorde, var å ta med nummer der magasinet harselerer både med kristendommen, islam og jødedommen. Dessutan gjer det også narr av politikarar og av dronning Elizabeth av Storbritannia, fortel Izquierdo.

For han er det også ein annan klar tanke bak utstillinga.

– Ved sida av dei utvalde utgåvene av CharlieHebdo har me også stilt ut karikaturar av den franske teiknaren Honoré Daumier frå 1800-talet. I desse to døma gjer han først narr av politikarane, og deretter viser han kor langt ytringsfridomen strekkjer seg i Frankrike ved å visa ein som er skulda for noko og som har fått band for munnen.
 

– Han kan altså ikkje bruka ytringsfridomen sin til å forsvara seg. Daumier blei sett i fengsel i seks månader fordi kong Ludvig Filip ikkje likte at han alltid blei teikna med eit pæreforma ansikt. Slik viser me at Charlie Hebdo tilhøyrer ein lang, historisk tradisjon i Frankrike for å hengja ut makta og maktpersonar, understrekar han.

Attentatet mot Charlie Hebdo i Paris:

  • Onsdag 7. januar blei tolv personar drepne i åtaket på redaksjonen til satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris.

 

  • Seinare har det vore fleire terroråtak i Paris, og til saman 17 personar er drepne. I tillegg er dei to brørne som stod bak åtaket på redaksjonen, også døde. Det same er mannen som gjekk til åtak på ein jødisk supermarknad i Paris fredag 9. januar.

 

  • Søndag 11. januar markerte over 3 millionar franskmenn tragedien med å marsjera til forsvar for ytringsfridomen. På Universitetsplassen i Oslo markerte 1000 personar ytringsfridomen gjennom teikningar.

 

  • Onsdag 14. januar kom Charlie Hebdo ut med den første utgåva etter attentatet. Opplaget er på 5 millionar mot normalt 60 000.

 

  • Universitetsbiblioteket i Oslo hadde klar ei utstilling om Charlie Hebdo dagen etter attentatet.

 

– Ei vitamininnsprøyting i eit diktatur

José Maria Izquierdo voks sjølv opp i Francos diktatur i Spania. – I bokhandlane var det på den tida ei hovudavdeling med godkjende bøker og tidsskrifter. Men dei som blei godkjende av bokhandlarane, fekk koma inn i bakrommet, og der kunne me kjøpa eksemplar av mellom andre dei franske satiremagasina Harakiri og Charlie Hebdo.

– I 1971 hadde magasinet også ein karikatur av Spanias diktator Francisco Franco. For oss var det ei vitamininnsprøyting å lesa dessa blada og le av karikaturane medan me levde i eit beinhardt diktatur, minnest José Maria Izquierdo.

 

– Strekkjer grensene for ytringsfridomen

– Kort fortald kan me seia at Charlie Hebdo hengjer ut alt og alle. Makta og maktpersonar, religionar og terroristar. Deira ideologi er å nytta seg av ytringsfridomen og strekkja grensene for ytringsfridomen så langt som mogleg.

– Ein gong var eit nummer også ein satirisk refs av ein av dei teiknarane som blei drepne i det siste attentatet den 7. januar, fordi han var medlem av Det franske kommunistpartiet, seier José Maria Izquierdo.

– Og det siste nummeret av Charlie Hebdo har også fått ein plass i samlingane til UB, seier han.

.

 

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Utstillinger Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2015 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere