Olav Thon gir fem millionar til forskarar frå USA og Israel

Judith Campisi frå USA og Yosef Shiloh deler Olav Thons internasjonale forskingspris på fem millionar kroner. Anders Malthe-Sørenssen (biletet) frå UiO får ein halv million for framifrå undervisning i fysikk.

GLAD: Anders Malthe-Sørenssen er svært glad for å få tildelt pris frå Olav Thon-stiftelsen.

Foto: Ola Sæther

– Eg er kjempeglad og overraska over å få tildelt denne prisen, seier Anders Malthe-Sørenssen til Uniforum. Han får prisen for å ha modernisert fysikkundervisninga ved UiO med grunnlag i forsking.

Han har stått i brodden for å få meir aktive førelesingar ved hjelp av mentometer. Samtidig er Malthe-Sørenssen også engasjert i undervisninga og utdanningane og i å dela denne kunnskapen med andre universitetslærarar både ved UiO og andre utdanningsinstitusjonar i Noreg.

Også forskingsprosjektet ReleKvant, v/Studentaktiv forsking ved Universitetet i Oslo har fått økonomisk støtte frå Olav Thon-stiftelsen.

Dei som står bak prosjektet, førsteamanuensis Ellen Henriksen, universitetslektor Cathrine W. Tellefsen og professor Carl Angel får 870 000 kroner fordelt over to år.

Aldring og DNA

Den internasjonale forskingsprisen på fem millionar kroner er altså den mest prestisjetunge, og den er tildelt Judith Campisi frå Buck Institute for Research on Aging, California, USA og professor Yosef Shiloh, Tel Aviv University, Israel.

Campisi forskar på aldring og stabiliteten til arvematerialet. Ho har studert dei genetiske, miljørelaterte og utviklingsmessige faktorane som gir opphav til aldring og aldersrelaterte sjukdomar. Dessutan har ho kartlagt mekanismar som styrer grunnleggjande aldringsprosessar.

Professor Yosef Shiloh forskar på stoff som skader arvematerialet vårt, altså DNAet.

Han har studert korleis dei skadelege verknadene av desse stoffa kan motverkast og har gitt verda ny innsikt i korleis celler hos pattedyr reagerer på DNA-skader som er blitt påførte på grunn av miljøfaktorar, slik som stråling og kreftframkallande kjemikaliar.

Pioner i medisinundervisninga

Medisinsprofessor Edvin Schei ved Universitetet i Bergen fekk også ein halv million for å ha vore ein pioner i å introdusera praksis og bruk av profesjonen tidleg i medisinstudiet. Han har vore sentral i utviklinga av eit førstesemesterkurs i «Pasientkontakt» og i utviklinga av ei ny mentorordning der yngre studentar gjennom heile studietida får rettleiing av eldre studentar.

- Studerer livet

 

TIL STADES: Olav Thon var til stades under pressekonferansen der UiO-rektor Ole Petter Ottersen kunngjorde namna på prisvinnarane. (Foto: Ola Sæther)

 Olav Thon har sjølv aldri tenkt å studera meir. – Eg studerer livet, men eg blei for alvor interessert i forsking for ti år sidan. Legevitskapen har kome så langt at me kan få skifta ut både hofter og hjarte, men det hjelper ikkje å leva lenger om ikkje hjernen er med. Difor prioriterer eg å gi pengar til forsking på aldring, sa Olav Thon til Uniforum .

– Heile livet har eg vore nyfiken, og det er fint å sjå at den  første utdelinga frå Olav Thon-stiftelsen no er blitt realisert, la han til.

Får også støtte

Fylgjande prosjekt  får også støtte frå Olav Thon-stiftelsen til undervisningsrelatert forsking:

Forskingsprosjektet ”Drug Discovery & Design: samstemt forsking og utdanning i medisinsk kjemi” v/førsteamanuensis Jørn H. Hansen, Universitetet i Tromsø, får ei tildeling på  500 000 kroner.

Forskingsprosjektet «e-ZFbok som nytt undervisningskonsept» v/professor Peter Aleström og professor Charles McLean Press, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Ås, får ei tildeling på 1,5 mill. kr. over tre år.

Forskingsprosjektet «StudForsk: program for studentaktive forskingsprosjekt ved Institutt for matematiske fag», v/professor Aslak B. Buan, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Trondheim, får ei tildeling på 1,5 millionar kroner over tre år.

Prisane blir delte ut i Universitetets aula 5. mars.

Fagrådet for prisane er blitt leidd av UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 15. jan. 2015 12:38 - Sist endra 19. jan. 2015 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere