Avretta for å protestera mot nazifiseringa av teatra

– Teatersjef Henry Gleditsch ved Trøndelag Teater ofra livet for eit fritt teater, seier Sigurd Birkelund. Han har skrive masteroppgåve om norsk teater under okkupasjonen.

ARBEIDSSTOVA: Her heime i si eige stove skreiv 84 år gamle Sigurd Birkelund ferdig masteravhandlinga si om teaterliv under okkupasjonen.

Foto: Ola Sæther

– Teatersjef Henry Gleditsch blei avretta på grunn av motstanden sin mot forsøka på å nazifisera teatra. Difor er han den store helten til norsk teater under krigen, seier Sigurd Birkelund. 84-åringen har nettopp skrive ei masteravhandling på Universitetet i Oslo om Nasjonal Samling og teaterlivet under okkupasjonen.

Protesterte mot overvaking av teatret

– Det var truleg det store kontrollbehovet til den tyske okkupasjonsmakta og Nasjonal Samling som fekk teatersjef Henry Gleditsch til å protestera. I mai 1941 truga han med seia opp jobben som teatersjef på grunn av innføringa av ei ny teaterforordning, fortel Sigurd Birkelund.

To månader tidlegare hadde Kultur- og folkeopplysningsforbundet sett inn ein representant for Nasjonal Samling til å overvaka innhaldet i alle teaterstykke og andre framsyningar på Trøndelag Teater. Seinare blei denne forordninga endra, og Gleditsch sa ja til å halda fram. Han måtte likevel godta eit avsnitt om at «teatret har ansvar for at det ikkje fremføres stykker av jøder, emigranter eller forfattere frå land som er i krig med Tyskland».

– Eg har lurt på kvifor han ikkje blei ståande på sitt opphavlege standpunkt om at «nok er nok». Han må truleg ha meint at teatret likevel hadde ei meiningsfull oppgåve, slik situasjonen var, meiner Sigurd Birkelund.

Blei avretta

Då rikskommissær Josef Terboven hadde hissa seg opp over motstanden blant «jøssingane» nord for Trondheim, innførte han 6. oktober 1942 sivil unntakstilstand i Nord-Trøndelag, Trondheim og nokre kommunar i Sør-Trøndelag og Grane kommune i Nordland.

– Fleire motstandsmenn blei dømde til døden. I tillegg til dei dødsdømde vart ti framståande borgarar avretta utan lov og dom, mellom dei var teatersjef Henry Gleditsch, fortel Sigurd Birkelund.

I masteravhandlinga hans går det fram at grunnen til at Gleditsch var mellom dei som blei avretta var mellom anna engasjementet hans i Mandagsklubben som var tidleg ute med former for sivilt motstandsarbeid. Sommarrevyen i 1940 hadde også «med til dels dagsaktuelle og sterkt patriotiske innslag og brennbart stoff med adresse til «herrefolket»

Sigurd Birkelund meiner sjølv at det er heilt klart at det var fylkesføraren for Nasjonal Samling i Sør-Trøndelag, Rogstad som hadde ansvaret for at Henry Gleditsch var mellom dei «frå jøssingintelligentsiaen» som blei avretta.

– Eit sjokk

– Etter planen skulle Henry Gleditsch ha spelt rolla som doktor Relling i Ibsens «Vildanden» under premieren den 6. oktober 1942. Etter avrettinga av teatersjefen blei premieren utsett til 20. oktober. Ved siste teppefall reiste publikum seg spontant og sto med seinka hovud i fleire minutt. Mange av dei som kom, var syrgjekledde. Det som skjedde i Trøndelag desse dagane, ga folket eit sjokk, seier Sigurd Birkelund, og viser til augevitneskildringa til Victor Huseby, som var økonomisjef ved teatret.

Sigurd Birkelund synest dei norske teatra kan vera stolte over dei haldningane dei viste under okkupasjonen.

– Sjefen for Det Norske Teatret, Knut Hergel rømde til Sverige, etter å ha kome med ein lovtale over den avretta vennen Henry Gleditsch. Han blei erstatta av NS-dama Cally Monrad, som var utan teaterfagleg autoritet. Publikum svikta, og ho fekk til slutt medhald i førespurnaden om å avlysa framsyningane om det kom færre enn ti personar, seier han.

I avhandlinga går det fram at Nationaltheatret tidlegare hadde fått ein nazistisk teatersjef, men etter kvart svikta publikum også det teatret. Den Nationale Scene i Bergen fekk vera i fred for pågåande nazifiseringsframstøytar, og hevda til ein viss grad ei sjølvstendig linje.

– Eg trur det kan ha samanheng med at dei tyske styresmaktene i byen ville ha best mogleg ro omkring teatret. Det som alle teatra skal ha stor ære for, er at dei alltid takka nei til teaterturar til Tyskland. Desse turane skulle visa at nordmenn og tyskarar var venner og vel forlikte, forklarar han.

 Representantar for både fagrørsla og politiet drog på slike turar. Skodespelarane nekta også å stilla opp i program i NRK, som blei rekna som ein naziinstitusjon.

– Historie har alltid vore min lidenskap

Sjølv er 84-åringen ein av dei få masterstudentane som sjølv har opplevd krigen.

– I familien min frå Sævareid i Fusa i Hordaland har me alltid diskutert Den andre verdskrigen. Og det var truleg difor eg drøymde om å bli historikar. Historie har vore ein lidenskap hos meg heile livet, fortel han. Likevel enda han opp med ein juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1956.

Draumen om å bli historikar gav eg opp då eg oppdaga at eg måtte studera latin i eitt år, før eg kunne ta til med historiestudia. Det hadde eg verken lyst eller tid til. Og difor blei eg jusstudent.

Etter at han hadde avslutta jusstudiet, fekk han jobb i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, der han mellom anna deltok i arbeidet med utbygging av distriktshøgskular. Der jobba han under både Helge Sivertsen og Kjell Bondevik. Yrkeskarrieren avslutta han som leiar for Trygderetten.

– Som pensjonist ynskte eg å realisera draumen om å bli historikar.

Sigurd Birkelund brukte litt lengre tid enn planen eigentleg var. Han måtte ta seg av den pleietrengjande kona si som låg på sjukeheim i heimkommunen Oppegård. Ei stund etter at ho døydde, heldt han fram med arbeidet med masteravhandlinga. Han er godt nøgd med studiemiljøet på Blindern.

Det var fint, og dei andre studentane tok seg godt av meg. Dei siste åra jobba eg mest med skrivinga, og då heldt eg meg stort sett heime. Alderdommen er den perioden i livet då det er størst skilnad på folk. Nokre fungerer bra, medan andre er sjuke.

Sigurd Birkelund tykkjer likevel det til tider var ganske stridt å vera masterstudent.

– Eg synest det var spennande å lesa om okkupasjonshistoria til dei norske teatra, men det var ganske hardt å skriva inn avhandlinga på PC. Det var det eg hadde størst problem med, men heldigvis fekk eg god hjelp av ein datakyndig, ung venn.

– Korleis er du nøgd med arbeidet?

– Om eg sjølv hadde vore sensor for mi eiga oppgåve, ville eg ha gitt den akkurat godkjent. Eg treng ikkje nokon glimrande karakter, for eg har ikkje planar om å søkja nye jobbar, smiler han.

– Men du vil ikkje gi avhandlinga ut i bokform?

– Nei, men eg kan tenkja meg å skriva artiklar og halda foredrag på grunnlag av funna i oppgåva mi. Då vil eg også nytta høvet til å fortelja om andre delar av motstandsarbeidet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Historie, Studentforhold, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2015 10:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere