Ber UiO-tilsette om å delta i politisk streik

Forskarforbundet, NTL og Parat oppfordrar alle medlemane sine på UiO om å bli med på den politiske streiken onsdag mot regjeringa sine forslag til endringar i Arbeidsmiljølova. Akademikarane støttar ikkje aksjonen.

POLITISK STREIK: Dei tillitsvalde i NTL, Forskarforbundet og Parat oppmodar medlemane sine på UiO til å delta i den politiske streiken mot endringane i Arbeidsmiljølova 28. januar. Frå venstre Andreas Christensen, Kristian Mollestad og Gun Hafsaas frå Forskarforbundet og Natalia Zubillaga og Ellen Dalen frå NTL. Parat-leiar Asle Fredriksen hadde ikkje høve til å vera med på biletet.

Foto: Ola Sæther

Rett før jul varsla arbeidsminister Robert Eriksson at han ville foreslå store endringar i Arbeidsmiljølova. Det skulle bli lettare å tilsetja folk i mellombelse stillingar, og det skulle bli enklare å påleggja tilsette overtid. Han ynskte også å gjera det meir fleksibelt å få folk til å arbeida i helgane. Hovudargumentet hans for å innføra desse endringane, er at det skal bli langt mindre komplisert enn i dag å gi folk jobb.

Forslaga hans har ikkje vekt stor jubel hos fagrørsla. Tvert imot har dei fått varselklokkene til å ringja, og både LO, Unio og YS oppfordrar alle medlemane sine til å gå til ein to timar lang streik førstkomande onsdag mot dei foreslåtte endringane i Arbeidsmiljølova.

På UiO vil det seia at Norsk Tenestemannslag, Forskarforbundet og Parat mobiliserer og ber så mange som kan om å delta på markeringa på Eidsvolls plass framfor Stortinget onsdag 28. januar kl. 14.00. Akademikarane ber sine medlemar om ikkje å støtta aksjonen.

– Ikkje rør Arbeidsmiljølova

NTL-leiar Ellen Dalen omtalar den politiske streiken som ei historisk mobilisering.

– Det er svært viktig at alle støttar opp om aksjonen og viser regjeringa at dei ikkje vil at den skal røra Arbeidsmiljølova, seier Dalen. Hovudstillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet er heilt einig.

– Sjølv om det er Tenestemannslova som gjeld på universitet og høgskular, vil dette også få konsekvensar for våre medlemar. Heilt sidan 2007 har me kjempa mot mellombelse tilsetjingar i akademia. Med forslaget frå regjeringa om å gjera det endå lettare å tilsetja folk i mellombelse stillingar, kan det arbeidet me har gjort, bli sett mange steg tilbake, fryktar han.

Parat-leiar Asle Fredriksen hadde ikkje høve til å delta på fellesintervjuet med Uniforum, men også Parat-medlemane blir bedne om å delta i den politiske streiken.

NTL-leiar Ellen Dalen har ingen sans for argumentasjonen frå arbeidsminister Robert Eriksson om kvifor det er så viktig å endra Arbeidsmiljølova.

– Regjeringa påstår at arbeidstakarane skal få det mykje betre ved å ta ifrå dei rettar som dei har i dag. Og at det også gjeld tilsette i universitets- og høgskulesektoren, viser også det siste utspelet til Torbjørn Røe Isaksen. Han vil nemleg kutta ut fortrinnsretten som vitskaplege tilsette på eksterne midlar har til fast stilling ved eigen institusjon. Han trur visst at det skal gi fleire stillingar i akademia, seier ho.

Kan få fylgjer for Tenestemannslova

Etter Kristian Mollestads oppfatning er det mange ting som tyder på at Tenestemannslova også står for fall, dersom fagforeiningane og medlemane deira ikkje klarer å hindra at dei føreslåtte endringane i Arbeidsmiljølova blir vedtatt.

– Kommunalminister Jan Tore Sanner uttrykte på ein konferanse i førre veke sterk vilje til å gjera noko med innhaldet i Tenestemannslova også, slår han fast.

Både Kristian Mollestad og Ellen Dalen synest det er svært viktig at alle dei tre fagforeiningane på UiO, saman med sine respektive moderorganisasjonar står saman om den politiske streiken.

– Arbeidsmiljølova er arbeidslivets grunnlov. Det går ikkje an å røra den utan at fagforeiningane først blir tatt med på råd. Det har skjedd i dette tilfellet, i motsetning til det som har vore vanleg prosedyre tidlegare, understrekar dei to.

Vil ikkje skapa fleire arbeidsplassar

Dei blæs av argumentet om at endringane i Arbeidsmiljølova vil gjera det lettare å skapa nye arbeidsplassar.

– Det er heilt feil. Røynslene frå Sverige viser at endringar i lovverket som har gjort det enklare å tilsetja folk i mellombelse stillingar, ikkje gir fleire faste tilsettingar, konstaterer Dalen og Mollestad.

Både den statlege arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter og Arbeidstilsynet er einige med ei nesten samla fagrørsle. Det viser at angrepa ikkje handlar om å finna gode løysingar, men om at høgresida har ein ideologi som tilseier svekka vern av  arbeidstakarane, meiner Ellen Dalen.

Spår tøffare arbeidsliv

Nestleiar Natalia Zubillaga i NTL fryktar konsekvensane om forslaga blir vedtekne.

– Det vil opna opp for meir overtid og meir sundagsarbeid. Kort sagt blir det eit tøffare og hardare arbeidsliv. Mellombels tilsetjing er ikkje berre eit problem for kvar enkelt arbeidstakar, men også for bedrifta som treng tilsette som føler at dei høyrer til, tar ansvar, utviklar kompetansen og sikrar kontinuitet. Og ikkje minst er forskingsfridomen avhengig av trygge forskarar. Med forslaga frå regjeringa blir det samla resultatet at arbeidsgjevar får meir kontroll over arbeidstakarane, konkluderer ho med.

 

– Det er fullt mogleg å stansa desse forslaga på same måten som det var råd å stoppa framlegget t om utvida reservasjonsrett for legar, trur dei to fagforeiningsleiarane.

Alle dei som deltar i den politiske streiken onsdag 28. januar frå kl. 14.00 til 16.00 må gi beskjed til arbeidsgjevaren sin. Dei får ikkje fråvær, men får trekt 1 time og 45 minutt frå lønna.

– Me ber så mange som mogleg om å møta opp på Frederikkeplassen kl. 14.00, og så kan me gå i samla flokk til Blindern T-banestasjon før me går til den store fellesmarkeringa på Eidsvolls plass framfor Stortinget, opplyser Ellen Dalen og Kristian Mollestad.

All kollektivtrafikk både i Oslo og i resten av landet vil stå stille mellom kl. 15.00 og 16.00 den dagen.

Akademikarane held seg borte

Hovudtillitsvald Christer Wiik Aram i Akademikarane ber altså medlemane sine om å halda seg på jobb under den politiske streiken onsdag 28. januar.

– Akademikarane har fått gjennomslag for nokre av sakene våre og har derfor valt å halda fram med dialog i staden for konflikt i denne saka. Eg synest det er ei konstruktiv tilnærming for å forsøka å løysa viktige spørsmål om arbeidstakarane sine rettar. Eg meiner lovgjevarane ikkje bør vedta regjeringa sitt forslag, dersom dei ikkje samtidig gjer noko for å redusera den langvarige «midlertidigheten», som er eit stort problem i offentleg sektor spesielt og nesten er blitt eit varemerke i universitets- og høgskulesektoren, seier Christer Wiik Aram i ein kommentar til Uniforum.

 

 

 

Emneord: Arbeidsfohold, Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2015 15:36 - Sist endra 26. jan. 2015 16:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere