Danmark-Noreg var først ute med trykkjefridom

– Den dansknorske kongen Christian VII var i 1770 først ute med å innføra full trykkjefridom i Europa, fortel idéhistorikaren Ellen Krefting.

VOLTAIRES FILOSOFI: – Han knytte trusfridom og ytringsfridom saman. Alle hadde rett til å utøva sin religion og rett til å ytra seg, seier idéhistorikar Ellen Krefting ved Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

– Den dansknorske våren for ytringsfridomen var i 1770-72. Då var Christian VII konge (1766-1808), og han fekk naturlegvis æra for denne radikale reforma, fortel førsteamanuensis Ellen Krefting ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) på UiO. Ho har spesialisert seg på idéhistoria til ytringsfridomen i Europa.

Men i realiteten var det ikkje kongen som stod bak denne liberaliseringa.

– Det var kongens livlege Johann Friedrich Struensee som innførte full trykkjefridom i Danmark-Noreg. Etter at han i praksis hadde overtatt både makta og dronninga til den sjuke kongen, skreiv han under ei forordning som gav rom for full trykkjefridom i heile kongeriket. Den franske filosofen Voltaire skreiv ein hyllingstekst til den dansknorske kongen for å ha sett i verk denne reforma, som den aller første i Europa. Men det var altså den tyske livlegen Struensee som eigentleg stod bak, fortel Ellen Krefting.

Avretta for majestetsfornærming

Den dansknorske våren varte fram til Struensee blei avretta i 1772 for majestetsfornærming, men i mellomtida hadde han stramma reforma litt inn.

– Trykkjefridomen blei brukt til å hengja ut folk, injuriera folk, og livlege Struensee blei sjølv hengd ut i teikningar på grunn av forholdet til dronning Caroline Mathilde. Det var grunnen til at det blei forbode med anonyme injuriar, seier Krefting.

Etter hennar meining var det eit svært radikalt grep den tyske livlegen, som kanskje også var ateist , gjorde.

– Det var før Den franske revolusjonen i 1789. Ettersensur av bøker og tidsskrift blei gjenninnført i 1772. Men den upopulære førehandssensuren var borte, slår ho fast. Og ytringsforholda var relativt frie i eineveldet dei siste par tiåra av 1700-talet.

 Ellen Krefting er viss på at dette tøvêret inspirerte dei som skulle skriva den norske grunnlova.

– Den livlege og relativt frie offentlegheita på 1790-talet, var ein viktig bakgrunn for at Eidsvollsmennene ville ha inn paragraf 100 i Grunnlova: «Trykkefrihet skal finne sted». Ein del av dei hadde studert i København og hadde opplevd denne trykkjefridomen, som varte fram til nye, kraftige innskrenkingar i 1799. Og på Eidsvoll viste det seg også at kravet om full trykkjefridom var mellom dei viktigaste forslaga frå bøndene. seier Krefting.

Starta i Athen

Historia til ytringsfridomen begynner likevel eit par tusen år tidlegare. I Athen.

– Den starta først med demokratiet i Aten. Ein viktig komponent i det var å lata borgarane få koma til orde med meiningane sine i folkeforsamlinga. Seinare har ytringsfridomens idéhistorie gått i bylgjer, og aldri i ei rett linje, konstaterer ho.

Dei store problema begynte med boktrykkjarkunsten.

– Då blei det mogleg å masseprodusera meiningar og synspunkt gjennom trykksaker. Både politiske og religiøse styresmakter såg behovet for kontrollera dette. Eit døme på dette er pavens liste over forbodne bøker på 1500-talet.

– Med dei store religiøse konfliktane i Europa etter reformasjonen, blei det viktig å kontrollera både religiøse og politiske ytringar. Det var bakteppet for Voltaires tekst «Traktat om toleransen» frå 1763, som gjekk til åtak på alle former for fanatisme, men som òg kritiserte dei franske styresmaktene si forfylging av hugenottane, som var namnet på dei franske protestantane, fortel ho.

– Han knytte trusfridom og ytringsfridom saman. Alle hadde rett til å utøva sin religion og rett til å ytra seg.

Voltaire har også fått æra for det mest berømte sitatet om ytringsfridom: «Eg er heilt usamd med deg i det du seier, men eg vil gå i døden for at du skal få lov til å seia det». Ellen Krefting har ikkje funne prov på at det er rett.

– Han kunne nok sagt det, men det er ikkje stadfesta at det var Voltaire som sa det.

John Milton var pioneren

Ellen Krefting vil heller trekkja fram ein annan person som pionér for ytringsfridomen i Europa.

– Den første ordentlege, prinsipielle grunngjevinga for ytringsfridom stod poeten John Milton i Storbritannia bak i den polemiske traktaten «Areopagitica: A speech of Mr. John Milton for the liberty of unlicensed printing to the Parliament of England (1644)». Det er eit av dei klaraste forsvar for trykkjefridom som nokon gong er skrive. England blei også eit føregangsland for gode ytringsvilkår.

Danmark-Noreg fekk einevelde i 1660, og med det ei streng sensurlovgjeving.

– Men mykje kom likevel på trykk utover 1700-talet. Lover og praktiseringa av dei har alltid vore forskjellig. Det var streng sensur, men skribentane fann omvegar.

Ludvig Holbergs stykke «Niels Klims forunderlige reise» blei gitt ut på latin i Leipzig fordi kongen ikkje tillét at det blei publisert i Danmark-Noreg. Teksten skjulte ein politisk kritikk. Samtidig fungerte Ludvig Holberg som sensor for andre skribentar, peikar Krefting på.

Kongens sensorar måtte gå gjennom alle tekstar for å sjekka at dei ikkje handla om religion og politikk.

– Rundt 1740 tykte kongen at Danmark-Noreg låg langt etter resten av Europa i økonomisk og intellektuell utvikling. Difor starta kongen tidsskriftet «Danmark og Norges oekonomiske magasin». Han bad folk om å senda inn synspunkt på både praktiske og nyttige ting.  Det kom inn mange artiklar frå heile kongeriket. Om lag på same tid blei det også publisert tidsskrift som diskuterte moralske og sosiale tema. «En pokkers skrivesyge» var det fleire i samtida som kalla denne vesle medierevolusjonen, mellom andre Holberg.

Det opinionsstyrte eineveldet

Denne avgrensa ytringsfridomen fekk ei eiga grunngjeving under eineveldet.

– Historikaren Jens Arup Seip kalla det teorien om det opinionsstyrte eineveldet. Ideologien byggjer kort sagt på tesen om at det er nyttig for kongen å vita kva som rører seg i kongeriket. Nytte er framleis viktig når me i Noreg også i dag grunngjev ytringsfridomen utifrå «Sandhedssøgen, Demokrati og Individets frie Meningsdannelse», slik det står i Grunnlovas paragraf 100. I Frankrike handlar det om individets rett, konstaterer ho.

– Sekularismen er eit viktig prinsipp i Frankrike. Det offentlege rom skal vera fritt for religion og religiøse symbol. Når det gjeld andre ytringar finst det få grenser. Difor er det god plass til satiremagasinet Charlie Hebdo. Ingen skal kunna gå til åtak på ytringsfridomen, sjølv om noko er krenkjande for små grupper. Sekularismen er ei politisk ordning for at ulike grupper skal kunna leva saman. Ingen religiøs gruppe skal kunna setja grenser for andre, understrekar ho.

Noreg har ikkje denne sekulære tradisjonen.

 – Til for kort tid sidan stod det jo i Grunnlovas paragraf 1: «Den evangelisk-lutherske religion forbliver statens religion», viser Ellen Krefting til.

– Individet skal vita kvar grensa går

– Ytringsfridomen er knesett som prinsipp også i Noreg, men har ikkje hatt så høg status som i Frankrike. Der har dei halde slagordet om fridom, likskap og brorskap levande sidan Den franske revolusjonen i 1789 og gjennom ein lang, revolusjonær tradisjon. I Noreg snakkar me også om menneskerettane, men det offisielle argumentet for ytringsfridom er at det er nyttig for samfunnet. Det gjer nok rommet for forhandlingar om ytringsfridomens grenser større, trur ho.

Blasfemi- og ærekrenkingsparagrafen er likevel på veg ut av norsk straffelov, og då finst det få ytringsforbod igjen i Noreg.

– Ytringsfridom kan aldri vera absolutt, og forbod mot rasistiske og hatefulle ytringar og oppfordringar til vald, er viktige.

– Eit paradoks

Den 7. januar mista 12 personar livet etter attentatet mot satirebladet Charles Hebdo i Paris etter at det hadde publisert karikaturar av mellom andre islams største profet Muhammed.

Den første sundagen etter attentatet marsjerte tre millionar franskmenn i gatene for å protestera mot drapa og forsvara ytringsfridomen.

– Det synest eg var fantastisk flott, men det var eit paradoks å sjå den franske regjeringa side om side med statsleiarane frå mange diktatur, men utan at Nasjonal Front vart invitert til demonstrasjonen, synest Ellen Krefting.

 

 

Emneord: Menneskerettar, Filosofi, Idehistorie Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2015 16:01 - Sist endra 21. jan. 2015 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere